Robert ervik kåre furnes geir solvåg foto ervik havfiske 11
NY I DIREKTØRSTOLEN: Robert Ervik (t.v.) er ny administrerande direktør i Ervik Havfiske. Før helga fekk han og avtroppande Geir Solvåg (t.h.) blomsterhelsing frå styreleiar Kåre Furnes. Foto: Ervik Havfiske
Nytt

Yngste Ervik i direktørstolen

Den nye administrerande direktøren i Ervik Havfiske, har vakse opp i konsernet.

Marius Rosbach
02.10.2021

Robert Ervik overtok før helga stillinga som administrerande direktør i Ervik Havfiske, melder selskapet sjølv på si Facebook-side.

Ervik tek over rolla etter Geir Solvåg, som no går no over til stillinga som seniorkonsulent og styremedlem i Ervik Havfiske.

Robert Ervik er yngste sonen til Stig Ervik – konsernsjefen som har bygd opp reiarlaget saman med tremenningen Kjell Magne.

«Naturleg og soleklart val»
Den nye sjefen blir omtala som ein «dyktig og framtidsretta person som har vakse opp i Ervik-konsernet». Det gjer han til «naturleg og soleklart val for å overta stillinga», opplyser reiarlaget.

Robert Ervik starta om bord på båtane, før han gjekk over til å vere trainee/driftsassistent i 2015. Sidan 2018 har han hatt rolla som drifts- og flåtesjef.

Har vore direktør i 25 år
Geir Solvåg har vore administrerande direktør i Ervik Havfiske sidan 1996, og fekk før helga blomsterhelsing frå styreleiar Kåre Furnes og konsernsjef Stig Ervik.

– Vi er glade for å kunne nytte oss av Geir Solvåg sin unike kompetanse vidare, skriv reiarlaget som takkar for innsatsen so langt.

Publisert: 02.10.2021 17:03

Sist oppdatert: 02.10.2021 18:50

Mer om