Utdanningsforbundet Fylkesleiar og nestleiar
UTDANNING: Nestleiar Håvard Moe og fylkesleiar Gerd Botn Brattli og i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Foto: Utdanningsforbundet
Synspunkt

Alle politiske parti vil satse på læraren i skulen – kva er då problemet?

Utdanningsforbundet har sidan juni streika under mottoet « Vil de satse på elevane så må de satse på lærarane».

Når vi i Utdanningsforbundet les dei politiske partia sine program og visjonar for norsk skule, så opplever vi full tilslutning til vårt streikemotto. Det fløymer over av gode intensjonar og vilje til å gjere norsk skule til den beste og med lovander om kva ein vil gjere når det gjeld satsing på lærarane.

Partia har programfesta både at dei ser utfordringa i norsk skule og kva for tiltak dei vil kome med i følgjande ordlyd:

Ap : «Lærarmangelen i skulen er aukande. Vi vil tilsetje, utdanne og rekruttere fleire lærarar»

SV « Arbeide for at alle elevar skal undervisast av ein lærar med godkjend utdanning»

Sp : « At alle som jobbar i skulen skal ha formell kompetanse»

MDG «Stille krav om at alle kommunar som ikkje har full lærardekning utarbeider handlingsplanar for korleis dei skal sikre at elevane får undervisarar med godkjend lærarutdanning»

Krf: «Sikre at alle elevar vert undervist av kompetente lærarar i alle timar»

H: «Prøve ut nye ordningar for å sikre fleire kvalifiserte lærarar i skulen»

V: «Sikre at eleven har kvalifiserte lærarar i all undervisning»

Frp:» Eit av dei viktigaste verkemidla for å få fleire lærarar, er å styrke læraryrket sin status»

Rødt: « Lærarar treng tid og tillit»

All denne gode og samstemte politiske viljen frå ytste venstre til ytste høgre er noko vi i Utdanningsforbundet kan seie eit tydeleg ja til.

Men kvifor ser ikkje norsk skule ut slik som alle parti ynskjer, kvifor må Utdanningsforbundet og fleire lærarorganisasjonar gå ut i streik med mål om å sikre at elevar får lærarutdanna lærarar i alle timar og i alle fag ?

Svaret ligg i at tariffpolitikk også er utdanningspolitikk. KS sin tariffpolitikk hindrar dei politiske partia i å kunne gjennomføre sine satsingar.

Opplæring og utdanning er eit politisk ansvar.

Så kjære politikarar hugs på at de skaper ikkje morgondagen sin skule med gårdagen sine lærarlønningar. Hjelp KS tilbake til forhandlingsbordet!

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

Fylkesleiar Gerd Botn Brattli og nestleiar Håvard Moe

Publisert: 20.09.2022 06:50

Sist oppdatert: 20.09.2022 06:56

Annonsørinnhold