EOES avtalen betyr aa vere eller ikkje vere
SKAL SLUTTE: Sindre Finnes under eit besøk hos Ålesund-bedrifta Polyform for nokre år sidan. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Vil selje seg gradvis heilt ut av aksjar

Sindre Finnes med ny stor handel førre veke. Men snart er det slutt lovar han.

21.11.2023

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Høgre-leiar Erna Solbergs ektemann, Sindre Finnes, lovar å selje alle sine børsnoterte enkeltaksjar gradvis framover, og seinast innan 31. desember 2024.

Han varslar også at han sluttar å kjøpe enkeltaksjar og finansielle instrument no.

– Dette gjer eg ikkje med lett hjarte, då aksjehandel har vore ein hobby for meg i mange år. Eg meiner det er viktig at så mange som mogleg bidreg til økonomien gjennom å investere i norske arbeidsplassar og norsk næringsliv, samtidig som ein sparer til seg og familien, skriv Finnes i ein skriftleg uttale.

Ny stor handel førre veke
Uttalen kjem etter at Dagens Næringsliv stilte spørsmål om to store aksjekjøp han gjorde førre veke – berre dagar etter at Erna Solberg erklærte at ho vil halde fram som partileiar og Høgres statsministerkandidat.

Ifølgje avisa kjøpte Sindre Finnes aksjar for 450.000 kroner.

Den slags blir det no slutt på, lovar han.

– Eg sluttar no, og vil avstå frå det så lenge Erna er ein leiande rikspolitikar. Framover vil eg gradvis selje alle mine børsnoterte enkeltaksjar, og seinast innan 31. desember 2024, i god tid før neste stortingsval, vil eg ikkje eige nokon børsnoterte enkeltaksjar eller finansielle instrument, skriv han.

– Vil rydde opp
Løftet kjem etter fleire månader med avsløringar om korleis Finnes storhandla med aksjar medan kona var statsminister i perioden 2013 -2021. Handelen gjorde Erna Solberg inhabil, og ho har fått kraftig kritikk.

Førre veke gjorde Solberg det klart at ho held fram som Høgre-leiar og statsministerkandidat i stortingsvalet 2025.

Finnes seier at han har lært mykje av det som har skjedd.

– Eg ønskjer no berre å bidra til å rydde opp. Når alt kjem til alt, meiner eg det viktigaste er at Erna blir statsminister igjen i 2025, og eg kan drive med andre hobbyar enn aksjar, seier han.

Har selt ein del aksjar i 2023
Finnes fortel også at han har selt ein del aksjar i 2023 for å kunne betale ned på lån, betale skatt og for å betale for den juridiske hjelpa han har fått dei siste vekene.

Økokrim har gjort undersøkingar i saka, men konkludert med at dei ikkje kjem til å innleie etterforsking mot verken Sindre Finnes eller Erna Solberg.

Dei har ikkje funne indikasjonar på at det har skjedd noko lovstriding.

Solberg: Glad for avklaringa
Erna Solberg er tysdag på reise i Polen med Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Ho seier til Dagens Næringsliv at ho er glad for denne siste avklaringa frå ektemannen sin, og at det sjølvsagt skjer i samråd med henne.

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité jobbar for tida vidare med behandlinga si av Erna Solbergs habilitetssak og dei andre habilitetssakene i regjeringsapparatet.

Komiteen ventar mellom anna på ei vurdering frå eit juridisk ekspertutval før dei gir innstillinga si. Målet er å ha ei innstilling klar før jul, men det kan også bli utsett til nyåret.

Publisert: 21.11.2023 14:12

Sist oppdatert: 21.11.2023 14:12

Mer om