20220404 095110
NOR-SHIPPING: Børge Gjelseth og Jon Olav Kopperstad er optimistar for Norwegian Greentech, trass tap av kontraktar i Russland. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Miste ein marknad - i staden opna USA seg

Trass i at Ukraina-krigen gav tapte Russland-kontrakter, treng Norwegian Greentech fleire tilsette.

05.04.2022

- For oss er det veldig synd at krigen i Ukraina starta, men tilhøyrande sanksjonar. Vi hadde på gang omfattande avtalar i Russland.

Det seier sals- og marknadsdirektør Børge Gjelseth i Herøy-baserte Norwegian Greentech.

- Var verkeleg stort
Selskapet har utvikla det som vert karakterisert som det mest kompakte reinsesystemet for ballastvatn. No var det på gang ein storavtale med eit russisk selskap.

- Vi hadde allereie seld nokre reinsesystem til russiske kundar, men det som no var på gang var verkeleg stort, seier salssjef Jon Olav Kopperstad.

Passerer 200 millionar

Men i staden har den amerikanske marknaden opna seg etter at selskapet fekk godkjenning med US Coast Guard.

- Amerikanske sjøfartsmyndigheiter krev US Coast Guard-sertfikat for alle amerikanske skip og internasjonale skip som kjem til amerikanske hamner. For oss har dette vore ein hemsko. Med dette no på plass, har salet både til USA og til større internasjonale kundar skote fart, seier Kopperstad.

Selskapet har vakse kraftig sidan 2018. Fram til 2021 var det ei tidobling, til ei omsetning på 170 millionar kroner i fjor.

- I år ser vi ut til å passere 200 millionar kroner, med god margin, seier Gjelseth.

I år ser vi ut til å passere 200 millionar kroner, med god margin
Børge Gjelseth

Service og ettermarknad
No trengst det fleire tilsette.

- Vi er i dag 16, og skal fort opp til 20.

- Blant anna skal vi styrke oss på service og ettermarknad, seier Gjelseth.

Selskapet har hittil seld rundt 700 ballastvatnreinsesystem.

- Desse skal fungere 24 timar i døgnet, og vi treng å styrke vår serviceorganisasjon som kan dekke heile verda, seier Gjelseth.

Han har god tru på vidare vekst.

- Ja, det ser lovande ut, og i år satsa vi også på stor stand på Nor-Shipping. Hittil har vi hatt ein svært liten stand.

Publisert: 05.04.2022 04:59

Sist oppdatert: 05.04.2022 00:24

Mer om