Eemslift hendrika thruster hull ballasttank foto Sjøfartsdirektortatet 11
HULL I BALLASTTANK: Thrusterar lagra under dekk sleit seg under overfarten. Bilde viser korleis ein av desse slo hull i ein ballasttank. Foto: Sjøfartsdirektortatet
Nytt

Viser skader om bord i lasteskipet

Framleis for tidleg å peike på årsaka til havariet til Eemslift Hendrika.

Marius Rosbach
13.04.2021

Bilde teke av Sjøfartsdirektoratet sine folk om bord på Eemslift Hendrika, viser noko av skadane på lasteskipet, som var nær ved å forlise ved Stad førre veke.

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet har tidlegare fortalt til NETT NO at skipet har så store skadar at det ikkje kan få til havs før det er reparert. Mellom anna er det hull på to ballasttankar, som må utbetrast.

Eemslift hendrika montasje dekk foto Sjøfartsdirektoratet 11
ØYDELAGD KRAN: Ei krav på dekk fekk bommen reve av då ein lastebåt sleit seg og hamna i sjøen. Bommen slo inn i skutesida og skada ein ballasttank. Foto: Sjøfartsdirektortatet

Thruster slo hull i tank
Bilda frå direktoratet teke fredag viser korleis ein av thrusterane som blei lagre under dekk, har laga eit hol i den eine tanken innvendig.

Det er tidlegare opplyst at thrusterar under dekk som sleit seg, skal ha vore årsaka til at skipet fekk slagside. Fire av dei seks thrusterane tilhøyrer Kongsberg Maritime, og alle skulle til servide og lagring, har selskapet opplyst til Sunnmørsposten.

Bilda viser også ei skada kran, der bommen blei slått i skutesida i samband med at arbeidsbåten til AQS sleit seg og hamna på sjøen. Ifølgje Aarhus førte også dette til at ein ballasttank fekk skader.

For tidleg å konkludere om årsak
Kommunikasjonsdirektøren opplyser samtidig tysdag at det er for tidleg å seie kva som er årsaka til havariet.

– Det er flaggstaten som har hovudansvar for å finne ut kva som gjekk galt, men også som hamnestat ønsker Sjøfartsdirektoratet å få oversikt over moglege årsaker, skadeomfang og risikovurderingar som er gjort i samband med seglas og last, skriv kommunikasjonsdirektøren i ein e-post tysdag.

Han legg til at dei har god dialog med reiarlag og klasseselskap. Planen er at direktoratet sine inspektørar skal gjere eit tilsyn om bord, så snart skipet er lossa.

Eemslift hendrika arbeidsbåt under dekk foto sjøfartsdirektoratet 11
ARBEIDSBÅT: Ein arbeidsbåt lagre under dekk har også forskøve seg. Det skal ikkje vere større skader på denne. Foto: Sjøfartsdirektoratet

Publisert: 13.04.2021 09:13

Sist oppdatert: 13.04.2021 09:54

Mer om