A Arets oppreinskingstokt er i gang
BESLAG: Teiner og fiskereiskap frå ein aksjon i fjor haust. 
Nytt

Årets oppreinskingstokt er i gang

La ut på langtur frå Ålesund.

10.08.2020
(NPK): Årets tokt på jakt etter tapt fiskereiskap er i gang. Fartøyet M/S «Vendla» har lagt ut frå Ålesund og skal arbeide seg nordover langs norskekysten med snøkrabbefeltet i Barentshavet som endestopp.
Toktleiar Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet fortel at toktet i år har eit svært stort dekningsområde, og blir det lengste toktet direktoratet har hatt.
– Det er berre Noreg som har eit så velfungerande rapporteringssystem som gjer det mogleg å dekke eit slikt område på ein rasjonell og effektiv måte, seier Langedal.
I Noreg er det krav om at yrkesfiskarar skal melde frå om tap av reiskap. Og det er desse rapporteringane som dannar grunnlaget for Fiskeridirektoratets årlege oppreinskingstokt.
Tapt fiskereiskap som blir ståande igjen på havbotnen bidrar til forsøpling og kan halde fram med å fiske i lang tid. Dette resulterer i skjult dødelegheit av fisk og skaldyr og kallast for spøkelsesfiske.
Registrerer fangsten
– Også fangsten vi tar opp under toktet blir registrert. Denne registreringa av fangst og bifangst i reiskapen gir viktig kunnskap om korleis reiskap kan tilpassast for å minske skadeverknadene av dei, seier Langedal.
Fiskeridirektoratet har sidan tidleg på 1980-talet drive oppreinsking av tapt fiskereiskap på årlege tokt. Sidan den gong er det tatt opp langt over 1.000 tonn reiskap, av dette 22.000 garn med over 600 kilometers lengde.
Yrkesfiskarar skal melde tap av reiskap til Kystvaktsentralen på telefon 07611. Fritidsfiskarar kan melde om sine reiskapstap via appen «Fritidsfiske».
(©NPK)

Publisert: 10.08.2020 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00