Fagleg svakt fraa NHO
Synspunkt

Fagleg svakt frå NHO

Det er brei semje blant fagøkonomar om at nøytralt utforma skattar fremjar verdiskaping. Da vil marknaden leie kapitalen dit han kastar mest av seg før skatt. Eit breitt skattegrunnlag gjer det også mogeleg å halde satsane låge.Forslaget til regjeringa om vidare nedtrapping av formuesskatten på sokalla arbeidande kapital er difor eit skritt i feil retning, skriv Jarle Møen, professor ved Noregs Handelshøgskole.

17.11.2020
Skal vi høyre på professorane eller jobbskaparane? . Espeset er styreleiar i NHO Møre og Romsdal. . Der skreiv eg at det ikkje finnast grunnlag for å påstå at ein moderat og nøytralt utforma formuesskatt har meir negativ effekt på økonomisk vekst enn andre skattar.
Det falt Espeset tungt for brystet, og han ser liten verdi i akademisk kunnskap. For å avgjere om ein skatt er god eller dårleg held det å snakke med dei som betalar han! Espeset har snakka med mange titals bedriftseigarar. «Alle meiner at skatt på arbeidande kapital hindrar at kapital blir reinvestert i bedrifta som skal skape arbeidsplassar og lokal aktivitet».
Eg deler Espeset sitt engasjement for bedriftsutvikling, og ein ting kan vi være samde om: Pengar som blir betalt i skatt, kan ikkje reinvesterast i bedrifta. Men det gjeld alle skattar. Hadde Espeset spurt bedriftseigarane om arbeidsgjevaravgifta, ville han nok ha fått same svaret. Difor kan ein ikkje studere ein skatt av gongen.
Det viktigaste poenget i innlegget mitt var at store verdsettingsrabattar gir eit anna investeringsmønster enn det ein får med ein meir nøytral formuesskatt kor verdsettinga av ulike typar investeringar ligg nærare marknadsverdi. Banksparing blir no skattlagt særleg hardt, mens investeringar i unoterte aksjar er sterkt skattefavorisert. Det fører til feilallokering av kapital.
Det er brei semje blant fagøkonomar om at nøytralt utforma skattar fremjar verdiskaping. Da vil marknaden leie kapitalen dit han kastar mest av seg før skatt. Eit breitt skattegrunnlag gjer det også mogeleg å halde satsane låge.
Forslaget til regjeringa om vidare nedtrapping av formuesskatten på sokalla arbeidande kapital er difor eit skritt i feil retning. Forslaget målrettar dessutan skattelettane til eigarane av dei mest solide bedriftene. Det er dei som minst treng ei utstrakt hand i desse tider.
Som økonom på ein handelshøgskule, undrar det meg at regjeringa og Næringslivets hovudorganisasjon ikkje har større omsorg for resten av norsk næringsliv. Rapporten frå Frischsenteret som kom tidlegare i haust, viser at to tredjedelar av majoritetseigarane i små og mellomstore verksemder ikkje betalar formuesskatt. Vil ein styrke sysselsettinga i bedrifter med dårleg likviditet, er det ikkje tvil om at redusert arbeidsgjevaravgift vil være eit meir treffsikkert verkemiddel.
Espeset meiner det er bra dersom dagens utforming av formuesskatten vrir kapital vekk frå børsen og bankane. Argumentet synast å vere marknadssvikt i kapitalmarknadane.
For det fyrste trekk han fram at det ikkje eksisterer ein «børsmarknad for lokale bedrifter som er umodne eller som manglar eit stort internasjonalt skaleringspotensial». For det andre meiner han at bankane har «liten kompetanse på å kvalitetssikre investeringar i ny teknologi og nye forretningsmodellar». I tillegg synast han det er bra dersom formuesskatten stimulerer bedriftseigarane til å spreie risikoen sin mindre enn dei ville gjort i ein økonomi utan formuesskatt. «Det er i nasjonens interesse at kvar gründer og bedriftseigar satsar alt på sitt kort og si bedrift.» Dette er eit uvanleg synspunkt. Forsking viser at høg risiko er eit hinder for entreprenørskap, og det er vanlig å ønskje seg eit skattesystem som gjev bedriftseigarane risikoavlasting heller enn det motsette.
Utsegna avslører også ein fundamental inkonsistens i NHO sin argumentasjon. Dersom NHO meiner at ein vridande formuesskatt er betre enn ein nøytral formuesskatt, kan dei ikkje samstundes meine at ingen formuesskatt er betre enn ein skatt med positive vridingseffektar. Spørsmålet er viktig fordi lågare formuesskatt på arbeidande kapital gjer at andre og meir skadelege skatter må haldast høge.

Publisert: 17.11.2020 08:05

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42