Rekordinteresse for investormøter
Fullt hus på møteplassen Investormatch - har aldri lokka til seg fleire investorer og bedrifter på kapitaljakt.
Onsdag samlast investormiljøet og gründarar til Investormatch ved NMK i Ålesund. Dette er tredje gong arrangementet til Nordea og ÅKP går av stabelen, etter at det har vore pause grunna koronapandemien.
Håvar Risnes som leiar ÅKP sitt arbeid med vekstbedrifter, fortel til NETT NO at det aldri har vore fleire interesserte frå investormiljøet og bedrifter som er på jakt etter kapital.
For å få plass til alle i salen, måtte arrangørane sette ut fleire stoler i lokalet i sjuande etasje på NMK.
Henta inspirasjon frå Silicon Valley
I løpet av dagen skal deltakarane mellom anna få høyre Rune Stokke fortelje korleis ein veljer ut vekstselskaper og investerer saman med andre.
Rikke Eckhoff Høvding i Nordea starta med å stille spørsmålet «Hvordan kan Sunnmøre bli det nye Silicon Valley». Hun påpekte at regionen ikkje trenger å kopiere den amerikanske suksessen, men at det også var ting å lære.
I tillegg er Arne Tonning i Alliance Venture og Guro Skjæveland i Nysnø Klimainvesteringer blant innleiarane.
Teknologigründere på investorjakt
Seinare på dagen skal fleire gründarar presentere seg for moglege investorar.
Det gjeld mellom anna Ålesund-selskapet Ocean Visioneering, som lagar ei løysing der ein kan møte andre på nettet som digitale versjoner, via VR-briller eller PC.
Dagleg leiar Unni Grebstad fortalde til NETT NO på førehand at dei planlegg å hente 50-60 millionar kroner. Emisjonen skal finansiere tilsetting av fleire folk, marknadsføring og kundestøtte.
Publisert: 23.03.2022 10:55
Sist oppdatert: 23.03.2022 11:00