Rimfrost krill
KRILL: Skroget til Rimfrost sitt milliardskip på sjøen utanfor Tersan-verftet i Tyrkia. I løpet av våren skal skroget slepast til Westcon i Florø. Foto: Rimfrost
Nytt

- Vil revolusjonere krillfisket

Sjå video frå sjøsetjinga av Rimfrost sitt nye krillskip.

23.11.2021

Rimfrost sitt 120 meter lange krillskip vart sjøsett frå Tersan-verftet i tyrkiske Yalova måndag.

Sjå video under

Grønt fartøy
Skipet skal slepast til Westcon sitt verft i Florø og ferdigstillast der.

NETT NO får opplyst at slepet skal ta til i løpet av våren, og skipet skal vere endeleg ferdig seint i haust.

Kongsberg Maritime står bak designet, og reiar Stig Remøy viser i ei pressemelding at det vert eit grønt fartøy som oppfyller krava om lave utslepp og berekraftig energibruk.

- Vi er spesielt glade for at vi no får på plass eit fartøy som vi trur vil revolusjonere krillfisket i Antarktis, seier Remøy i ei pressemelding.

Stig Remøy og Thore Veddegjerde 002
TERSAN: Reiar Stig Remøy og prosjektleiar Thore Veddegjerde i Rimfrost. Foto: Rimfrost

Mykje norsk
Skipet kostar over ein milliard kroner og er ei storsatsing frå Rimfrost si side, som også gir store ringvirkningar for andre selskap på Sunnmøre. Blant anna skal det leverast utstyr og gjerast oppdrag for rundt ein halv milliard kroner frå selskap på Sunnmøre og i resten av Norge.

Krillskipet skal etter planen kome i fiske til neste haust i Antarktis.

Rimfrost har opsjon på endå eit krillfartøy.

Publisert: 23.11.2021 12:34

Sist oppdatert: 26.11.2021 10:49

Mer om