Jonas gahr støre besøk spilka foto marius 11
SKJERPA SKATTAR: Statsminister Jonas Gahr Støre har auka skattetrykket for norske bedriftseigarar - mellom anna gjennom formuesskatten. Bedriftseigar Lars Oscar Fossen Øvstegård vurderer å saksøke den norske staten for forskjellsbehandling. Foto: Marius Rosbach
Synspunkt

Formuesskatt på arbeidande kapital må fjernast

Bedriftseigar Lars Oscar Fossen Øvstegård trur staten kan få problem i ei rettssak om formuesskatten. I dette innlegget forklarar han kvifor.

Eg heiter Lars Oscar Fossen Øvstegård og driv med utleige av næringseigedom og er ein typisk representant for norsk næringsliv. Selskapet eg eig, O Øvstegård AS, har ei omsetjing på 7 millionar og er arbeidsplass for fire personar i Ørsta.

Medan eg for sju-åtte år sidan knapt nok betalte formuesskatt, er kravet i 2022 kr 300.000 og skriv seg heilt ut frå skatt på arbeidande kapital.

Eg eig Strømpeneset og der er leigetakarane mellom anna Vik Ørsta og Mowi. Og skattegrunnlaget på dette eine bygget har auka frå 15 millionar i 2011 til 51 millionar i 2021.

Denne voldsomme auken i grunnlag for formuesskatten er noko som lett blir gløymt når ein snakkar om satsen på formuesskatt. Det hjelpte i alle fall meg lite at satsen i nokre år under den førre regjeringa blei sett ned frå 1,1 til 0,85 når grunnlaget samstundes auka slik som i dette tilfellet.

Diskriminering basert på bustadsadresse
Og kva er så grunnen til at vi i og næringslivet er så opptekne av at formuesskatt på arbeidande kapital må fjernast? Jau, det er fordi det er urimeleg at norske aksjonærar må betale ein ekstra skatt, berre fordi dei er norske. Kvifor i alle dagar skal vi ha eit regelverk som utelukkande rammar norske, og ikkje utanlandske eigarar av bedrifter?

Denne forma for diskriminering er berre heilt uforståeleg. Og ekstra urimeleg er det at dei ivrigaste tilhengarane av formuesskatt også talar varmt for å bygge ned forskjellane i samfunnet. Og det er noko vi alle kan vere einige om; låge skilnader er ein av kvalitetane i det norske velferdssamfunnet.

Men som det einaste landet i verda har altså Noreg valt å systematisk gjere det meir lønsamt å vere utlending enn norsk når ein skal drive verksemd i Noreg. Det er barnelærdom å få høyre at ein skal behandle alle rettferdig. Likefullt tordnar partitoppar og leiande fagforeiningspersonar over at milliardærane som flyttar til Sveits bryt samfunnskontrakten. Dette er å setje ting på hovudet og det er feil. Det er Stortinget som bryt samfunnskontrakten med borgarane sine, når alle som har postadresse i Noreg blir skattlagt hardare enn utlendingane.

Vi har mange som framsnakkar distrikta og ønskjer at næringslivet i distrikta skal blomstre. Det er også eg for, men når vi då veit kor viktig norsk eigarskap er for Noreg og lokalsamfunna, så burde alle på Stortinget vere einige om at skattefavoriseringa av utlendingar må stanse. Eg veit ikkje kva SV, LO og andre meiner, men eg er i alle fall sikker på at ordninga med skattediskriminering ikkje vil gagne framtidas velferd slik at vi får inn meir pengar til eldreomsorg, dei svake i samfunnet, skule mv. Derimot trur eg at vilkår som er like gode for nordmenn som for utlendingar er nødvendig for den framtidige velferda vår.

Så har vi leiaren i SV som ber Kjell Inge Røkke ryke og reise, sjølv om han allereie hadde reist. Og følgjer opp med at vi ikkje skal bry oss om slike «skatteflyktningar» som bryt samfunnskontrakten. Og når Knut Flakk på Debatten presenterer realitetane som formuesskatt på arbeidande kapital påfører selskapet han eig, ja då går Kaski og Bergstø ut og kritiserer NRK for å la Flakk få presentere uærlege reknestykke. Sjølv om Flakk ikkje har problem med å presentere realitetane formuesskatten påfører Flakk-familien, held partitoppane i SV fram med å feilinformere i media. Det er mange grunnar til å flytte ut av landet, men eit debattklima der ein blir uthengt som løgnar er vel nesten nok i seg sjølv til at ein pakkar og reiser.

