Synspunkt
Kommune-NM: Kystkommunane er sterke på næring
NHO sitt kommunebarometer fortel oss noko viktig som Sogn og Fjordane må ta tak i, og det er det uforløyste potensialet på kysten.
06.09.2016
Manglande effektive bu- og arbeidsområde hindrar samhandling i næringslivet, politisk samhandling og moglegheiter for at folk flest kan bu og arbeide i nabokommunen. Sjølv om kommunane Vågsøy og Flora gjer det rimeleg godt samla sett, og hamnar begge i klassen «nest best», ser vi samanlikna med fylka sør og nord for oss at kysten av Sogn og Fjordane heng etter.
Næringslivsindeksen for Sogn og Fjordane viser at privat næring er sterkast langs kysten. Flora er på 23. plass i landet og andreplass i fylket, Vågsøy på 19. plass i landet og førsteplass i fylket.
Kategorien næringsliv baserer seg på underkategoriane næringsvariasjon, nyetableringar, inntektsnivå og privat sysselsetjing. Innan næringsvariasjon ligg faktisk Flora på førsteplass i landet, medan Vågsøy er nr fire, med ein annen kystkommune, Gulen, på andreplass.
Også Selje og Bremanger er i den beste klassen for næringsvariasjon. Dette viser at desse kystkommunane har svært god breidde i næringslivet, vi er ikkje avhengige av eit fåtal bedrifter eller næringar.
I kategorien privat sysselsetjing scorar også Flora og Vågsøy svært godt. Flora som nr 73 i landet og fire i fylket, Vågsøy som nr 42 i landet og tre i fylket. Her ligg alle dei andre kystkommunane i fylket i klassane «middels» og «nest best». Med andre ord: Kysten er sterk på privat sysselsetjing, med Flora og Vågsøy som dei største motorane.
Ser vi derimot på arbeidsmarknaden og underkategorien arbeidsledige, har fleire kommunar på kysten utfordringar, inkludert Flora og Vågsøy. Og i underkategorien arbeidsmarknadsintegrasjon (kor mykje pendling det er mellom kommunane), kjem heile kysten frå Selje til Askvoll svært dårleg ut. Dette understrekar behovet for snarleg realisering av Kystvegen, som vil vere med på å knyte saman bu- og arbeidsområda i desse kommunane og knyte saman regionen.
Kystvegen er ein vesentleg faktor for vidare vekst i bedriftene på kysten, for å transportere varer til hamnene og dermed få gods frå veg til sjø, enklare tilkomst til Flora lufthamn og for pendlingsmoglegheiter mellom kommunane. I dag er kvar enkelt kommune i stor grad isolert kommunikasjonsmessig, og vi klarer ikkje å samhandle som vi ønskjer.
Samla sett understrekar resultata det vi på kysten lenge har forfekta: Kysten av Sogn og Fjordane er svært sterke på næringsliv og verdiskaping. Ikkje berre utgjer vi motoren i Sogn og Fjordane, vi er på landstoppen i enkelte kategoriar. Desse resultata skal vi vere stolte av, og saman jobbe for å behalde og vidareutvikle.
Underteikna har gått i bresjen for eit tettare samarbeid på kysten. Vi vil etablere eit kystregionråd for meir samhandling mellom kystkommunane fordi vi meiner vi står sterkast saman. Vi utfyller kvarandre godt sidan vi har variert næringsliv, samtidig som vi har felles moglegheiter og utfordringar.
Vi ser i NHO si undersøking at vi er sterke i svært mange kategoriar, medan vi slit med kommunikasjonar og pendlingsmoglegheiter. Dette er utfordringar vi må stå saman om å løyse, t.d. gjennom realisering av kystvegen, Stad skipstunnel og vidareutvikling av båtruter. For å få til det er vi også avhengige av at resten av fylket ser den store verdiskapinga på kysten og det enorme potensialet i vidare vekst og blir med på å utløyse dette.
Ola Teigen, ordførar Flora kommune (Ap)Kristin Maurstad, ordførar Vågsøy kommune (Ap)

Publisert: 06.09.2016 09:23
Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41