Stolar paa at Kina loeyser luftforureininga
Synspunkt

Stolar på at Kina løyser luftforureininga

Utanfor kontoret mitt her i Kina viser måleinstrumenta av lufta er helseskadeleg. 

16.04.2014
Eg sit no på Skogstad sitt representasjonskontor i Kina tidlig om morgonen, på ei av mine fem-seks årlege reiser etter at eg flytta heim til Noreg ved årsskiftet 2012/2013 og tok over som dagleg leiar ved Skogstad Sport AS.
Då eg budde her så tok eg meg sjølv mange gonger i å seie eg skulle «heim» etter feriar og opphald i Norge. I dei ti åra eg budde her fann eg meg godt til rette, og eg kjenner meg veldig heime i Kina. Det heng nok og saman med at eg gifta meg med kona mi Hongmei, som er kinesisk og som eg no har ei dotter med - Dina.
Eg har vore heldig som har fått oppleve på nært hold ei vanvittig utvikling og endring gjennom desse åra. Det har skjedd i ein slik fart at eg trur det vil ta lang tid, om nokon gong, at verda vil sjå makan. Dette er erfaringane eg ikkje ville vere utan.
Kina er også kome langt på få år når det gjeld infrastruktur, som til dømes utbygging av lyntog-nettet. Her har det skjedd mykje dei siste åra. Før tok det 30 timar med tog frå Shanghai til Beijing, no tek det seks.
Det er blitt bygd opp ca 18.000 km med lyntog-liner det siste tiåret.
Der det var utrangerte togsett då eg kom, knyter no supermoderne tog med toppfart 400 km/t saman dei fleste større byar.
Men Kina har store utfordringar når det gjeld å ta vare på miljøet og naturen, for oss sjølve og våre etterkomarar.
Sjølv har eg telefonvarsel som viser meg AQI (Air Quality Index – luftkvalitet indeks) dagleg. Den viser i grader dei helsemessige effektane dette gir. Indeksen går frå 0-500 der 0-50 er god, og 300-500 er giftig. Medan eg skriv dette ligg indeksen på 173. Det er er uheldig for helsa, og indeksen har vore oppe i 500 denne månaden. Dette, og ei skodde av smog, er ein tankevekkjar om kva miljøtrugsmål ein står framføre her.
Det er ikkje berre trykkje på knappen for at luftkvaliteten og miljøet skal betre seg i eit land som Kina. Landet har 1,4 milliardar innbyggarar, og har hatt ein astronomiske vekst dei har hatt dei siste 10 åra, som hovedleverandør av produksjon til alle slags bransjar i verda.
Med den aukande levestandarden i Kina kjem det også materielle gode inn. «Alle» skal no ha bilar, og i Beijing blir det sagt at det blir selt 3000 bilar, i veka. I Hangzhou blir det selt 800 bilar i veka. Det blir mange bilar, nå ein tel opp alle byane som finst her.
Det blir brukt enorme mengder med elektrisitet til industri og privatbruk. Elektrisitet er jo sjølvsagt ikkje syndaren i seg sjølv, men når ein brukar kolkraft som hovedkjelde til elektrisitet så blir det eit problem med alt kolstøvet som legg seg i lufta.
Det er nok først og fremst kolkrafta som bør finnast alternativ til for å hjelpe miljøet.
Der kona mi kjem frå, byen Yichang i Hubei provinsen har dei den største vasskraftstasjonen i verda, «Yangtze Three Gorges Project».
Den besøkte eg rett før den var ferdig. Det er eit enormt byggverk det tok 15 år, og kosta heile 26 milliardar dollar å bygge. Anlegget produserer 80 Twh årleg.
Kinesiske styresmakter er meir klar over miljøproblema enn vi gjerne trur. Kinesarane har mange jarn i elden, sjølv om dei gjerne ikkje går så hardt ut med det. Det er meir typisk for Kina å handle framfor å bruke store ord.
Dei daglegdagse miljøproblema, som luftkvalitet ser vi no meir omtale av i kinesiske media. Innbyggjarane er også iferd med å bli medvitne og veldig kritiske til det aukande miljøtrugsmålet.
Eg føler at det auka medvetet om miljøproblema er eit langt steg i rett retning, men det er nok framleis eit stykke å gå.
Vi som driv bedrifter må jobbe på beste vis for å bruke produkt som ikkje naturen og mennesker tek skade av.
På Skogstad har vi alltid hatt miljø som eit viktig punkt, og har strenge retningslinjer for korleis ting må vere, som produsentane må signere på. Dette held vi oppsyn med og blir følgt opp til ei kvar tid. Vi har idag ingen kjende helse- og miljøskadelege produkt i vår produksjon.
Ved det norske miljødirektoratet er det også god hjelp å få. Direktoratet er langt framme og ofte i forkant av dei europeiske miljøstandardane. Skogstad har alltid helde seg til det norske regelverket, i tillegg til europeiske standardar.
Det kjem alltid ein dag der kle skal kastast, då må vi sørge for at produkta våre er nedbrytbare i naturen.
Vi som bedrifter, må gå inn for å verne miljøet i våre bransjar, både i Kina og andre land det blir produsert i.
Vi på Skogstad har lenge hatt merksemd på dette, og det opptek meg like mykje privat, som det gjer som bedriftsleiar.

Publisert: 16.04.2014 07:00

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41