Fraa enten eller til baade og samfunnet
Synspunkt

Frå enten/eller til både/og-samfunnet!

660 000 tapte årsverk i Norge kvart år på grunn av dårleg helse eller arbeidsløyse plasserer Norge på verdstoppen i OECD sin statistikk. Vi har kanskje råd til dette i dag, men det er ikkje berekraftig 10-20 år fram i tid.

03.12.2015
Berre i vårt fylke utgjer dette over 13 000 årsverk. Årsakene er komplekse, men fagmiljøa innan helse- og arbeidslivsforsking er samde om at det er mogleg å rokke ved dette talet. Velferdsordningane våre er under press på sikt, når stadig færre er i arbeid bak kvar person på trygd eller pensjon. Men minst like viktig må det vere at altfor mange som gjerne vil delta i arbeidslivet ikkje får høve til det. Ei viktig årsak har vore eit noko stivbeint trygde- og pensjonsregelverk. Det er no historie.
Det nye pensjonssystemet som vart innført i 2010, har gitt høve til å kombinere arbeid og pensjon på ein fleksibel måte. Sogn og Fjordane er eitt av seks fylke som alt har nådd målet om auka pensjonsalder i IA-avtalen. Det er bra!
No tek vi eit nytt steg gjennom uførereforma som vert sett i verk frå 1. januar 2015.
Målet er det same som for pensjonsreforma: Fleire skal få høve til å nytte arbeidsevna si. No vert det mykje enklare å kombinere inntekt og uføretrygd. Det betyr i praksis at du kan jobbe så mykje du vil og klarar, utan å vere redd for å miste retten til trygd. Du kan sjølv løpande justere inntekta opp mot trygda via - Ditt NAV, slik at utbetaling av trygd vert justert månad for månad. Noverande karantenetid på eitt år før ein kan starte i arbeid, vert fjerna. Og det vil sjølvsagt løne seg å ha inntekt ved sida av uføretrygda.
Regjeringa har lagt inn ei treårig kompensasjonsordning for dei som vil kunne få mindre utbetalt fordi trygda vert skattlagd som vanleg inntekt, og satsen for frådrag av gjeldsrenter vert noko lågare enn tidlegare.
I Sogn og Fjordane har 5 255 personar heil eller gradert uførepensjon. Talet har samla vore stabilt dei siste åra, men det er grunn til å vere uroa over at delen unge mottakarar aukar, sjølv om auken er klart mindre i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Vi har 211 uførepensjonistar i aldersgruppa 18-29 år, medan gruppa 30-39 år utgjer 388 personar. Dette er alt for mange i forhold til dei målsettingane vi har for dei unge. Forsking viser at arbeid er viktig for livskvalitet og helse, og særleg viktig for menneske med lettare psykiske lidingar. Dette er generelt ei sterkt veksande diagnosegruppe i samfunnet vårt, og særleg blant dei unge.
Spørjeundersøkingar som er gjennomførde nyleg, syner at det er stor interesse for dei nye reglane hjå dei som har uførepensjon i dag. Dei viser at ein av tre ønskjer å få vite meir om å kombinere inntekt og uføretrygd. I Sogn og Fjordane utgjer dette 1 750 personar. Dette er svært positivt, men ser vi som arbeidsgjevarar moglegheitene som ligg her?
For deg som arbeidsgjevar vil nytt regelverk gjere det mykje enklare å tilsette ein som kombinerer arbeid og trygd, fordi det ikkje vert sett nokon grense for kor mykje den tilsette kan tene. Du kan då gjere deg betre nytte av medarbeidaren sin arbeidskapasitet og du vil i større grad kunne behalde både kunnskap og erfaring i bedrifta.
Vi ser heldigvis at bruken av gradert uførepensjon er relativt høg i Sogn og Fjordane. Dette er eit godt utgangspunkt, og no må vi legge godt til rette for mange fleire som ikkje kan jobbe full dag og full veke. Her er det mange hender og hovud med mykje kompetanse og arbeidserfaring som fylket treng.
Nytt regleverk vil til dømes gjere det lettare for mange med kroniske lidingar og varierande arbeidsevne å delta. Mitt ønskje er at ny uføretrygd kan motivere og gje fleire mulegheit til å jobbe så mykje som dei kan. Det er ein vinn-vinn situasjon som vi alle må vere opptatt av å utnytte.
Vi er forbi tida der du enten er sjuk eller frisk - enten er i arbeid eller er ufør.
Både/ og-samfunnet er her!

Publisert: 03.12.2015 14:04

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41