Politikarane argumenterer for at den samla skatten på kapital i Noreg er låg samanlikna med andre land. Men det er fordi Noreg har låg skatt på privatbustadar og fritidseigedomar og inga arveavgift. Så det meste av skatt på formue blir teke inn frå private eigarar av bedrifter, ein skatt nesten alle andre land i verda har fjerna. Så for å auke presisjonsnivået i debatten om rammevilkår for norskeigde bedrifter, bør politikarane halde seg til å diskutere formuesskatten berre på arbeidande kapital – og ikkje sause det saman med arveskatt og eigedomsskatt.

Ikkje det same som å ha pengar i banken
Partia på Stortinget som framsnakkar formuesskatten seier at dette er berre syting og klaging. Slik som overfor ein kvar skatt. Men det er ikkje sant. Formuesskatten er spesielt urimeleg i si innretning og oppbygging.

For kva er det som skjer når ein skal gjere opp rekninga frå Staten? Jau, bedriftseigaren må gjere slik som alle andre for å dekke rekninga på formuesskatt: Ta ut pengane frå bedrifta si. Men problemet er jo openbart. Du kan ikkje betale rekningar med fast eigedom. Det er ikkje det same som å ha pengane i banken.

Så for mange tårnar problema seg opp allereie der.

Ofte høyrer eg frå politikarar at løysinga for oss næringsdrivande er å berre selje unna noko for å betale formuesskatten. Her viser politikarane kor langt dei er frå verkelegheita. For kor lett er det å selje ein bit av eit bygg? Spørsmålet er sett på hovudet; for skal det verkeleg vere nødvendig å måtte selje fundamentet for den inntektsskapande verksemda for å betale formuesskatten? Svaret er vel openbart nei.

Det å eige aksjar er ikkje det same som å ha pengar på ein bankkonto eller aksjar på Oslo Børs. For dei aller fleste næringsdrivande er formue bunden opp i stål, betong, maskiner og utstyr og det er ikkje enkelt å gjere dette om til kontantar når formuesskatten skal betalast.

Ei stor formue er ikkje einsbetydande med at ein sit på ein stor bankkonto. Oftast er formuesverdiane bygd opp gjennom fleire år og ofte ligg dei i fast eigedom. Og verdiane på eigedomane føreset at desse er råd å omsetje. Dette er ofte ikkje tilfelle i distriktet. Dersom verksemda på eigedomen stansar, så er eigedomane i praksis verdilause. Å få ei slik skattlegging på ikkje-marknadsbaserte verdiar er høgst urimeleg og kan berre ikkje vere rett. Om dagens reglar for formuesskatt på arbeidande kapital skal halde fram, då må vi få ei anna formuesvurdering av eigedom i distrikta enn i sentrale strøk.

Alternativet er å la pengane yngle i lokalsamfunnet
Men la oss no seie at bedrifta har desse pengane.

Då blir det å ta ut ekstra i lønn eller utbytte for å kunne betale formuesskatten. For min del, så er formuesskatten kr 300.000 og for å hente ut dette beløpet må eg auke lønna mi med meir enn 600.000 kroner og kvar ei krone av dette går til å betale skatt.

Og for mi bedrift så utgjer dette nær ti prosent av omsetjinga. Dette er for dei aller fleste forskjellen mellom å gå med overskot og underskot. Når ein blir påført ein slik meirkostnad er dette alvorleg for alle som driv næring.

Dersom bedriftene derimot fekk behalde desse pengane, så er dette pengar som vi ville ha brukt til å betale lokale handverkarar og tilsette. Pengar som ville ha yngla og virka i lokalsamfunnet; skapt meir aktivitet og arbeidsplassar. Og er det ikkje det vi alle ønskjer skal skje?

Eg er sikker på at hadde pengane fått verke i økonomien framfor å bli inndregen av staten, så ville staten ha fått meir igjen for det gjennom auka økonomisk aktivitet enn det formuesskatten representerer åleine.

