Ei kald historie
Synspunkt

Ei kald historie

Nokre meiner, og hevdar hardnakka, at så lenge ein fiskar på ein felles ressurs så skal fiskarane ta heilt urasjonelle val heilt uavhengig av økonomi, skriv tidlegare fiskeskipper  Knut Arne Høyvik i eit forsvar for å fryse fisk ombord.

18.11.2020
Både i fiskeripressa og i sosiale media er det stadig vekk diskusjonar om fisk som blir frossen sløyd og hovudkappa om bord (HG), og som går rett ut i marknaden via eit eller anna fryselager. Mange meiner at fisken bør leverast fersk til ei bedrift i land, og at denne frysinga om bord er eit trugsmål mot sysselsettinga på land. At tusenvis av tonn med fersk sløyd hovudkappa fisk går same vegen utan å bli foredla er visst heilt i orden, sjølv om konsekvensane for sysselsettinga på land er om lag den same.
Når eg les enkelte kommentarar skulle ein tru at vi har gjort ei dødssynd. Eg er etter kvart lei av desse diskusjonane for eg veit kva som var grunnen til at vi i autolineflåten tok til å fryse all fisken om bord, vi hadde faktisk eit edelt motiv for det vi gjorde. Eg var med på det, og her er den vel 30 år gamle kalde historia:
Vi var ein av dei to- tre første båtane i denne flåten som la om til frysing av all fangst om bord. Den kinesiske marknaden hadde vi ikkje høyrt om- for oss var det eit reint kvalitetsprosjekt.
I mange år isa vi lange og brosme om bord, og etter kvart vart turane lenger, og både Mattilsynet og Fiskeridirektoratet pusta oss i nakken. Vi måtte enten korte drastisk ned på liggetida, eller finne andre løysingar for å berge kvaliteten på lange og brosme, og vi valde det siste.
Vi starta med å fryse fisken dei første dagane av turen for å korte ned på tida fisken låg i is. Då brukte vi luftfrysing som er ei elendig løysing, samanlikna med frysing i platefrysarar der ein køyrer temperaturen veldig raskt ned.
Torsken salta vi om bord, ein tungvint, arbeidskrevjande og lite lønsam produksjon Vi fraus den torsken som ikkje var kurant til salting, og vi fraus hyse og anna bi-fangst, men vi hadde svært avgrensa frysekapasitet- dette var absolutt ikkje ei løysing for framtida.

Prøvde oss fram

I 1989 gjekk vi inn ein avtale med ei klippfiskbedrift på Ellingsøya ved Ålesund. Vi skulle fryse all lange og brosme på neste tur, for å teste om det var eit brukbart og framtidsretta alternativ. Vi hadde ny båt, og var godt utstyrte med platefrysarar og fryselager i begge lasterom. Vi visste på det tidspunkt at to andre autolinebåtar, «Vikavåg» og «Stålbjørn», allereie fraus all fisk om bord og at brosma deira som gjekk til saltfilet til Italia, heldt ein så høg kvalitet at produsenten ikkje ville ha noko anna.
Vi vart samde om ein pris med klippfiskbedrifta, som tina fisken og produserte den til klippfisk. Då eg såg det ferdige produktet vart eg positivt overraska, fisken var kvit og fin, og klippfiskutbyttet var godt. Dette vart ein vinn-vinn situasjon både for oss og for klippfiskindustrien. Vi vart meir fleksible i forhold til liggetid og aksjonsradius, og industrien vart meir fleksibel i sin produksjon. Før var det slik at når vi lossa 80-90 tonn med isa-fisk var bedrifta låst til å produsere fisken med ein gong. Når det fall saman med at dei måtte pakke klippfisk for eksport til marknaden, var dei ikkje kjøpeklare for nye fangstar. Desse logistikkproblema løyste seg, og eg opplevde at eg var med på noko positivt som peika framover.

Rasjonelle og logiske val

Å vere skipper på ein fiskebåt med 12-14 mann er som å lede ei kva som helst anna slags småbedrift. Det inneber at ein sjølvsagt skal finne og fange fisk, og det inneber at ein gjer det med fisken som gir best økonomisk utbytte for reiarlaget, og ikkje minst for mannskapet som har sin lønn(lott) av fangstverdien. Løner det seg å sende fisken rett ut i marknaden, så gjer ein sjølvsagt det.
Nokre meiner, og hevdar hardnakka, at så lenge ein fiskar på ein felles ressurs så skal fiskarane ta heilt urasjonelle val heilt uavhengig av økonomi. Det er heilt utenkeleg, og det er naivt å tru at eit mannskap på eit fiskebåtdekk legg ned eit stort arbeid med noko som gir dei dårlegare løn, enn dei elles kunne ha fått. Gjennom fleire år har den fisken som er frossen om bord blitt betre betalt enn den som har blitt levert fersk. Dei som fabulerer om at fiskarane skal handle økonomisk irrasjonelt, må gjerne stille seg på liste og overta som skipperar i den norske fiskeflåten. Det er lett å sjå seg blind på den gode innteninga som fiskarane har i dag, men eg kan skrive under på at det ikkje alltid har vore slik. Det er eigentleg heilt logisk at ein havfiskeflåte som opererer ut i ytterkantane av vår 200-mils økonomiske sone, og i fjerne farvatn, måtte finne ein god og effektiv måte å ta vare på kvaliteten, og det har dei gjort.
Den delen av landindustrien som ikkje brukar fisk som er frossen om bord i sin produksjon, må stille seg spørsmålet kvifor det er slik- når produsentar i andre land nyttar det same fryste råstoffet.
Illustrasjonsbiletet viser kjøpmann Bjarte Roth i Spar Vartdal, som har filet forsen ombord i fabrikktrålaren Ramoen som ein av sine salsuksessar.

Publisert: 18.11.2020 14:55

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42