Skjønsnemnd Ørsta Volda Sølvi Dimmen Ørnulf Røhnebæk Stein Aam foto Ogne
MØTES IGJEN: Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) og Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) skal møtes i overskjønsnemnda for å få ei endleg avgjerd om Ørsta skal få erstatning for at deler av Hjørundfjorden blei flytta til Volda. I midten lagdommar Ørnulf Røhnebeck. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Volda ankar strid med Ørsta

Striden om kraftinntektene frå bygdene inst i Hjørundfjorden, er ikkje over.

05.04.2022

Frå 2020 er bygdene innerst i Hjørundfjorden ein del av Volda. Bygdene var tidlegare ein del av Ørsta og dei to kommunene er ikkje samde om Ørsta bør få erstatning etter overføringa.

Bygdene har fem kraftverk, og det er kommunen sine inntektene derifrå striden står om.

Skjønsnemnda har avgjort at Volda skal betale Ørsta 5,5 millionar kroner i året i perioden 2020-2027.

Det utgjer 44 millionar kroner.

No har formannskapet i Volda vedteke at kommunen skal anke til overskjønsnemnda, ifølgje ordførar Sølvi Dimmen.

Vil ikkje betale
Dei to nabokommunane står langt frå kvarandre.

Volda meiner Ørsta ikkje skal ha noko, og at inntektstapet er så lite i høve til det samla kommunebudsjettet til Ørsta at det ikkje er grunnlag for erstatning.

Overgangsperiode på 20 år
Utan erstatning vil Ørsta kommune tape tilsaman 180 millionar kroner i inntekter dei neste 20 åra, sa ordførar Stein Aam frå Ørsta i si innleiing til skjønsnemnda tidlegare i år.

Hovudkravet frå Ørsta kommune var ei erstatning som er knytt til prisutviklinga på kraft framover, med full kompensasjon for tapte inntekter i 15 år og deretter ei nedtrappingstid på fem år.

Dersom skjønsnemnda konkluderer med ei eingongserstatning er kravet frå Ørsta 110 millionar kroner.

Bygdene Viddal, Leira, Bjørke, Finnes og Skjåstaddalen vart overført frå Ørsta til Volda frå 2020 etter at 19 av 104 innbyggjarar i bygdene bad om ei revurdering av kommunegrensene.

Bygdene har ikkje direkte vegsamband til Ørsta, og elevane derifrå har gått på skule i Volda.

Publisert: 05.04.2022 17:53

Sist oppdatert: 05.04.2022 21:05