- Ja, her har vi bokstavleg tala bygt stein på stein frå vi etablerte oss i Leinevika i 1990, seier dagleg leiar og eigar Hallgeir Skorpen.
Han seier at det har vore tider då bedrifta har hatt behov for lån, men då har det ikkje vore så lett å få det med bankane.
- Vi vart tidlegare møtt med litt skepsis, men no er læta ei anna. No er det heldigvis også slik at vi klarer ei så stor utbygging utan å ta opp lån, seier han.
- Vi har godt med arbeid framover, seier han.
Herøy-selskapet har spesialisert seg på leveranser av arbeidsbåtar til seismikkfartøya. Alle dei store seismikk-selskapa er kundar hos Westplast, slike som Western Geco, Polarcus og CCG.
- Vi er verdsleiande på arbeidsbåtar til seismikk, seier Skorpen.
Den siste generasjonen arbeidsbåtar frå Westplast kostar rundt fem millionar kroner per båt. På det mest vart det seld 20 båtar på eitt år.
- Det vart vel mykje. Då var det ikkje ofte lyset vart slått av her.
Skorpen har stadig vidareutvikla båtkonseptet. Dette har han gjort i eigen regi, og han har ord på seg for å kunne få til det meste. Når andre skal kopiere han, er Skorpen alt i gang med ei vidareutvikling av det gamle.
- Ja, vi må alltid vere litt framom dei andre.
- Seismikkfartøya dreg kablar i opp til 12 kilometer lengde. Kvar kabel er sett saman av mange mindre kablar, slik at det er viktig at støttebåtane kan flytte seg raskt, ta bra med last og vere stabile.
Totalt er det i dag 14 tilsette ved bedrifta, i tillegg til innleige. og Skorpen opplyser at selskapet har satsa stadig meir på service og ettermarknaden.
- Ja, no er rundt 40 prosent av omsetninga knytt til denne delen.
- Nei, Kystvereket var skeptisk til å bruke flytebøyer av glasfiber. Eg fekk ikkje ein gong lov å levere ei gratis for å vise at dette fungerte.
Gjennomslaget kom då det skulle installerast nytt lysutstyr i bøyene.
- Då fekk vi prøve oss. Det viste seg at bøyene av plastmateriale fungerte svært godt.
No er alle dei største flytebøyene frå svenskegrensa til russegrensa skifta ut med Westplast-bøyer.
- Mange har spurd, alt frå Egypt til Island.
- Så langt har vi sagt nei, seier Skorpen.
Han starta sjølv Westplast i 1986, men familien Skorpen har vore involvert i båtbygging i glasfibermateriale sidan 1950-talet, først gjennom Skorpa Fiberplast.
- Ja, det er dette vi kan, seier Hallgeir Skorpen.
Han seier at det har vore tider då bedrifta har hatt behov for lån, men då har det ikkje vore så lett å få det med bankane.
- Vi vart tidlegare møtt med litt skepsis, men no er læta ei anna. No er det heldigvis også slik at vi klarer ei så stor utbygging utan å ta opp lån, seier han.
Store kundar
Nybygget skal stå ferdig til sommaren, men aktiviteten i den nye båthallen er allereie stor.- Vi har godt med arbeid framover, seier han.
Herøy-selskapet har spesialisert seg på leveranser av arbeidsbåtar til seismikkfartøya. Alle dei store seismikk-selskapa er kundar hos Westplast, slike som Western Geco, Polarcus og CCG.
Verdsleiande
Den første arbeidsbåten vart levert i 1996. No har ein levert totalt 73 båtar, og fleire nye er på gang.- Vi er verdsleiande på arbeidsbåtar til seismikk, seier Skorpen.
Den siste generasjonen arbeidsbåtar frå Westplast kostar rundt fem millionar kroner per båt. På det mest vart det seld 20 båtar på eitt år.
- Det vart vel mykje. Då var det ikkje ofte lyset vart slått av her.
Skorpen har stadig vidareutvikla båtkonseptet. Dette har han gjort i eigen regi, og han har ord på seg for å kunne få til det meste. Når andre skal kopiere han, er Skorpen alt i gang med ei vidareutvikling av det gamle.
- Ja, vi må alltid vere litt framom dei andre.
Store på service
Den siste generasjonen av arbeidsfartøy er av typen WP 960, er 9,6 meter lang, veg 7,3 tonn og gjer 25-knops fart.- Seismikkfartøya dreg kablar i opp til 12 kilometer lengde. Kvar kabel er sett saman av mange mindre kablar, slik at det er viktig at støttebåtane kan flytte seg raskt, ta bra med last og vere stabile.
Totalt er det i dag 14 tilsette ved bedrifta, i tillegg til innleige. og Skorpen opplyser at selskapet har satsa stadig meir på service og ettermarknaden.
- Ja, no er rundt 40 prosent av omsetninga knytt til denne delen.
200 flytebøyer
I tillegg til spesialbåtane til seismikk, har Westplast også levert totalt 200 flytebøyer til Kystverket sidan 1992. Starten var ikkje så enkel ettersom Kystverket var skeptiske til at plastbøyer kunne stå imot ver og vind på dei mest utsette stadene langs kysten.- Nei, Kystvereket var skeptisk til å bruke flytebøyer av glasfiber. Eg fekk ikkje ein gong lov å levere ei gratis for å vise at dette fungerte.
Gjennomslaget kom då det skulle installerast nytt lysutstyr i bøyene.
- Då fekk vi prøve oss. Det viste seg at bøyene av plastmateriale fungerte svært godt.
No er alle dei største flytebøyene frå svenskegrensa til russegrensa skifta ut med Westplast-bøyer.
Interesse frå mange land
Skorpen seier at han har vorte kontakta av ei rekkje andre land om å levere liknande bøyer.- Mange har spurd, alt frå Egypt til Island.
- Så langt har vi sagt nei, seier Skorpen.
Han starta sjølv Westplast i 1986, men familien Skorpen har vore involvert i båtbygging i glasfibermateriale sidan 1950-talet, først gjennom Skorpa Fiberplast.
- Ja, det er dette vi kan, seier Hallgeir Skorpen.
Ja, vi må alltid vere litt framom dei andre
Publisert: 07.04.2014 06:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32