Gjermund Kvernmo Langset foto Ogne
Dersom vi til stadigheit skal ta til media eller sette oss på nattbussen til Løvebakken for å rope høgt om alt som er vanskeleg, så finn vi nok få løysingar, meiner Gjermund Kvernmo Langset. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Vi kan ikkje fortsette på same måte og forvente eit anna resultat

– Kva om vi snur litt på det, spør The North West-leiaren i dette synspunktet om attraktivitet og regionutvikling.

Henrik Dalelid Vedde løftar i sin kronikk 19. april mange gode spørsmål og refleksjonar kring attraktivitet og regionutvikling. Men det er lite vi ikkje har høyrd før, eg vil difor nytte anledninga til å utfordre både han og andre.

Det er heilt riktig at det på Arena Sunnmøre vart diskutert kring utfordringane i befolkningsutviklinga i distrikta, dei byr på store utfordringar. Det er riktig nok ei utflating i befolkningsnedgangen i distriktskommunane. Ikkje fordi unge plutseleg vil bu der, men fordi det berre er «gamlingar» igjen. Og dei flyttar normalt sett ikkje til Grünerløkka for å finne seg sjølv.

Men mellom gode refleksjonar og synspunkt frå Victor Norman, var det viktigaste poenget han kom med i sitt foredrag dette; Møre og Romsdal har alt som trengs for å vere ein attraktiv stad i framtida, men vi blir det ikkje om vi gjer alt på same måte som vi alltid har gjort.

I mange samanhengar er nok eg for ungdom og rekne, knapt nok gyteklar. Men, heilt frå eg flytta til Ålesund for å studere for åtte år sidan, har diskusjonen og argumenta kring regionutvikling vore dei same. For mange flyttar vekk, vi har for lite urbane kvalitetar, vi har for lite statlege arbeidsplassar, kollektivtilbodet er for dårleg og døtrene våre må kome heim igjen og kalve. Til trass for at dei er gjentekne så mange gongar at dei nesten er med i kvar utgåve av Sunnmørsposten av gammal vane, har dei ført lite med seg.

Kva om vi snur litt på det?

Veldig mange flyttar til! Vedde trekk fram at få studentar herifrå flyttar tilbake etter avslutta studie (etter tal frå 2009), det gir eit mangelfullt bilete av situasjonen. NTNU i Ålesund har om lag 2500 studentar, halvparten av desse kjem frå andre fylker. Vi høyrer ofte om kor viktig dette er for regionen og kor næringsnære og relevante utdanningar vi har her. Likevel viser kandidatundersøkinga ved NTNU i 2019 at det er i Ålesund er færrast studentar får jobb rett etter avslutta studie, 20 prosent(!) færre enn på Gjøvik. Denne tematikken peikar også Sunniva Bøstrand på i eitt innlegg i SMP 22.03.21. Vi etablerer no eit nettverk mellom studentar og næringsliv nettopp for å adressere dette. Er det ikkje ein god plass å starte med dei unge, kompetente menneska som allereie er her?

Ålesund får stadig nye urbane kvalitetar! Kaffibarar, konsertar, Ålesund Pride, uteplassar, bildeling, bybad, restaurantar, co-work, Foodora, flytande badstue, kunst&kultur, internasjonal flyplass, vitensenter, studentbygg og ei rekke spanande boligprosjekt. Lista er lang og kvalitetane er mange. Vi kan lovprise og diskutere både arkitektur og Borgundfjordfisket til vi vert gamle alle saman, men eg kjenner ingen som har flytta hit av den grunn. Eg høyrde ein som sa at Ålesund er ein storby som ikkje har skjønt at den er storby. Det utsegnet treff veldig godt. Her vert utvikling ofte møtt med at «ting var betre før», men dei var vel eigentleg ikkje det?

Stadig fleire spanande firma i Ålesund! Vi har få statlege arbeidsplassar, vert det sagt. Det er nok riktig, men vi har veldig mykje anna spanande. Næringsklynger i verdsklasse, innovasjonsmiljø med ei enorm kompetanse og skaparkraft, Noregs fremste miljø for studentbedrifter og eit eineståande økosystem for utvikling av løysingar for ei berekraftig framtid. Vi har framtidsretta og modige kommunar som satsar på næringsutvikling. Vi har til og med FN med på laget! Resten av Noreg ser på oss i beundring. Det er nok andre som treng staten meir enn oss. Spørsmålet vi må stille oss er; kan vi utnytte potensialet i det vi har enno betre?

Tung satsing på mobilitet i Ålesund! El-bussar, ledd-bussar, auke i rutetilbodet, bildeling, Nordøyvegen og satsing på sykkel. Ting er ikkje perfekte, men det er ei positiv utvikling. Mellom anna vil H.I. Giørtz saman med det offentlege bygge ut pendlarparkering for å betre situasjonen i rushen, sjølv om vi samanlikna med andre byar ikkje har rush-trafikk i Ålesund. Frå 2016-2019 har busskapasiteten i Ålesund auka med om lag 14 prosent, medan passasjertalet berre har auka om lag 7 prosent. Det gir ein reduksjon i passasjerar per km på om lag 20 prosent! Kanskje det er vi som bur her som må byrje å bruke tilboda vi har?

Kvinnene vil ta over! Eg er verken lege eller psykolog, men eg trur ikkje kvinner kjem heim og føder born om vi ber dei om det. Dei vert nok heller oppgidde, då dei truleg vil bestemme over eiga livmor. Tida der menn arbeider i industrien og kvinna driv heimen er forbi. Ikkje fordi vi ikkje har eit skrikande behov for fagarbeidarar, men fordi vi også har eit skrikande behov for personar med høg utdanning. Om lag 70 prosent av dei som tek høgare utdanning i Norden er kvinner, i tillegg har dei betre gjennomføringsgrad enn menn. Det viktigaste vi kan gjere for å få kvinner til å kome hit er å tilby dei spanande arbeid. Nordvestlandet er dessverre kjend for å ikkje lyse ut stillingar. Jobben går helst til den med penis og riktig etternamn, det gjer det vanskeleg å kome inn på arbeidsmarknaden. Eg veit mange bedrifter er bevisste og arbeider målretta med dette, men potensialet er framleis stort for endring.

Dersom vi til stadigheit skal ta til media eller sette oss på nattbussen til Løvebakken for å rope høgt om alt som er vanskeleg, så finn vi nok få løysingar. Eg trur heller ikkje det gjer at unge menneske med høg kompetanse kjem rullande til unnsetning på elektrisk sparkesykkel.

Skal vi få endring, må vi starte med oss sjølve. Då må vi tørre å utfordre! Det er den viktigaste verdien vi har i The North West. Vi må tørre å utfordre det etablerte. Vi må tørre å utfordre kvarandre. Vi må tørre å utfordre eigne meiningar. Vi må tørre å utfordre måten vi gjer ting på. Det er slik vi får utvikling. Eg gler meg til vi møtast på The North West til hausten, nettopp for å diskutere og utfordre kvarandre om framtida.

Men førebels er mi utfordring til Vedde og andre; Kva kan vi gjere for å utvikle regionen vår framover, som vi ikkje har prøvd før?

Publisert: 30.04.2021 06:26

Sist oppdatert: 30.04.2021 09:28