Synspunkt
Dei bortkomne sønene
Denne veka reiste ei gruppe finnmarkingar til Oslo for å markere motstand for måten politikarar ga verdifulle fiskerettigheitar bort billig til ein heimflytta nordmann som skulle gjere ulønsam industri levande att.
03.12.2015
Samstundes går representantar for verdas største oppdrettsselskap på podiet i Bergen og ber dagens politikarar om å hjelpe dei med å få hand om resten av lakse-Noreg. Og avisa Dagens Næringsliv høyrer deira klage og kjem til støtte. Dette forstår eg knapt. Som den vestlending eg er, gjekk eg til Bibelen for å søkje svar.
Politikarane vil det beste for landet. Når nokon med stor suksess i sine eigne forretningar kjem og seier at no skal dei ordne opp i alt som er vondt og vanskeleg langs norskekysten, er det klart at politikarane lyttar. So er det ikkje like klart kvifor dei gang etter gang skulle tru på desse løfta, og utan vidare seremoni overdrage nasjonalt regulerte rettigheiter til desse frå før so velsituerte.
Bøna som karane frå verdas største oppdrettsselskap kom med, var i praksis å få kjøpe all framtidig vekst i norsk lakseproduksjon. Fokus er retta på eingongsbeløpet for å løyse ut konsesjonen, der desse kan betale mest. Verdien konsesjonen har for samfunnet etter at han er sett i drift, er det ikkje like nøye med. Problemet er visstnok desse som sel konsesjonar vidare. At dei fleste vidareselde konsesjonar har enda opp i det som no er verdas største oppdrettsselskap, seier dei lite om.
Faktisk har heile grunnlaget for ein slik gigant lege i at ein kan vidareselje konsesjonar. Kring tusenårsskiftet kjøpte forgjengarane til desse karane opp rubb og rake langs norskekysten. Finansiert av glupske bankar og luftige lovnader til investorar kringom det ganske land. Dette var før det vart umoralsk å omsetje konsesjonar mellom private. No heiter det at ein har jobba lenge og trufast med å byggje opp noko langsiktig og berekraftig.
Men so er heller ikkje problemet dei som alt har selt, dei har jo inngått i ei nødvendig konsolidering. Det er dei som enno driv oppdrett som er parasitten. Dei som var med og grunnla næringa på 70- og 80-talet, og som har arbeidd seint og tidleg for å sikre fisken og utkoma. Dei kan jo kome til å selje når som helst, mest sannsynleg til verdas største og best betalande oppdrettsselskap. Og det kan vi vel ikkje ha noko av?
Målet som karane frå verdas største oppdrettsselskap skisserar, er at mest mogleg av den norske lakseproduksjonen bør ligge i eitt selskap, styrt av nokre få sterke interessentar. Interessentar som ikkje finn det likande å betale skatt til Noreg. Interesser som kjøper og sel verdiar på dagleg basis, etter svingingar i marknadane. Når verdas største oppdrettsselskap, som i dag opererer med lågare marginar enn dei fleste lokaleigde oppdrettsselskap, kan få eige alt, so vil dei få ut stordriftsmarginane. Og det vil vere bra for landet.
So kan ein jo bli litt mutt, om ein var med og prøvde og feila fram denne næringa i si tid, om ein har passa fisken og vore nøye med kronene, om ein har motstått alle tilbod om ein enkel utgang med mykje pengar på bok, om ein har lege vaken gjennom tider med fiskesjukdom og låge lakseprisar, og no får høyre at det er ein sjølv som er problemet for norsk lakseoppdrett. Det er den seige veksten frå ein til to-tre konsesjonar som har vore overstadig og kosta norsk oppdrettnæring berekrafta. Men det er der Bibelen kjem inn.
I evangeliet etter Lukas kan vi lese om den bortkomne sonen. Sonen som selde eigedomen som faren ga han, og rømde landet for å bruke opp pengane. Etter ei tid var han utan ressursar og kom heim til familien. Faren vart so glad at han slakta gjøkalven, ga han fine klede og gullring, og kalla inn til stor fest for den heimkomne.
Den andre sonen, som hadde vore trufast og jobba heime hos faren heile tida, vart snurt og sa; ‘Her har jeg tjent deg i alle år, og aldri har jeg gjort imot ditt bud; men meg har du ikke engang gitt et kje så jeg kunne holde fest med vennene mine. Men straks denne sønnen din kommer hjem, han som har sløst bort pengene dine sammen med horer, da slakter du gjøkalven for ham!’ Faren sa til ham: ‘Barnet mitt! Du er alltid hos meg, og alt mitt er ditt. Men nå må vi holde fest og være glade. For denne broren din var død og er blitt levende, han var kommet bort og er funnet igjen».
Gløymd er førti år med oppdrettshistorie, dei som har bygd opp næringa og som har jobba med sine eigne hender for å få ho til å bli den ho er i dag. Gløymd er lokalsamfunna som har sett av plass til næringa, og sytt for infrastruktur og utvikling i samfunna der ho vaks fram. No må vi glede oss over desse pengekarane som har kasta blikket sitt på oppdrettsnæringa, og hjelpe dei til å få ei best mogleg oppleving.

Publisert: 03.12.2015 14:12
Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41