Bjørn Åge Hamre foto Ogne
OMFATTANDE ARBEID: Bustyrar Bjørn Åge Hamre og dei andre som har jobba med konkursane i dei tre Kleven-selskapa, har hatt eit omfattande arbeid med saka. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vurderer framleis Debeljak-søksmål

Buet etter Kleven-konkursane jobbar med å få inn dei 351 millionane som gjekk tapt.

Marius Rosbach
01.03.2022

Buet etter konkursane i fleire Kleven-selskap i juli 2020 jobbar framleis med å vurdere eit søksmål mot den tidlegare eigaren Tomislav Debeljak.

Det opplyser bustyrar Bjørn Åge Hamre til NETT NO.

Arbeidet har drege ut i tid og og ei avgjerd i saka var venta i fjor haust. Hamre fortel no at det er vanskeleg å gi noko tidsperspektiv for når ei beslutning blir tatt.

Vurderer søksmål som følgje av styreansvar
Tomislav Debeljak var styreleiar i Kleven etter at selskapet hans, Div Group, gjekk inn som eigar våren 2020. I fjor sommar konkluderte buet med at dei heldt den kroatiske forretningsmannen personleg ansvarleg for konkursane.

351 millionar kroner gjekk tapt og buet jobbar framleis med å finne ut om dei skal gå til søksmål mot Debeljak og eller Div Group-konsernet.

– Eg kan ikkje gå inn i dei vurderingane som blir gjort, men det blir jobba mot ei endeleg beslutning frå buet si side med tanke på styret sitt ansvar, fortel bustyrar Hamre.

(saka held fram under)

Det blir jobba mot ei endeleg beslutning frå buet si side med tanke på styret sitt ansvar
Bjørn Åge Hamre
Tomislav Debeljak foto Marius
RISIKERER SØKSMÅL: Tomislav Debeljak på veg til kontoret etter å ha fortald dei Kleven-tilsette at verftet var konkurs sommaren 2020. Den kroatiske forretningsmannen risikerer søksmål mot seg grunna handteringa av styreleiarvervet. Foto: Marius Rosbach

Meiner konkursen kunne vore unngått
Det var bankane si oppseiing av låna sine 23. juni 2020 som var den direkte utløysande årsaka til konkursen.

Dei hadde då tapt tilliten til Debekjak og Div Group, og det hadde dei grunn til ifølgje årsrapporten frå bustyret.

«Etter boets oppfatning kunne konkursen vært unngått dersom styreleder og aksjonær hadde opptrådt adekvat og lojalt i forhold til inngåtte kontrakter mv.», heiter det mellom anna i sluttrapporten frå buet.

Hevdar å ha gått til motsøksmål
Debeljak har på si side meiner det var feil av bankene å seie opp avtalen med verftet før konkursen i juli 2020, og har hevda at økonomien var betre enn kreditorane hevda.

Det høyrer også med til historia at Debeljak sitt norske selskap, Div Shipbuilding Norway, i sin årsrapport i fjor hevda at dei hadde gått til søksmål.

DIV Group har ikkje svara NETT NO på spørsmål om dette, og eit søk i rettslistene for dei neste fem månadene, viser at det ikkje er sett opp saker der selskapet er involvert.

Publisert: 01.03.2022 05:55

Sist oppdatert: 28.02.2022 22:15

Mer om