Fire sysselsette i resten av landet for kvar sysselsett i reiarlag i Heroey
FOSNAVÅG: Olympic Bibbi bakkar seg inn på Fosnavåg hamn. Artikkelforfattarane meiner at registreringa av sjøfolk gir feil bilde av sysselsettingsstatistikkane.
Synspunkt

Fire sysselsette i resten av landet for kvar sysselsett i reiarlag i Herøy

Arbeidsmarknaden er sentral for å skape sterke regionar. Ein påliteleg statistikk som omhandlar sysselsetting er difor av interesse lokalt og regionalt. Korleis ein registrerer sjøfolk i sysselsettingsstatistikken har skapt diskusjon. Statistikken lyg ikkje, men fortel den heile sanninga? 

Vår kartlegging viser at måten offentleg statistikk vert presentert på ikkje får fram heile sanninga om vekst og verdiskaping på kysten.

Kva er rett, lokalkunnskap eller offentleg statistikk?


Møre og Romsdal fylkeskommune er ein regional utviklingsaktør som ønsker å synleggjere utviklingstrekk i fylket. Når vi i fylkeskommunen produserer Fylkesstatistikk for Møre og Romsdal brukar vi fleire kjelder, m.a. Statistisk sentralbyrå (SSB), kommunane, statlege organisasjonar, interne kjelder og stundom private aktørar vi er i dialog med. Vi får mange tilbakemeldingar på statistikkane vi publiserer, og enkelte gonger blir vi gjort merksame på at lokal kunnskap og offentleg statistikk ikkje stemmer overeins. Kva er då rett?
Frå Herøy har vi fått tilbakemeldingar om at ein opplever at den reelle utviklinga i arbeidsmarknaden ikkje kjem godt nok fram i sysselsettingstala frå SSB.
Problemstillinga er at sjøfolk tilsett i reiarlag i Herøy kommune, som er busett i andre kommunar i landet, ikkje vert registrert som sysselsette i Herøy. Enkelt sagt er det slik at ein del sjøfolk blir registrert med arbeidsstadkommune lik bustadkommune. Grunngjevinga for dette er at dei ikkje har ein (fast) fysisk arbeidsplass i nokon norsk kommune.
Møre og Romsdal har mange kystkommunar og er leiande innan både maritime og marine næringar. Følgeleg vil det være grunn til å tru at fleire av kommunane i fylket er i same situasjon som Herøy. Sysselsettinga, og endringa i denne, i ein av del bedriftene (reiarlag) i desse kommune kjem ikkje fram i tala frå SSB. Samstundes vil kommunane kor sjøfolka er busett, men ikkje sysselsett, få desse som sysselsette i eigen kommune.
Dette gjer at måten ein registrer og publiserer sysselsettingsstatistikk for sjøfolk gir eit noko ufullstendig bilde av utviklinga i arbeidsmarknaden lokalt.

Kva viser statistikken om sysselsettinga i Herøy?


I SSB sine tal for fjerde kvartal 2014 finn vi at det var 4 214 personer sysselsette i Herøy kommune, som også var registrert busett i Noreg. Av desse var 3 319 busett i Herøy kommune. Med andre ord var det 895 personar som pendla til sin arbeidsstad i Herøy. Vi finn også at det var 4 546 personar som var registrert busett i Herøy kommune og sysselsett i Noreg. Det inneber at det er 1 227 busette i Herøy kommune som pendla til arbeid andre stader i Noreg.
Av dei 895 inn-pendlarane til Herøy var det (berre) 125 innafor næringskodar knytt til «transport og lagring» (sysselsettingsstatistikk er basert på næring, ikkje yrke). Næringsaktivitet knytt til forsyning og andre sjøtransporttenester for offshore er ei av næringane inkludert i denne gruppa.

Kva viser ikkje statistikken om sysselsettinga i Herøy?


