Tom Oyvind Solheim Tonje Bjerkan Nordfjordkompaniet
500 MILLIONAR: Tonje Bjerkan og Tom-Øyvind Solheim oppmodar om 500 millionar kroner i utviklingsstøtte til ny drift hos Brødrene Aa. Foto: Nordfjordkompaniet
Synspunkt

Når Brødrene Aa fell, fell framtidstrua i distrikta

Vi utfordrar no det offentlege: Still med kapital. Gje Brødrene Aa – og det dei representerer – ein sjanse, skriv Tom-Øyvind Solheim og Tonje Bjerkan i Nordfjordkompaniet

Brødrene Aa er konkurs. Ei av dei mest framtidsretta verksemdene i norsk industri er borte. Over 170 arbeidsplassar er tapt. Det er eit tap for bygda Hyen, for Nordfjord – og for Noreg.

Dette handlar ikkje berre om ein arbeidsplass. Det handlar om tilliten til at det nyttar å satse i distrikta.

Bak slike verksemder står menneske som ser lenger enn profitt. Dei ser ungdom som treng ein plass å starte. Dei ser lokalsamfunn som treng håp, stoltheit og liv. Dei investerer tida, evnene og hjartet sitt i å skape noko for fleire – og dei tek risikoen.

Brødrene Aa var slike folk. Dei tok inn lærlingar, bygde fagmiljø, gav vaksne moglegheita til å ta fagbrev, samarbeidde tett med vidaregåande skular, og var opne for utradisjonelle utdanningsløp. Dei kombinerte teknologi, utdanning og samfunnsbygging – med ukueleg optimisme og iherdig innsats – i praksis.

Brødrene Aa var ikkje berre ei lokal eller nasjonal bedrift. Dei var verdsleiande innan karbonfiberteknologi – ei unik blanding av industri, design og høgkompetanse. Dei beviste at bygde-Noreg kan levere teknologi i verdsklasse, og at eksportinntekter ikkje treng springe ut frå storbyar.

Gjennom samarbeid med FoU-miljø, leverandørar og andre aktørar i regionen bygde dei opp eit heilskapleg økosystem for innovasjon – og inspirerte andre gründerar til å følgje etter.

Vi som jobbar med rekruttering og samfunnsbygging ser det kvar dag. Når slike bedrifter forsvinn, er det ikkje berre tal i rekneskapen som forsvinn: Då mister ungdom framtidstru. Då blir tilflytting vanskelegare. Då fell aktivitet, samhald og identitet i lokalsamfunnet. Då svekkast skule, butikk, barnehage, frivilligheit og fellesskap. Og då misser vi ein av dei viktigaste arenaene for å få folk inn i arbeid og utdanning.

Brødrene Aa sysselsette mange i ei lita bygd. Dei gav økonomisk tryggleik for familiar, skapte ringverknader for tenester, og heldt liv i butikk, barnehage og skule. Dei viste at det er mogleg å rekruttere kompetanse til distrikta gjennom målretta innsats.

No står 13 lærlingar utan læreplass – og ei heil bygd utan sin største arbeidsgivar. Det er dramatisk – ikkje berre for Hyen, men for heile Noreg.

Vi trur på det grøne skiftet. Men vi må erkjenne at det ikkje heng alltid i hop. Krava kjem fort. Teknologien må henge med. Men bedrifter som Brødrene Aa, som har gått føre med lette og energieffektive båtar, må få tid, kapital og risikoavlastning til å utvikle dei løysingane vi alle ber om. Om ikkje, er det ikkje eit insentiv for å vere tidleg ute – det er ein straff.

Eigarar og leiarar i slike bedrifter er ikkje ute etter å maksimere gevinst – dei er ute etter å maksimere moglegheiter. For bygda, bransjen og landet. Men dei møter særnorske skattereglar som strammar inn. Dei får lite rom for feil i utviklinga. Staten flyttar ikkje arbeidsplassar til distrikta, trass i at verdiskapinga skjer der. Og fleire norske verksemder blir selde ut, ikkje fordi dei vil, men fordi dei må.

Vi må snu dette. Vi må gjere det lettare å satse – også i feil postnummer.

Dette handlar ikkje om å peike finger. Det handlar om kva samfunn vi vil vere. Vi må byggje eit Noreg der det er mogleg å skape noko stort – også i ei lita bygd.

Vi utfordrar no det offentlege: Still med kapital. Gje Brødrene Aa – og det dei representerer – ein sjanse.

500 millionar i utviklingsstøtte til ei verksemd som i fleire tiår har levert framtidsretta løysingar, utdanna fagfolk og halde oppe eit heilt lokalsamfunn, vil vere ei kraftfull investering i både menneske, teknologi og berekraft. Det vil vere eit tydeleg signal om at vi som samfunn ønskjer å satse vidare – ikkje miste det vi allereie har bygd opp.

Dette handlar ikkje om å redde éi bedrift. Det handlar om å redde eit prinsipp.

Prinsippet om at det nyttar å satse i distrikta. At det er plass til eldsjeler. At teknologi og samfunnsutvikling kan gå hand i hand – over tid.

No er tida inne for å gå frå ord til handling. For kvar dag som går, blir det vanskelegare å hente tilbake det som har gått tapt.

Publisert: 09.06.2025 11:44

Sist oppdatert: 09.06.2025 11:44

Mer om