Wideroee seier dei kunne redda ruter med meir avgiftskutt
NEDLAGT: Widerøe legg ned ei rekkje ruter, mellom anna morgonruta frå Oslo til Ørsta/Volda. No strides selskapet og regjeringsparti om årsaka til nedleggingane.
Nytt

Widerøe seier dei kunne redda ruter med meir avgiftskutt

Widerøe seier ruter kunne vore redda med 65 kroner avgiftskutt per sete.

18.02.2020
NPK-NTB: Måndag vart det kjent at flyselskapet Widerøe kuttar 4.000 avgangar i distrikta frå 4. mai, noko som svarer til 15 prosent av dei kommersielle flygingane i kortbanenettet i Noreg. Stortingsrepresentant Jonny Finstad frå Høgre reagerer på at rutekutta skjer når regjeringa har gitt Widerøe 40 millionar i avgiftskutt for å avhjelpe den økonomiske situasjonen
– Dette gjer Widerøe for å presse fram betre rammevilkår for den kommersielle flydrifta si. Det er utruleg skuffande at dei vil gjennomføre desse kutta, seier Finstad til .
Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe seier det i realiteten berre vart 28 millionar i avgiftsslette og viser til utrekningar frå Avinor.
– Dette har i tillegg vorte meir enn nulla ut av andre avgiftsaukar, seier ho, og viser til co₂-avgift og flypassasjeravgift.
Brandvoll seier til at med ein reduksjon i flypassasjeravgifta på 65 kroner per sete, kunne mange ruter vore behaldne. Det er ifølgje henne ikkje aktuelt å legge 65 kroner på billettprisen i eit prissensitivt marknad.
Tidlegare måndag sa Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB at kutta er ein liten katastrofe for kollektivtilbodet i distrikta, der småflya er sjølve tilbodet mange stader.
Administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe erkjenner at selskapet er i ein fortvila situasjon, og at dei med dette kuttar heilt nødvendig transport i Distrikts-Noreg.
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) seier han er bekymra for konsekvensane.

Publisert: 18.02.2020 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53