For å kaste lys over problemstillinga har vi gjennomførd ei lita kartlegging blant nokre av reiarlaga i Herøy. I undersøkinga spurde vi om talet på tilsette og kvar dei budde. Undersøkinga dekker berre eit utval av reiarlaga og ikkje alle tilsette i næringa i kommunen. Tala som er nytta i analysen er frå reiarlag som har ei overvekt av fartøy nytta i oljenæringa offshore. Reiarlag med hovudvekt på til dømes fiske er ikkje med i tala.
Dei innsamla tala inneheld informasjon om nærare 2 500 sysselsette i fem utvalde reiarlag. I underkant av 1 900 av desse er busett i Norge. Av dei er fire av fem, om lag 1 500 personar, busett i andre kommunar enn Herøy. Som vi viste i førre avsnitt viser den offisielle sysselsettingsstatistikken 125 innpendlarar innafor næring knytt til «transport og lagring» i Herøy, medan våre innsamla data for ein del av næringa (eit relativt stor utval) viser tal som er 12 gonger større, omlag 1 500 personar. Det er grunn til å tru at dei 125 innpendlarane er sysselsett på land, i administrasjon og liknande.
Kartlegginga viser at det er langt fleire som har et sysselsettingsforhold til ein arbeidsgivar i Herøy enn kva statistikken viser.

Kva gjer vi med dette?


Statistikk kan ikkje beskrive samfunnet vi lever i nøyaktig. Det vil derfor vere område kor datamaterialet ikkje stemmer heilt overeins med lokal kunnskap, eller ikkje gir eit fullstendig bilde. Når det gjeld dei tilsette i reiarlaga i Herøy, så kjem ikkje alle dei tilsette sjøfolka fram i statistikken for Herøy. Desse kunne blitt registrert med Herøy som arbeidsstadskommune sidan selskapa høyrar til i kommunen. Ei slik registrering vil kunne gje opphav til diskusjonar om registreringspraksis også for andre yrkesgrupper og sektorar med liknande problemstillingar.
Med bakgrunn i undersøkinga så har Møre og Romsdal fylkeskommune starta ein dialog med SSB for å få klarlagt korleis registreringspraksisen fungerer i dag, og om det bør endrast i framtida. Vi ønskjer å få kunnskap om dei korrigeringane som blir gjort i datamaterialet som omhandlar bustads- og arbeidsstadskommune for sysselsette i næringar kor slik korrigering gjerast. Når vi har klarlagt dette, kan vi sjå om og korleis offentleg statistikk kan supplerast med informasjon frå andre kjelder for å sjå ringverkandane til dømes reiarlaga skapar i heile Noreg. Resultatet vil vere ein statistikk som brukarane kjenner seg meir igjen i, slik at lokal kunnskap og offentleg statistikk går meir overeins. Statistikken vil dermed stå fram som meir påliteleg overfor brukarane.

Ei båtlengde føre


Næringslivet i Herøy ligg «ei båtlengde føre» oss som syslar med statistikk. Herøy, og andre kystkommunar med mange reiarlag, ville plassert seg langt høgare på sysselsettingsstatistikken med ein anna praksis for registrering av sjøfolk i denne statstikken. Vi vil halde fram dialogen med SSB for å sjå om det er mogleg med ny praksis samstundes som vi ser på korleis vi kan supplere statistikken om praksis ikkje vert endra.
Vi er samde med dei kritiske røystene frå Herøy som meiner at dagens statistikk ikkje viser eit fullstendig bilde av vekst og verdiskaping på kysten.

Forfattarar:


Trygve Grydeland, RådgivarTorbjørn Digernes Jakobsen, Rådgivar
Statistisk sentralbyrå, tabell 03321, sysselsette per 4. kvartal 2014
Statistisk sentralbyrå, tabell 03321, sysselsette per 4. kvartal 2014. Personar med registrert arbeidsstad på sokkelen, Spitsbergen, Bjørnøya, Hopen og Jan Mayen er medrekna.
Statistisk sentralbyrå, tabell 07983, sysselsette per 4. kvartal 2014
Tala vart samla inn i september 2015. Dei er difor ikkje direkte samanliknbare med SSB sine tal frå fjerde kvartal 2014, men dei kan brukast til å belyse temaet i denne kronikken. Nedbemanninga i bransjen etter undersøkinga vart gjort er ikkje tatt med.

Publisert: 10.02.2016 22:22

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41