Eit svært dårleg tidspunkt å skjerpe skattlegginga
Ja, sjølv om det vårast ute, så er vinteren definitivt på veg for norsk næringsliv økonomisk sett.

Med statsbudsjettet for 2023 blei det både auke i grunnlag og sats for formuesskatten. Så det som var gale før vart endå verre. Og ein tilsvarande større fordel for utanlandske investorar.

Det må verkeleg stillast spørsmål om regjeringa forstår kva som er situasjonen for norsk næringsliv akkurat no. Eit næringsliv som møter ein stadig tøffare kvardag med renteauke og høge straumprisar. Ja, for akkurat no finn regjeringa det rett å auke både formuesskatt, utbytteskatt og skatt på lønn. Det er vel knapt nok mogleg å finne eit verre tidspunkt.

Som mange har høyrt om, så la nyleg Torvik-utvalet fram sitt arbeid, «Et helhetlig skattesystem». Og det er gledeleg at utvalet ser behovet for å redusere formuesskatten. Men regjeringa veit altså betre. Enn både utval og andre fagfolk.

Norske bedrifter på billegsal til utlandet
Eg må seie at formuesskatt på arbeidande kapital er den mest hjelpelause skatten vi har i Noreg. Ein skatt som må betalast uavhengig av:

  • om bedrifta har overskot eller underskot,
  • om lokala er tomme eller fullt utleigde,
  • og ein skatt som berre norske eigarar må betale

Ja det skulle vere unødvendig å argumentere for at dette er ein skatt som er urimeleg og feilkonstruert i si innretning. Ønskjer verkeleg politikarane våre norsk eigarskap, eller er ønskemålet å selje norske bedrifter på billegsal til utlandet?

For når ein norsk aksjonær skal finansiere denne særnorske skatten, så kan det bli nødvendig å selje seg ned i bedrifta.

Og kven er det då som kan betale mest? Jau, det er dei som har dei lågaste kostnadene, altså dei utanlandske eigarane som slepp å betale formuesskatt. Dette i kombinasjon med ei rekordsvak krone gir utlendingane eit stort fortrinn framfor norske investorar.

Og når vi då veit at for eksempel den kinesiske stat nærast gir bort pengar til kinesiske selskap for at dei skal kjøpe bedrifter i utlandet, så er det klart at dette blir rått parti. Det vil alltid vere utlendingane som kan overby dei norske investorane.

Er det ei villa handling frå politikarane at utlendingane skal ta over norsk næringsliv? Eller har dei ikkje oversikt på kva regelverket gir av konsekvensar. Eg veit faktisk ikkje kva som er verst.

Det er utruleg å måtte seie det opplagte, men vi må ha like skattereglar, uavhengig av om ein bur i Noreg eller eit anna land. Då er tida inne for at lovgivar sluttar med å spesialbehandle utanlandske eigarar på kostnad av norske eigarar.

Bedrifta mi ville ikkje ha eksistert med dagens regelverk
Då eg starta opp næringsverksemda mi i 2005, så var det med god støtte frå både banken, kommunen og leigetakarane mine. Då var formuesskatten eit ikkje-tema for meg. No har formuesskatten blitt eit stort problem som har vakse meg over hovudet.

Med eit titals millionar i gjeld og der eg er tvungen til å tappe verksemda for betale formuesskatten, så er verkelegheita dårleg nattesøvn, irritasjon og tapt energi. Energi som heller kunne ha vore brukt på å skape meir næringsverksemd og positive ringverknader for lokalsamfunnet.

Banken har sagt til meg dette fleire gongar: Vi hjelpte deg i gang i 2005, men med dagens regelverk ville vi ha vore forhindra til å gjere det same. Dette er ei melding som gjer meg både trist og oppgitt. Tanken på at dei 4.800 kvadratmeterane som i dag har yrande aktivitet faktisk ville ha vore liggande brakk og til nedfalls, ja det er triste saker.

Eg er kjent for å vere «evig optimist» og har fått mykje gode tilbakemeldingar gjennom åra med både byggeskikkpris, eldsjelpris og drivkraftpris. Dette fortel meg at eg må ha gjort mykje rett som næringsdrivande sidan starten. Dessverre er det andre kjensler enn optimisme som no lurer under overflata hos meg. Eg blir både redd og bekymra. Bekymra for eiga verksemd og ikkje minst for dei mange tusen verksemdene som er i same situasjon som eg er i.

