– Har ikkje noko strategi om å selje
Green Yard-sjefen seier det aldri har vore aktuelt å ta inn nye partnarar – og påpeiker at dei «på ingen måte» har forlete marknaden for nybygging.
NETT NO fortalde tysdag at it-milliardæren Alex Bouzari er interessert i å gå inn på eigarsida i Kleven-verftet – og at han ønsker at verftet skal halde fram med å bygge yachtar og mindre ekspedisjonsskip.
Les også
Tysdag kveld fekk NETT NO ein prat med Green Yard-sjef Hans Jørgen Fedog etter det som hadde vore ein hektisk dag for konsernsjefen.
– Korleis stiller du deg til å inngå samarbeid med ein annan finansiell eller industriell partnar?
– Ein kvar forretningsmann vil vere open for moglegheiter, men vi har ikkje noko strategi om å selje noko som helst, fortel han.
– Har vore mange interessentar
Fedog legg til at det heller aldri har vore eit reelt alternativ å ta inn fleire partnarar i Kleven.
– Det er hyggeleg at andre viser interesse for det som er bygd opp på Kleven. Det har vore mange interessentar som har teke kontakt sidan vi starta med Green Yard Kleven. Men ein ting er å vise interesse, og det er noko heilt anna å gå til ein reell transaksjon, påpeiker Fedog.
Stort oppdrag med resirkulering
Om føremiddagen blei det kjent at Kleven og Green Yard-verftet i Kvinesdal var sikra oppdraget med resirkulering av sju offshoreskip, som sikrar arbeid for dei tilsette ut neste år.
Samtidig blei det kjent at Kleven-direktør Kjetil Bollestad var ferdig i jobben.
I «god dialog» om nybygg
Seinare fortalde Kleven-tillitsvalt Frank Hauge til NETT NO at dei tilsette opplevde det som trist at Bollestad sluttar, og at Hauge håpte det ville bli satsa meir på nybygg framover.
– Vi har på ingen måte forlete marknaden for nybygg, og er i god dialog med fleire. Men per i dag har vi ikkje noko kontrakt på å bygge nytt, og det må vi innrette oss etter. Samtidig er det då utruleg positivt at vi kan skalere opp den delen av verksemda med resirkulering, er konsernsjef Fedog sin kommentar.
Han legg likevel ikkje skjul på at det er vanskeleg å sikre kontraktar på bygging av nye skip i dagens marknad.
– Eit veldig sterkt ønske om fleire tilsette
I dag er det kring 80 tilsette på Kleven-verftet, og Green Yard-sjefen håpar det vil bli fleire.
– Eg vil ikkje gå inn på tal, men eg kan seier at vi har eit veldig sterkt ønske om å ha fleire tilsette, seier han.
Han legg til at dei heile tida må vurdere samansetninga i bemanninga etter arbeidet i ordreboka – men at målet er å vekse – og ha oppdrag både i nybygg, ombygging/reparasjon og resirkulering.
Publisert: 05.10.2021 21:44
Sist oppdatert: 05.10.2021 21:47