Vil legge ned Taf utdanninga
MOBILISERER: Arnfinn Ingjerd (t.v.) i Martitimt Forum Nordvest og Henrik Dalelid Vedde i Haram Nærings- og innovasjonsforum mobiliserer for å redde utdanninga som gir elevane både fagbrev og studiekompetanse.
Nytt

Vil legge ned Taf-utdanninga

Møre og Romsdal Fylke skal spare 15,8 millionar kroner i året på å legge ned den fireårige utdanninga som gir elevane både fagbrev og studiekompetanse. Møter kraftige næringslivsprotestar.

05.11.2019
- Dette er sjølv kronjuvelen i samarbeidet næringsliv/skule seier dagleg leiar Henrik Dalelid Vedde i Haram nærings og innovasjonsforum (HNI) og Taf-utdfanninga.
Saman med Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest mobiliserer han no for å hindre at den fireårige utdanninga som kombinerer fagbrev og studiekompetanse (Taf) blir nedlagt.
Under Haramskonferansen i februar i år fekk Haram Vidaregåande skule ros av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen for det tette samarbeidet med næringslivet, og Dalelid Vedde seier ros av Taf-tilbodet er en gjengangar hos bedriftene han snakkar med.

Arnfinn Ingjerd trur næringslivet nok ein gang vil lukkast med å hindre at Taf-utdanninga blir lagt ned.
- Det er forsøkt frå administrasjonen si side før, men heldigvis har fylkespolitikarane endra fylkespolitikarane administrasjonen si innstilling, seier Ingjerd.

196 elevar

I dag har Møre og Romsdal 196 elevar i Taf-utdanning. Dei er fordelt på fire klassetrinn på fem skular; Kristiansund, Fræna, Haram, Ålesund og Ulstein.
Alle desse utdanningane er foreslått nedlagt, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken til NETT NO.
Blir framlegget vedtatt blir det ikkje tatt inn nye elevar frå komande skuleår, medan dei som er inne i programmet får fullført si utdanning. I 2023 vil kostnadskuttet ha fått full effekt, og sparer fylkeskommunen for 15,8 millionar kroner i året.
Meldinga til Brekken er at hans etat skal kutte kostnadane med 100 millionar kroner på årsbasis og nedlegging av Taf-tilbodet er det nest største einskildkuttet han foreslår. Berre redusert elevtal i musikk-, dans- og dramautdanninga gir større effekt, 18 millionar kroner på årsbasis.

Råkar få

Dilemmaet er å velge mellom kutt i dyre utdanningar for få og gode tilbod til mange, seier Brekken.
Taf-elevane er få, som uansett går vidare til studiar, og ikkje brukar fagbrevet sitt. Det er ein grunn for å ikkje prioritere Taf-utdanninga. Dessutan er tilbodet betra på anna vis til elevar som går yrkesutdanning, men som også ønskjer få studiekompetanse. Ei nedlegging av Taf-utdanningan vil og frigjere læreplassar for elevar som tek yrkesutdanning, i følgje Brekken.

Publisert: 05.11.2019 14:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43