Elisabeth Holvik Sparebank 1 Foto Ogne
NYE TILTAK: Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 meiner vi kan lære av korleis Noreg fekk fart på økonomien med samarbeide og reformer på 90-talet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar kraftig vekstbrems

Vil lære av solidaritetsalternativet på 90-talet.

07.04.2022

Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 trur Noreg Bank får kontroll over prisstiginga med rentekutta sine, men fryktar prisen blir kraftig brems i den økonomiske veksten.

I dag var ho ein av innleiarane på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta.

For å få ny fart i økonomien etter ein renteauke, utan at prisstiginga skal skyte fart igjen, må det store strukturelle endringar til, seier ho til NETT NO.

Meir frå næringskonferansen:

Det som må til kan samanliknast med det såkalla solidaritetsalternativet - tiltaka for å stryke norsk økonomi og skape fleire arbeidsplassar etter kollapsen etter jappetida på 80-talet.

Då var dei ei brei semje mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarsida, saman med styresmaktene, som omfatta moderate lønsoppgjer, sysselsettingsskapande tiltak og forenling av regelverket.

Skattereform
Øverst på Holvik si liste over det ho meiner må til står ein omlegging av skattesystemet.

Rentefradraget gjer det gunstig å låne og det stimulerer til investeringar i eigedom. Ideelt sett vil Holvik ha rentefradraget vekk, men meiner det viktigaste er å få rentefradraget vekk for privatpersonar.

-Vi må vri kapitalen til produktive investeringar og ikkje inn i eigedom, seier ho.

Det andre tiltaket Holvik ønsker seg er å fjerne formuesskatten, i alle fall på investeringar i industribedrifter. Det er betre å auke selskapsskatten enno behalde formuesskatten, etter hennar vurdering.

Dagens formuesskatt er særnorsk og gjer at bedriftseigarane må ta utbytte ut av bedriftene for å betale skatt. Utanlandske eigarar slepp skatten, og dermed stimulerer formuesskatten til sal av bedrifter ut av landet.

Ny strategi
Ei omlegging av skattesystemet for å støtte opp under norske eigarskap passar godt inn i den forsvarsstrategien som er blitt enda meir aktuell etter det russiske angrepet på Ukraina, meiner Holvik.

Den forsvarsstrategien omfattar også at det blir lagt større vekt på nasjonalt eigarskap over det som blir sett på som strategisk viktige bedrifter, og at en større del av næringslivet blir sett på som strategisk viktig.

Uroleg ti-år
Holvik delte i sitt innlegg mange av vurderingane til Kai Eide, som også heldt innlegg på konferansen.

Den pensjonerte diplomaten er vi redd vi no er inne i det mest ustabile tiåret verda har sett sidan andre verdskrigen.

Verda har blitt farlegare, og den blir meir regionalisert og det blir meir proteksjonisme, spår han.

Publisert: 07.04.2022 13:30

Sist oppdatert: 07.04.2022 14:10

Mer om