Skjønsnemnd Ørsta Volda Sølvi Dimmen Ørnulf Røhnebæk Stein Aam foto Ogne
MØTES IGJEN: Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) og Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) skal møtes i overskjønsnemnda i januar 2023 for å få ei endleg avgjerd om Ørsta skal få erstatning for at deler av Hjørundfjorden blei flytta til Volda. I midten lagdommar Ørnulf Røhnebeck som leidde arbeidet i Skjønsnemda. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ørsta-Volda må vente på dom

Striden om verdien av bygdene innerst i Hjørundfjorden er utsett til januar.

21.10.2022

I komande veke skulle Ørsta og Volda møte i overskjønsnemnda for å få avgjort om og eventuelt kor mykje Ørsta skal få i erstatning for at bygdene innerst i Hjørundfjorden blei overført til Volda.

No gjer sjukdom at saka er utsett til januar 2023.

Bygdene Skjåstaddalen, Bjørke, Finnes, Leira og Viddal blei overførde frå Ørsta til Volda frå 1. januar 2020, som ein del av kommunereformen til regjeringa Solberg.

Der ligg også Tussa sitt største kraftverk, som gir inntekter til eigarkommunen, som før var Ørsta og no er Volda. Inntektstapet vil Ørsta ha erstatning for.

180 millionar kroner
Utan erstatning vil Ørsta kommune tape 180 millionar kroner i inntekter dei neste 20 åra, sa ordførar Stein Aam (Sp) frå Ørsta i si innleiing til skjønsnemnda i januar 2022.

Dei samla inntektene til Ørsta blir ikkje vesentleg svekte av endringa av kommunegrensa. Dermed har Ørsta heller ikkje krav på erstatning, sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) i sitt innlegg.

Ørsta kommune har tidlegare foreslått at Volda kommune skal betale 6,5 millionar kroner for kommunalt finansierte anlegg og utstyr i bygdene. Dessutan skal kraftinntektene frå fallrettane til Tussa-anlegget innerst i fjorden delast 50/50 i 15 år frå 2020 og deretter fem år med nedtrapping, slik at i 2040 tek imot Volda kommune alle inntekter.

Anka etter avgjerd
Dei to kommunane har ikkje greidd å bli samde og møttes i januar i år i skjønsnemnda, som konkluderte med at Volda kommune skal betale Ørsta 5,5 millionar kroner årleg i åra 2020-2027.

Volda anka avgjerda til Overskjønsnemnda.

Publisert: 21.10.2022 14:00

Sist oppdatert: 21.10.2022 13:42