Djupvass
GEIRANGER: Tradisjonsrike Djupvasshytta er lagt ut for sal. Foto: Privatmegleren Ålesund
Nytt

Vil selje Djupvasshytta

Familien Møll vil selje etter å ha eigd Djupvasshytta sidan 1966.

25.05.2023

Privatmegleren i Ålesund har fått oppdraget med å selje Djupvasshytta i Geiranger.

Det er Idar og Berit Møll som sel, andre generasjon av Møll-familien som har eigd Djupvasshytta dei siste 57 åra.

Djupvasshytta ligg 1030 meter over havet, og ligg ved det høgaste punktet langs Geirangervegen som binder Geiranger, Stryn og Grotli/ Skjåk saman og er del av nasjonal turistveg Geiranger-Norddal- Trollstigen-Rauma.

Privatmegleren viser til at det er fredningsvedtak og sterke avgrensingar for ny busetnad i området, noko som vert vurdert som eit verdifullt gode for å bevare det unike ved området. Det er uttalt fra vernemyndigheiter at vernestatus ikkje skal vere til hinder for vidareutvikling av eksisterande bedrift, og dagens eigarar har også fått arkitektteikna eit nybygg til eksisterande bygg.

Tap under pandemien
Siste rekneskapstala for Djupvasshytta viser at drifta har gått med tap under pandemiåra, I 2021 var inntektene på 1,5 millionar kroner, og resultatet før skatt minus 1,2 millionar. I perioden 2013 til 2018 gjekk derimot drifta i pluss, og i 2019 var omsetninga på 5,6 millionar kroner.

I 2011 blei hotellrom i den nyare delen av Djupvasshytta renoverte, og disse har fullt belegg gjennom sesongen, som startar no.

- Vi forventar å ha seld hotellet i løpet av sommersesongen, opplyser eigedomsmeklar Hanne Vadset Knotten.

Publisert: 25.05.2023 11:14

Sist oppdatert: 25.05.2023 11:14