Skal hente inntil 50 millionar til vengeselskap
Wavefoil med første utanlandskontrakt, emisjonsplanar og nye dialogar etter Hamburg-messe.
Wavefoil-sjef Bente Storhaug Dahl og dei andre medarbeidarane har nok å gjere om dagen.
Førre veke markerte dei seg under store shippingmessa i SMM Hamburg, og fredag kunne dei gå ut med sin første reine eksportkontrakt med det kroatiske selskapet Kapetan Luka Krilo.
– De tok kontakt med oss i sommar fordi dei ville ha begevelsedemping på ein båt som går langs den kroatiske kysten, fortel Dahl til NETT NO.
Hurtigbåten med namnet Krilo Lux vil bli den første passasjer-katamaranen som får bygd inn Wavefoil-venger i skroget.
Skal hente 50 millionar i frisk kapital
Wavefoil-sjefen kan også fortelje at selskapet planlegg ein ny emisjon på inntil 50 millionar kroner i løpet av året.
– Vi er i innleiande diskusjonar med både industrielle og finansielle investorar, fortel Dahl.
Midlane skal dei bruke til å videreutvikle selskapet og sikre vidare vekst.
– Å lansere eit nytt produkt i den maritime marknaden er eit langt lerret å bleike, og vi vil sikre vekst og videre utvikling i fasen fram til vi oppnår lønnsemd, legg ho til.
Blant finalistane på Hamburg-messe
Besøket på den store shippingmessa SMM Hamburg kan truleg vere med å gi
meir styrefart for selskapet. Wavefoil var einaste norske selskap som
blei invitert til ein «pitche»-konkurranse med 15 deltakarar frå
oppstartsselskap i ulike land.
Etter at Bente Storhaug Dahl hadde vore i ilden med sin presentasjon, valte ein fagjury Wavefoil som ein av fem finalistar. Sjølv om dei måtte ta «til takke» med ein 4. plass til slutt er Dahl strålande fornøgd med utbytte.
– I etterkant av «pitchane» har vi hatt dialog både med potensielle investorar og kundar, så den profileringa var absolutt positiv for vår del, konkluderer Wavefoil-sjefen.
Rostein mellom dei første kundane
Det no Ålesund-baserte Wavefoil blei skipa i 2016 og har kontor både i Ålesund, Bergen og Oslo.
Fiskebåtreiarlaget Liegruppen og Rostein-reiarlaget i Norge var mellom dei første kundane. Førstnemnte skal ha Wavefoil sine vengar på den nye pelagiske trålaren som blir levert frå Cemre Shipyard i Tyrkia i 2023.
– Den andre er Rostein sin nye brønnbåt. Skroget er no under bygging i Polen, og Larsnes Mek Verkstad skal ferdigstille båten, fortel Dahl.
Også Maritime Partner i Ålesund har bygd fartøy med Wavefoil-venge.
Samarbeid med IP Huse
Vengen som Wavefoil har utvikla gir rolegare ganger i bølger, reduserer
drivstoff-forbruket og gjer det meir behagleg for folk ombord. Når
vengen ikkje trengst kan den trekkast inn i skroget.
Prinsippet er mellom anna nytta på mindre katamaraner, men Wavefoil si løysing kan óg nyttast på større fartøy. Dei store vengene blir laga i Irland, medan dei mindre blir laga i Norge.
De store modulane blir samanstilt på IP Huse sitt anlegg på Harøya, medan ein anna aktør på Nordvestlandet står for samanstilling av dei mindre.
Publisert: 16.09.2022 16:11
Sist oppdatert: 16.09.2022 16:25