I åra fram til 2010 hadde eg satsa alt eg hadde, det var fem år med dugnadsinnsats og eit pantsett hus frå mora mi. Status i 2023 er at alt eg eig er investert i næringseigedom. Denne formuen som regelverket har «skapt» siste åra, ja den er så langt frå ein bankkonto som tenkjast kan.

Eg ønskjer at folk skal satse og skape noko. Men eg ville ikkje ha gjort det same igjen med dagens regelverk. Og hadde eg ønskt det, så hadde eg blitt stansa av banken. Dette seier meg dessverre alt. Og det er at formuesskatt på arbeidande kapital drep initiativ, skaparlyst og gleda ved å drive næringsverksemd. Og lovgivar vrir kniven rundt ein ekstra gong når utanlandske investorar blir premiert på kostnad av vi som ønskjer å bu i vårt eige land.

Løysingar viss provenyet er viktigast
Det er inga tvil om at formuesskatten ikkje fungerer slik som ein skatt bør fungere. Den er øydeleggande på så mange måtar. Men dersom ein likevel meiner at formuesskatten skal bestå, så må eit minstekrav vere at alle blir behandla likt. Ei mogleg løysing er å plassere formuesskatten hos aksjeselskapet. Det du vil oppnå då er ei likebehandling av utlendingar og nordmenn.

Gitt at ein skal ha inn same proveny, så vil likevel ei langt betre løysing vere å droppe formuesskatten på arbeidande kapital og auke selskapsskatten frå 22 prosent. I dag ligg Noreg i det lågaste sjiktet i Europa og grunngjevinga for det er at det skal vere attraktivt for utlendingar å investere i Noreg. Igjen er målet å gjere det betre for utlendingar. Her trur eg det vil tene den norske stat betre å auke selskapsskatten mot å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

Fryktar vi misser underskogen av næringslivet
Alle bedrifter, også dei aller største, har ein gong starta som ei lita bedrift. Spørsmålet er om desse små i framtida vil starte opp eller konkludere med at det er enklare å bli lønnstakar – eller flytte ut før ein startar opp. Det er det som er frykta mi; at vi misser underskogen av næringslivet. Gjer vi det, så misser vi fundamentet for framtidige generasjonar si velferd.

Det offentlege bør legge til rette for jobbskaping heller enn å skape problem. For her representerer dessverre formuesskatt på arbeidande kapital tapte verdiskapingsmuligheiter.

Er det lovleg?
Eg vil avslutte med følgjande: Det er ikkje mykje næringslivet krev frå det offentlege. Men eit forutsigbart regelverk som ikkje legg hinder i vegen for jobbskaping og like vilkår for alle, bør ein kunne forvente.

Slik Storting og Regjering i dag behandlar norsk næringsliv, med systematisk diskriminering mellom norske og utanlandske eigarar, så er dessverre tida inne til å stille spørsmålet: Er det lovleg? Er det på tide at Konkurransetilsynet ser nærare på saka? Eller er det på tide at ein domstol, norsk eller internasjonal, får vurdere regelverket som norske eigarar må følgje?

Det står i Norges lover at vi alle er like for lova og i paragraf 110 står det at: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si.»

Å bli pålagt ein skatt som konkurrentane mine, som er eigd av utlendingar eller av staten sjølv, slepp å betale, kan i ytterste konsekvens føre til at eg ikkje lenger kan leve av næringsverksemda mi.

Den norske stat har etter kvart blitt vant med å tape i ulike domstolar og eg vil tru at staten ville fått problem i ei slik rettssak

Eg veit nesten ikkje kva eg kan gjere for å få oppmerksomheit på denne utruleg viktige saka for det norske velferdssamfunnet. Inspirert av samane frå Fosen kunne eg faktisk tenkt meg å lenke meg fast til Finansdepartementet. Dette har med framtida for norsk næringsliv – og den norske velferdsstaten – å gjere.

Av Lars Oscar Fossen Øvestegård, dagleig leiar og eigar i O Øvstegård

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Fleire artiklar om formuesskatt på NETT NO:

Publisert: 03.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.06.2023 12:14

Mer om