Ein av tre ville ofra loenn for interessant jobb
JOBB: Kvar tredje spurte kunne tenkje seg å gå ned i lønn i byte mot meir interessante arbeidsoppgåver.
Nytt

Éin av tre ville ofra lønn for interessant jobb

Kvar tredje spurte kunne tenkje seg å gå ned i lønn i byte mot meir interessante arbeidsoppgåver.

26.05.2016
(NPK-NTB): Det viser ei jobbundersøking som Finn har gjennomført.
– Vi har gjort denne undersøkinga over fleire år, og det er interessant å sjå korleis eigenutvikling har vore ein konstant viktig faktor ved jobbskifte, seier jobbanalytikar Fredrik Schjold i Finn.
Delen er høgast i Oslo. Der seier 39 prosent av dei spurte at dei er positive til lønnskutt i byte mot meir interessante oppgåver.

Gir meir nyansert bilde

Forbrukarøkonom Kristina Picard i Storebrand meiner tala er positive.
– Det er ei påminning om at vi brukar store delar av livet på jobben, at i dagens samfunn er meiningsfulle arbeidsoppgåver vel så viktig som høgare materiell levestandard, i alle fall for ein tredel av arbeidstakarane i undersøkinga, seier ho.
Ho meiner undersøkinga bidrar til å nyansere bildet av at nordmenn fryktar økonomisk krise. (©NPK)

Publisert: 26.05.2016 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57