5000 nye statlege arbeidsplassar i Moere og Romsdal
Synspunkt

5000 nye statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal?

Høgre har vedtatt at dei vil flytte statlige arbeidsplassar ut til alle landsdelar. Kva argument finst for at nokre skal lokaliserast til Møre og Romsdal?

03.12.2015
Ser vi på tala aleine treng vi nærare 5 000 nye statlege arbeidsplassar berre for å kome opp på landsgjennomsnittet. Høgre si grunngjeving for forslaget tyder likevel på at óg andre argument må brukast for å vinne fram i denne saka.

Styrka vekstkraft

I vedtaket på Høgre i sitt landsmøte heiter det at «Nye statlige virksomheter og arbeidsplasser skal således bidra til styrket vekstkraft i alle regioner.» I ein situasjon der vi ser konturande av nedgangstider i fleire sentrale næringar her i fylket, burde vi stå langt framme i køa om statlege arbeidsplassar skal fordelast utover landet. Vi kan kome til å trenge styrka vekstkraft i åra som kjem for å vidareutvikle viktige næringar for nasjonen og sikre verdiskapinga i eit av dei fremste eksportfylka i landet.
Statlege arbeidsplasser er ikkje like utsette for konjunktursvingingar som industrien, og vil kunne dempe omslag i privat sektor. Statlege arbeidsplassar gir også større bredde i arbeidsmarknaden, og gjer dermed heile regionen meir attraktiv. Statlege arbeidsplassar kan vere med å styrke og utvikle klynger om ein plasserer dei strategisk. Ein kan jo lure på kvifor petroleumsfylket Møre og Romsdal knapt har ein einaste oljebyråkrat, eller at det vesle vi har innan fiskeri er foreslått svekka til fordel for Trondheim.

Kva seier tala?

Statsforvaltninga i Noreg sysselset i alt noko over 280 000 personar. Av desse finn vi om lag 10 000 i Møre og Romsdal. Desse arbeider hovudsakleg innan undervisning, helse- og omsorg, samt offentleg administrasjon. Sidan 2002 (etter helsereforma) har talet på sysselsette i statsforvaltninga auka med om lag 44 000, kor av om lag 1 000 (2,2 prosent) har kome i Møre og Romsdal. Veksten har kome hovudsakleg i form av vekst i eksisterande føretak og institusjonar.
Dei klare vinnerane når det gjeld statlege arbeidsplassar er Oslo/Akershus, samt storbyfylka Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag. Dei stikk av med litt over halvparten av dei statlege arbeidsplassane. En kan berekne kor stor del statlege arbeidsplassar utgjer; etter folketal, eller etter sysselsette er mest vanleg. Uansett korleis vi reknar, er Møre og Romsdal av dei fylka med lågast del statlege arbeidsplassar.

Møre og Romsdal taper

Nyttar vi lokaliseringa av statlege arbeidsplassar i prosent av folketalet, utgjer dette 3,9 prosent av folketalet i Møre og Romsdal, ikkje mykje høgre enn i Rogaland som med 3,7 prosent har minst. Ser vi på lokaliseringa av statlege arbeidsplassar i prosent av alle sysselsette, ligg fylket vårt saman med Rogaland heilt i botn. Statlege sysselsette utgjer berre 7,7 prosent av dei sysselsette i Møre og Romsdal. Fylket vårt er med andre ord slett ikkje er nokon vinnar i denne samanhengen. Hadde dei statlege arbeidsplassane vore likt fordelt mellom fylka, ville vi hatt 5,3 prosent, ikkje 3,6. Skulle dei vore fordelt etter folketal, skulle vi hatt 5,6 prosent, ikkje 3,9. Skulle dei vore fordelt i forhold til talet på sysselsette, skulle vi dei ha utgjort 11 prosent, ikkje 7,7. Skilnaden mellom Møre og Romsdal og landsgjennomsnittet på desse parametrane utgjer faktisk mellom 4 300 og 5 000 arbeidsplassar.

Stort potensial


5 000 nye arbeidsplassar er faktisk nesten like mykje som alle sysselsette i Ulstein kommune, eller alle arbeidsplassane i Sunndal og Nesset samla.
Om vi berre klarte å relokalisere ein liten del av dette til Møre og Romsdal kunne det utgjere eit stor skilnad i høve til:
  • Dempe verknadane av nedgang i petroleumsretta industri.
  • Gje større breidde i arbeidsmarknaden og arbeidstilbod til andre enn dei som finn spanande arbeidsplassar her i fylket i dag.
  • Styrke og vidareutvikle sterke næringsklynger for eksempel innan petroleum og fiskeri.
  • Utjamne ulikskap i statlege arbeidsplassar mellom fylka og internt i fylket.

Vi har vist at vi har vekstkraft i dette fylket også utan statlege arbeidsplassar som drahjelp. Kanskje vi no treng denne drahjelpa? Eg er i alle fall sikker på at den vekstkrafta vår ikkje vert mindre om ein flyttar nokre statlege arbeidsplassar frå Oslo til oss her oppe i nordvest.

Sysselsatte statleg forvaltning 2013Statlege arbeidsplassar etter fylke 2013
I prosent av statleg forvaltning samla i prosent av folketal i prosent av alle sysselsette

01 Østfold

10 5733,73,78,9

02 Akershus

21 5787,63,88,3

03 Oslo

69 12224,411,115,4

04 Hedmark

10 5203,75,412,2

05 Oppland

8 3502,94,59,5

06 Buskerud

10 1513,63,88,1

07 Vestfold

9 9073,54,19,4

08 Telemark

6 9852,54,19,1

09 Aust-Agder

4 4381,63,99,1

10 Vest-Agder

7 7392,74,48,8

11 Rogaland

16 8535,93,76,8

12 Hordaland

28 61510,15,711,1

14 Sogn og Fjordane

4 8661,74,58,9

15 Møre og Romsdal

10 0913,63,97,7

16 Sør-Trøndelag

23 6378,37,814,6

17 Nord-Trøndelag

5 9412,14,49,4

18 Nordland

14 5035,16,112,5

19 Troms

15 0925,39,418,2

20 Finnmark

4 6061,66,212,2

Noreg

283 567100,05,611,0

* 2013 er siste tilgjengelege tal for sysselsette etter sektor og næring.




Faktaboks:Dette er ein kronikk i serien «Møre og Romsdal mot 2020» der fylkeskommunen tek opp tema som er aktuelle å ta med i planlegginga fram mot 2020. Har du meiningar om temaet, send gjerne innspel til www.mrfylke.no/innspel.

Publisert: 03.12.2015 13:51

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41