fiskerstrand verft foto marius 11
RUSSISKE KUNDAR: Russiske kundar har vore viktige for Fiskerstrand på Sula, men med krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland har det blitt eit problem å vere involvert med russiske kundar: Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lovande marknad er tapt

Fleire bedrifter på Nordvestlandet kunne gni seg i hendene over utviklinga i den russiske marknaden. No kan dei berre rive seg i håret.

15.04.2022
ANALYSE

Russland fyller ordrebøkene, skreiv NETT NO i desember 2020.

Fornyinga av den russiske fiskeflåten gav både utstyrsprodusentar og skipsdesignselskap på Nordvestlandet mykje å gjere, etter årelang innsats for å kome inn i den russiske marknaden.

I 2013 - etter åtte års arbeid - signert skipsdesignselskapet Skipsteknisk sin første jobb for eit russiske reiarlag.

Det var eit gjenombrot som gav Ålesund-selskapet flust av oppdrag.

Blant oppdraga er designet på 11 trålarar på 108 meter, som skal fiske for Russia Fishery Group i russisk sone i det nordlege Stillehavet.

Dette er båtar til omlag ein milliard kroner kvar og er det største byggeprogrammet eitt einskild fiskebåtreiarlag nokon gang har sett i gang etter årtusenskiftet.

Det fortalde Inge Bertil Straume i Skipsteknisk i eit innlegg i Shippingklubben i Ålesund. Heile 29 skipsdesign har Skipsteknisk levert, eller har kontrakt på å levere til russiske reiarlag, kunne Straume fortelje.

No reknar Skipsteknisk med at mykje av aktiveten mot den russiske marknaden stoppar opp, og at selskapet må ta tap.

Gjennom Norsk-Russisk Handelskammeret etablerte Mørenot, Optimar, Fiskerstrand Verft, Rolls-Royce Marine, Scana Propulsion, Teknotherm, Triplex og Mustad Autoline i 2016 eit felles sals- og markedsføringsprogram retta mot den russiske marknaden.

Det såg lovande ut.

- Vi ønsker å posisjonere oss i forkant av fornyinga av den russiske fiskeri-flåten, sa Rune O. Methi i Det norsk-russiske handelskammeret til NETT NO i 2016.

Den gongen var ikkje den russiske innmarsjen på Krimhalvøya i 2014 sett på som eit avgjerande problem. Sanksjonane mot Russland omfatta heller ikkje havbruk og maritim industri.

Marknadseminarer "With Inside Information Russia" som Global Centre of Expertise og Norsk Russisk Handelskammer arrangerte i Ålesund seint i 2015, samla fullt hus.

Sikkert er det i alle fall at det som var bra og såg lovande ut, no er blitt eit problem.

For den mekaniske industribedrifta Bjørdal i Ørsta vart også Russland viktig.

Selskapet lagar mellom anna fabrikkanlegg til fiskeflåten.

- Omlag halvparten av fabrikkane vi har levert dei siste åra fer til Russland, sa Oddbjørn Følsvik, leiar for marknadsføring og sal i Bjørdal til NETT NO i 2020.

Bjørdal etablerte eige kontor i St. Petersburg for å handtere den russiske marknaden. No er selskapet i villreie.

– Vi søkjer no eksterne råd for å gjere dette rett, og kjem vel mest truleg til å suspendere kontraktar vi har gåande. Verken reiarlaget, eller utstyret er sanksjonert, og rådgjevarane våre seier at det vil vere innanfor lovverket å gjennomføre. Noko anna er kva som er lurt å gjere

Det sa Følsvik til NETT NO på eit møte i slutten mars, i regi av Maritim forening for søre Sunnmøre. Tema for møtet var krigen og konsekvensane av den.

NHO-direktør Espen Remme fortalde på same møte at få bedrifter er direkte ramma, ettersom mykje handel med Russland blei redusert etter Krim-annekteringa i 2014. Dei fleste blir indirekte råka av auka prisar, lengre leveringstider og generell stor usikkerheit om framtida, påpeika Remme.

– Samtidig er det først og fremst ei humanitær katastrofe vi står oppe i, sa NHO-direktøren.

Det trur han gjer at mange bedrifter kvir seg for å snakke ope om problema dei møter.

Det er eit langsiktig arbeid med å bygge kjennskap og tillit mellom norsk og russisk næringsliv som no truleg er øydelagt. Om det kan reparerast med dagens makthavarar i Kreml ved roret, er tvilsamt.

Og sjølv om russiske aktørar skulle ønskje å halde fram med forretningane, korleis vil norske selskap vurdere omdømmerisikoen med å handle med russiske partnarar etter Ukraina-krigen?

Bileta og forteljingane etter at russiske soldatar har trekt seg attende frå området rundt hovudstaden Kyiv har berre auka risikoen.

Publisert: 15.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 04.05.2022 10:32

Mer om