Wavefoil
STØTTE: Wavefoil får 3,44 millionar kroner i støtte for vidareutvikling av sitt vengekonsept. Foto: Wavefoil
Nytt

Wavefoil og Vard Design får støtte

Dei to Ålesund-selskapa får innovasjonsmidlar for å utvikle havnæringa.

05.12.2022

Ti nye innovasjonsprosjekt i havnæringa får 66 millionar kroner frå Forskingsrådet til utvikling.

Blant dei som får støtte er Ålesund-selskapa Wavefoil og Vard Design.

Wavefoil har utvikla eit system for å ha venger under baugen på båtar, noko som gir betre stabilitet og reduserer drivstoff-forbruket.

No får Wavefoil 3,44 millionar kroner for vidareutvikling av konseptet, der I.P. Huse på Harøya er involvert i produksjonsarbeidet.

I tillegg får Vard Design 4,95 millionar kroner. Selskapet får midlane til vidareutvikling av sitt ICHzero-system, som er eit integrert system for oppvarming og nedkjøling på offshoreskip.

Stor konkurranse

Utlysinga for innovasjon i havbruket stor konkurranse om midlane, melder Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

– Ressursane i og ved havet er avgjerande for å nå det ambisiøse målet til regjeringa for grøn omstilling, eksportvekst, nærings- og industriutvikling. Innovasjonsprosjekta som no får støtte vil på ulike måtar bidra til å utvikle det blå næringslivet i framtida og skape arbeidsplassar over heile landet, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran.

Matavfall som ressurs
Blant andre selskap som har fått innvilga søknaden er bergensbaserte Greentech Innovators, som skal utvikle ein metode for å bruke matavfall som ressurs i havbruksnæringa. Matavfallet skal brukast som næring for dyrking av ein mikroalge som igjen kan brukast som ingrediens i fiskefôr.

– Berekraftig fôr er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Utvikling av berekraftig fôr her heime kan bidra til å kutte klimautslepp samtidig som vi tek vare på miljøet, tryggjer mattryggleiken, byggjer grøn industri og skaper trygge arbeidsplassar, seier Skjæran.

Også Austevoll-selskapet DOF Management får støtte til eit prosjekt for utvikling av spesialskip til vedlikehald av flytande havvindturbinar.

Publisert: 05.12.2022 11:43

Sist oppdatert: 05.12.2022 12:43

Mer om