Ervik havfiske seafood montasje robert ervik stian hjelle 11
SJØMATDIVISJONEN: Ervik Havfiske har samla aktiviteten frå kaikanten til butikken i Ervik Seafood. Selskapet er leia av Stian Hjelle (t.h.) som her er saman med Robert Ervik i reiarlaget. Foto: Ervik Havfiske
Nytt

Valutasmell ga millionminus

– Lite tilfredsstillande, meiner leiinga - men fiskesalet går godt for Ervik Seafood.

Marius Rosbach
03.08.2021

Omsetninga i det som no heiter Ervik Seafood, fekk seg ein knekk i fjor, etter rekordåret 2019. 194 millionar er kring 16 prosent lågare omsetning enn året før (sjå tabell under).

At resultatet før skatt enda med heile 8,2 millionar i minus, har si årsak i at selskapet tok store valutatap knytt til terminkontraktar i amerikanske dollar, britiske pund og euro.

Det samla tapet utgjer knappe 15,2 millionar kroner, ifølgje årsrapporten.

– Lite tilfredsstillande, er leiinga sin konklusjon om resultatet.

Ervik Seafood
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 194,5 231,6
Driftsresultat 7,4 3,8
Res. før skatt -8,2 1,4

Dobla driftsoverskot
Ervik Seafood er salsselskapet til Ervik Havfiske-gruppen. Leiinga seier seg nøgd med innteninga frå drifta.

Eit overskot på drygt sju millionar er om lag det dobla av driftsresultata dei siste åra.

Styret vurderer dei vidare utsiktene for inntening som god, for selskapet som hadde fem tilsette ved utløpet av 2020.

Satsar med sjømatdivisjon
Selskapet skal framover fungere som sjømatdivisjonen til Ervik Havfiske. Stian Hjelle skal leie selskapet som har hovudkontor på Stadlandet, der reiarlagat også held til.

Tidlegare i sommar gjekk linefiskarane ut med ei pressemelding om satsinga.

Målet er å vekse, mellom anna ved å utvide verksemda. Reiarlaget reknar også med auka inntening frå flåten som en følgje av grepet.

Publisert: 03.08.2021 12:21

Sist oppdatert: 02.10.2021 16:52

Mer om