Fylkesutvalet vidarefoerer ferjekutt
FERJEPRISAR: Prisane på ferjene har vorte ei brennheit politisk sak i år. Eit fleirtal på Stortinget er samde om at dei skal meir ned. Foto: Marius Rosbach
Synspunkt

Ap sin frekkheit har ingen grenser

Fylkesleiar og stortingskandidat Frank Sve (Frp) reagerer på korleis Ap sin toppkandidat framstiller partiet i ferjesaka.

26.07.2021

Når Ap ved Per Vidar Kjølmoen presterer å reise rundt på ferjekaiene i fylket med plakat om halvering av ferjeprisane, har dei brått gløymt at Ap og Sp sendte ferjeprisane til himmels her i fylket, då dei gjekk med 313 millionar kroner i overskot, og stemte imot FrP sitt framlegg i Stortinget om monaleg kutt i ferjeprisane.

Skam deg Kjølmoen, så lågt trudde eg ikkje du kunne gå.

Når Sylvi Listhaug og Frp no fekk forhandla inn i revidert statsbudsjettet med regjeringa eit REELT kutt på 25% i alle ferjeprisane i heile landet gjeldande frå 1. juli, så burde Ap og Kjølmoen og co. halde seg milevis vekk frå ferjekaiene her i fylket.

Makan til frekkheit ferjepolitisk «wonderboy», einaste «wonderboyen» klarer å prestere i praksis, var å auke ferjeprisane til himmels her i fylket, få eit massivt ferjeopprør midt i fleisen, og bli tvinga i kne av sine eigne til å reversere ferjeprisaukane som fylkesvaraordførar.

Kvifor stemte Ap imot Frp sitt framlegg i Stortinget om monaleg kutt i ferjeprisane? Ap og Sp seier ein ting, gjer stikk motsett i praksis.

Eg og Frp meiner folk må måle politikarane på det dei gjer i praksis, ikkje det dei «skriv på èin plakat i valkampen.

Frp har senka ferjeprisane ilag med regjeringa med 25% , og vil fortsette vårt arbeid for reelle lågare ferjeprisar.

Så får berre Ap og Kjølmoen fortsette med å dilte etter Frp, Sylvi og meg, og forsøke å skåre billige politiske smular når Frp driv politikk i praksis, og faktisk kuttar ferjeprisane med 25%»

Rederlegheit i politikken er viktig. Då burde Ap her i fylket holde seg for gode til slik greinaløyse, som å faktisk forsøke å ta æra av noko dei ikkje har påverka i praksis med eit komma.

Frp og underteikna har fremma utallege framlegg i fylkestinget om reduserte ferjetakstar, medan Ap og Kjølmoen stemmer imot kvar gong. Ap og Sp vil heller bruke pengane på opera, bypakker, og å velte milliardar av kroner i bompengar over til innbyggjarane og næringslivet.

Publisert: 26.07.2021 13:37

Sist oppdatert: 26.07.2021 23:50

Mer om