It-milliardær vil inn i Kleven
Det er nytt drama rundt Kleven-verftet. Ein iranskfødd IT-milliardær kan gi nybyggingsoppdrag av yachtar og cruiseskip.
KOMMENTAR:
Skal Green Yard Kleven vere eit opphoggings- og resirkuleringsverft for gamle skip, eller skal det framleis vere eit avansert nybyggingsverft? Det vert avgjort om få dagar.
Tysdag vart det kjent at verftsdirektør Kjetil Bollestad får terminert sin kontrakt. Etter det NETT NO kjenner til er bakgrunnen at Bollestad har arbeidd for at Kleven også i framtida skal satse på nybygg, og ha resirkulering som ein tilleggsaktivitet. Verftseigar Green Yard Group med konsernsjef Hans Jørgen Fedog i spissen vil i utgangspunktet at Kleven i større grad skal vere eit resirkuleringsverft.
Tysdag hanka Green Yard og Fedog inn ein kjempekontrakt med Solstad Offshore for resirkulering av sju offshoreskip, der fire av skipa skal til Kleven i Ulstein.
Dette skulle i utgangspunktet vere ei god nyheit for dei tilsette, men det vart ingen jubel under allmøtet. Og kort tid etter vart stemninga endå meir nedtrykt då det vart opplyst at den populære verftsdirektøren Kjetil Bollestad slutta, og der Fedog overtok det øvste operasjonelle ansvaret for dei to Green Yard-verfta.
Men Bollestad har slutta ein gong tidlegare, for så å kome tilbake. Det skjedde etter kroatiske DIV Group med omstridde Tomislav Debeljak i spissen overtok Kleven. Då gjekk Bollestad av og uttalte at han ikkje ville, eller kunne vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak var ein del av.
Striden enda til slutt med at bankane overtok ansvaret for Kleven, og etter at mange beilarar vart kontakta var det til slutt Green Yard som fekk tilslaget. Kort tid etter var Bollestad tilbake som verftsdirektør.
Problemet for Green Yard er at selskapet har smått med kapital, og har difor vanskar med å finansiere større prosjekt. Hans Jørgen Fedog eig sjølv 33,3 prosent av selskapet, medan resten er likt fordelt mellom selskapa FFS Holding og Lundevågen Invest.
Fedog overtok i 2019 tidlegare Flekkefjord Slip i Kvinesdal etter at han allierte seg med lokale aksjonærar. Verftsselskapet på Angholmen ved Fedafjorden omsette i fjor for 43,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 6,0 millionar. Kleven i Ulstein omsette på sin side for 57,7 millionar kroner etter å ha starta opp att på nytt, og hadde eit resultat før skatt på minus 1,7 millionar kroner.
Etter dette har Kleven fått ei rekkje ombyggingskontrakter, og er i gang med å fullføre bygginga av eit havvindskip til Rem Offshore. Dette skipet skal etter planen døypast i Fosnavåg 20. november.
Dette Rem-skipet kan verte det siste nybygget frå Kleven på ei tid, men nok ein gong får bankane ei viktig rolle i kva som vert framtida for Green Yard Kleven. Spesielt har Nordea ei sentral rolle i dette spelet.
Ein iranskfødd IT-milliardær kan vere redninga for alle som ønskjer at Kleven skal vere meir enn eit opphoggingsverft, i tillegg til å drive med reperasjon og ombygging.
Det er snakk om Alex Bouzari, som var ein av grunnleggjarane av selskapet Datadirect Netwoks, eitt av verdas største privat eigde datalagringsselskap. Selskapet har meir enn 10.000 kundar og fleire enn 1.000 tilsette i 20 land.
Bouzari har i lengre periodar budd i Frankrike, men er utdanna innan IT og økonomi ved universitet i USA, som California Institute of Technology, Massachusets Institute of Technology og Stanford University.
NETT NO kjenner til at representantar ved Kleven har hatt fleire møter med Bouzari og hans stab, blant anna i Monaco.
Bouzari har vorte imponert over Kleven-verftet og kvaliteten på arbeidet som er utført der, blant anna med bygging av ekspedisjonscruiseskipa til Hurtigruten og dei to luksusyachtane til den new zealanske milliardæren Graeme Hart.
I 2016 leverte Kleven 107 meter lange Ulysses til Hart, og to år etter kom ein 116 meter lang yacht. Den siste heiter no Andromeda og har i fleire månader halde til i Sainte Maxime. No er den utanfor La Palma ved Kanariøyane. Ulysses har siste åra vore fast stasjonert i Cannes. Hart har seld begge skipa, og det er spekulasjonar om at sentralt plasserte aktørar i Facebook er kjøparar.
NETT NO kjenner til at Bouzari ønsker at Kleven skal halde fram med å byggje yachtar, men også mindre cruiseskip innan ‘explorer’-klassa, i tillegg til andre avanserte skip. I fall dette vert resultatet, vil Kleven auke talet på tilsette kraftig.
Men til ei slik satsing trengst det også frisk kapital.
Det store spørsmålet er om Hans Jørgen Fedog og dei andre eigarane av Green Yard Kleven ønsker å opne for at det kjem inn ein ny tung medeigar i verftet, slik at Kleven også kan ta på seg større nybyggingskontraktar.
Ein aktør som er tett på prosessen trur at det er størst sjanse for at Fedog og Kleven-styret seier nei, og held fram planane om i større grad utvikle Kleven som eit resirkuleringsverft.
I så fall har Bollestad slutta ved Kleven for siste gang.
Publisert: 05.10.2021 15:32
Sist oppdatert: 06.10.2021 22:19