Vartdal oppdrett
NEI TAKK: Ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven er redd distrikstkommunar med oppdrettsaktivtet vil tape, ikkje tene, på auka skatt på oppdrettselskapa.
Synspunkt

Grunnrenteskatt er distriktsfientleg

Grunnrenteskatt på havbruk er næringsfiendtleg og distriktsfiendtleg politikk, som merkbart vil svekke og stoppe utviklinga av Noreg si viktigaste framtidsnæring, skriv ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V).

Regjeringa sitt forslag på skattelegging av havbruket høyrest i første omgong svært forlokkande ut. «No er det dei rike som skal betale, og dei skal berre betale frå det store overskotet dei har, og endeleg får kommunane som ofrar sine naturressursar noko direkte att i kommunekassa.»

Finansminister Vedum si framlegging av sine teoriar rundt grunnrenteskatt burde ha skapt jubel og glede i heile kyst-Norge, men enno har eg til gode å høyre om dei som har rekna seg fram til meir pengar i 2023 enn det ein har med dagens løysing.

Og lyttar vi til næringa sjølv så fortel dei om ein grunnrenteskatt på 40% og ein samla effektiv marginalskatt på 62% for den norske havbruksnæringa frå skatteåret 2023. Kven har rett?

Grunnrenteskatten vil få store konsekvensar for den norske havbruksnæringa, men også for små distriktskommunar, som har sett med glede på investeringar sjømatnæringa har sett i gong, men som no effektivt er stoppa. I tillegg får vi kraftig svekking av den norske næringa sin internasjonale konkurransekraft. Utanlandske deleigarar er rysta over kor raskt Norge endrar sine konkurransebetingelsar, og opplever Norge som ein useriøs rammeleverandør.

Fakta er at verda ikkje treng ikke norske fjordar for å produsere laks, men fordi konkurranseforholda har ligge så godt til rette så har vi vore å foretrekke. Det er godt mogleg drive oppdrett av laks i sjø, på land og til havs, og såleis er havbruksnæringa både global og mobil.

Grunnrenteskatten fører til at den norske havbruksnæringa går fra å vere best i klassen på kostnader med blågrøn regjering, til å bli blant dei dårlegaste i verda med raudgrøn regjering.

Både konkurransekraft og investeringsevne er kraftig svekka med vår nye regjering. Resultatet er tapte inntekter til Norge på kort sikt, men også på lengre sikt fordi planlagde framtidige arbeidsplassar aldri blir realisert, grunna auka kostnadsnivå.

Medan finansminister Vedum beundringsverdig håpar på at det berre er dei største selskapa som blir ramma, og at dette vil legge att millionar i distriktskommunar, så er fakta at utviklinga i distrikta stoppar opp, og eksisterande næring i kystsamfunna overfører sine skapte verdiar til sentrale strok.

Over halvparten av dei om lag 85 selskapa i havnæringa har en produksjon på meir enn 5 000 tonn. Disse selskapa representerer heile 93% av dei tilsette og den totale norske produksjonen, og må betale grunnrenteskatt.

Når då Vedum lovar fråtrekk for investeringar i sjø, så gløymer han å fortelje at dei verkeleg store investeringane no skjer på land, med smolt og postsmolt, der regjeringa ikkje blir medinvestor, fordi produksjon på land ikkje gir rett til frådrag. Dermed blir planlagde investeringar stoppa, og dermed rammar staten 10 000 tilsette i næringa og meir enn 30.000 i leverandørindustrien.

Havbruksnæringa bør sjølvsagt betale skatt og avgifter på lik linje med andre næringar, og kommunar som gir tilgang på naturressursar bør få kompensasjon for det. Både når det gjeld havnæringar, vindkraft, mineralar og vasskraft. Slik sett er det fornuftig av regjeringa å sjå på korleis ein skattelegg.

I dag betalar havbruksnæringa for vekst til staten, havbrukskommunane og fylka. I tillegg kjem produksjonsavgift til kommunane og fylka, også kalla lakseskatten, som vart innført i 2021. Denne skatten vart innført i samarbeid med næringa, men då med forventningar om at ideen om grunnrenteskatt vart lagt vekk. 

Næringa opplever allereie i dag krava for vekst og produksjonsavgift som ein grunnrenteskatt i havbruket. Er det då fornuftig å legge ein skatt til på toppen?

Forslaget om grunnrenteskatt på havbruk er næringsfiendtleg og distriktsfiendtleg politikk, som merkbart vil svekke og stoppe utviklinga av Noreg si viktigaste framtidsnæring. Kapitalen og produksjonen kan tilpasse seg og flytte.

Vil vi vere med på å gjere levande kystsamfunn til den store taparen? Er det greitt at kysten tapar sjansen for fleire arbeidsplassar? Vil regjeringa sine gode intensjonar stoppe lokal verdiskaping, i staden for å bygge landet?

Tør vi dette?

Publisert: 13.10.2022 07:35

Sist oppdatert: 14.10.2022 09:45