Adrienne eikrem fjelgt foto marius 11
EIGE KLESMERKE: Adrienne Eikrem har salssuksess med gensarane laga i Pakistan. Torsdag presenterte ho seg for næringskonferansen i heimkommunen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ørsta-gründer satsar på eige klesmerke

Med titusenvis av følgjarar på sosiale medier har Adrienne Eikrem allereie ein marknadsføringskanal.

Marius Rosbach
07.04.2022

Under Næringskonferansen i Ørsta torsdag representerte Adrienne Eikrem eit friskt pust med si gründersatsing.

25-åringen starta enkeltpersonføretak for nokre år sidan og satsar no med klesmerke «Fjelgt». Under konferansen fekk ho nokre minutt til å «pitche» bedrifta si, som starta på pikerommet heime.

Meir frå næringskonferansen:

Bruker sosiale medier aktivt
Eikrem omtalar seg som kreatør, fotograf, modell og tilbyr konsulent-tjenester innan marknadsføring og reklametjenester. Men no er det bygging av «Fjelgt»-merkevaren som står i fokus.

– Det heile starta med at eg hadde 50.000 kroner i sparepengar, ein ide og «human capital», fortalde ho.

Eikrem har bygd seg opp ein solid følgjerskare på sosiale medier, som ho har nytta aktivt i marknadsføringa.

I fjor la ho mellom anna ut på ein «turne» rundt i Norge for å ta bilde med gensarane i kjente omgjevnader. Slik fekk ho raskt vist fram produkta til sine nær 24.000 følgjarar på Instagram.

Det heile starta med at eg hadde 50.000 kroner i sparepengar, ein ide og «human capital»
Adrienne Eikrem

Starta med lager på pikerommet
Tanken bak valet av typen genser som første produkt ut i marknaden, er at det skulle vere eit tidlaust plagg. I tillegg sel dei hattar og t-skjorter.

Namnet «Fjelgt» var det mora hennar som kom på, då dei satt og strikka i barndomsheimen i Ørsta.

Etter at å ha flytta heim frå Oslo i samband med pandemien, starta Eikrem i det små med lager på pikerommet. I dag har ho lager på Austlandet der varene blir pakka. Gensarane blir laga i Pakistan.

Vil utvide verksemda
I dag sel gründeren gensarane i den lokale klesbutikken Aky og netthandelbutikken Getinspired. Bere 28 dagar etter lansering i nettbutikken kunne dei melde at nær halvparten av gensarane dei hadde fått på lager, var selt.

Fasit eit drygt halvår etter oppstarten, er ei genseromsetning på 750.000 kroner. No ser ho etter moglegheiter til å utvide verksemda.

– Vi kan selje mykje meir gensarar, men vi jobbar også med ein plan om korleis vi kan utvide. Eg ønsker også å utvide teamet, legg ho til.

Publisert: 07.04.2022 13:45

Sist oppdatert: 07.04.2022 23:46

Mer om