Ulstein
ULSTEIN: Olav Høydalsvik og Per Vidar Kjølmoen utfordrar næringsministeren for å berge arbeidsplassar. Foto: Privat
Synspunkt

No må du vakne, næringsminister!

Konkurs i Kleven, 100 tilsette i Ulstein Verft ute og no til saman 60 tilsette overflødige ved Kongsberg Maritime. Kva tid har du tenkt å gjere noko, næringsminister Iselin Nybø (V)?

Maritime næringar er eit område der Norge er i verdstoppen. Sektoren skapar enorme verdiar for nasjonen Norge. No er det tøffe tak for deler av næringa. Kleven gjekk konkurs, 30 tilsette ved Kongsberg Maritime missa jobben og 100 tilsette ved Ulstein Verft må gå. No er det 30 nye i Kongsberg Maritime som står på spel.

Høgre og Venstre, no kan de ikkje sitte på gjerdet og sjå på at norske arbeidsplassar forsvinn ut av landet, lenger!

Næringsminister Iselin Nybø (V) i den Høgrestyrte regjeringa vart kraftig utfordra då 30 tilsette i maskineringsavdelinga ved Kongsberg Maritime missa jobben. Ho gjorde ingen ting. No er det nye 30 tilsette som kan misse jobben i selskapet der næringsdepartementet sjølv er hovudaksjonær.

No må du vakne, næringsminister! Maritime næringar skal skape verdiane som gjer det mogleg for oss å bygge gode skolar og ha ein verdig eldreomsorg i heile Møre og Romsdal. Då treng vi ein aktiv næringspolitikk og ein aktiv eigarskapspolitikk, ikkje folk som tvinnar tommeltottar i Oslo medan arbeidsplassane i distrikta blir borte.

Så kva vil du gjere for å berge dei 30 tilsette i Ulsteinvik?

Per Vidar Kjølmoen
Førstekandidat til Stortinget for Møre og Romsdal Arbeidarparti

Olav Høydalsvik
Fellesforbundet, Søre Sunnmøre

Publisert: 03.07.2021 20:18

Sist oppdatert: 26.07.2021 13:30

Annonsørinnhold