- Vi er i sluttforhandlingar, men har allereie inngått ein avtale som seier at vi skal kjøpe båten, seier Mikal Solhaug i Båtsfjord-selskapet M. Solhaug As.
Dei gamle eigarane har ikkje så mykje dei vil ha sagt om eigarskiftet, men understrekar at båten skal drivast frå Ålesund som før.
- Meir vil eg ikkje uttale meg, seier Per Morten Aarseth som er skipper og dagleg leiar i Delfin Fiskeri As.
Bak Delfin Fiskeri As står Ks Loran (50 %), samt Cristiano Invest og Veibust Fiskeriselskap med 25 prosent kvar.
- Båten skal drivast frå Ålesund som før, av det same selskapet, og folka som er der blir verande om bord. Det einaste som skjer er at båten skiftar eigar, seier Solhaug som i 2014 fekk levert nybygde M. Solhaug frå Tersan-verftet i Tyrkia.
Den 35 meter lange autolinebåten blei bygd i 1980, men har vore gjennom to ombyggingar etter det med ulike eigarar. Mellom anna har båten heitt Stokke Senior. Delfin driv tradisjonelt fiske etter kvitfisk med garn og autoline, og autolinedrifta er ein av grunnane til at Båtsfjord-selskapet fatta interesse for båten.
- No har vi lyst til å måle autolinedrifta opp imot vår måte, seier Solhaug, som ikkje legg skjul på at han har stor respekt for sunnmøringane sin måte å drive fiskeri på.
- Det er veldig mange faktorar bak det vi no gjer, men ein av grunnane er at vi ønskjer å kunne få til eit samarbeid med sunnmøringar, seier Solhaug.
Som eigar av ein stor lineegnesentral sysselset Båtsfjord-reiaren også mykje folk på land.
- Dette førmålet er for alle partar, seier han.
Delfin har i dag kvotar til å fiske 310 tonn torsk, 475 tonn hyse, 310 tonn sei og 500 tonn i EU-sona.
Dette kvotegrunnlaget blir dobla når båten skiftar eigar.
Dei gamle eigarane har ikkje så mykje dei vil ha sagt om eigarskiftet, men understrekar at båten skal drivast frå Ålesund som før.
- Meir vil eg ikkje uttale meg, seier Per Morten Aarseth som er skipper og dagleg leiar i Delfin Fiskeri As.
Bak Delfin Fiskeri As står Ks Loran (50 %), samt Cristiano Invest og Veibust Fiskeriselskap med 25 prosent kvar.
Det meste blir som før
Ifylgje den nye eigaren vil eigarskiftet ikkje medføre endringar verken i drifta eller for mannskapet på Delfin.- Båten skal drivast frå Ålesund som før, av det same selskapet, og folka som er der blir verande om bord. Det einaste som skjer er at båten skiftar eigar, seier Solhaug som i 2014 fekk levert nybygde M. Solhaug frå Tersan-verftet i Tyrkia.
Den 35 meter lange autolinebåten blei bygd i 1980, men har vore gjennom to ombyggingar etter det med ulike eigarar. Mellom anna har båten heitt Stokke Senior. Delfin driv tradisjonelt fiske etter kvitfisk med garn og autoline, og autolinedrifta er ein av grunnane til at Båtsfjord-selskapet fatta interesse for båten.
Stor respekt for sunnmøringane
I motsetning til linereiarlaga i sør, er det framleis gamlemåten» som gjeld i det elles så driftige linemiljøet i Båtsfjord. Sjølv Solhaug sin nybygde linebåt er rigga for stamp med landbasert egning.- No har vi lyst til å måle autolinedrifta opp imot vår måte, seier Solhaug, som ikkje legg skjul på at han har stor respekt for sunnmøringane sin måte å drive fiskeri på.
- Det er veldig mange faktorar bak det vi no gjer, men ein av grunnane er at vi ønskjer å kunne få til eit samarbeid med sunnmøringar, seier Solhaug.
Som eigar av ein stor lineegnesentral sysselset Båtsfjord-reiaren også mykje folk på land.
Doblar kvotane
Ein annan positiv faktor med kjøpet er ifylgje kjøparen at Delfin etter dette vil få eit mykje betre driftsgrunnlag enn båten har hatt til no.- Dette førmålet er for alle partar, seier han.
Delfin har i dag kvotar til å fiske 310 tonn torsk, 475 tonn hyse, 310 tonn sei og 500 tonn i EU-sona.
Dette kvotegrunnlaget blir dobla når båten skiftar eigar.
Båten skal drivast frå Ålesund som før, av det same selskapet, og folka som er der blir verande om bord
Publisert: 22.02.2016 09:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53