Fincantieri opp etter Vard bodet
OMVENDT: Fincantieri-aksjonærane er blitt rikare etter at selskapet baud på Vard, for aksjonærane i Qumei Home Furnishing Group har det gått motsett veg etter bodet på Ekornes. 
Analyser

Fincantieri opp etter Vard-bodet

Dei som var Vard-aksjonærar hausten 2016 burde bytta til Fincantieri-aksjar.

02.09.2018

ANALYSE


Etter at Fincantieri søndag 13.november 2016 kom med bodet på alle aksjane i Vard har aksjekursen i Fincantieri stige frå 0,43 til 1,28 Euro pr. aksje.
Fincantieri har i mellomtida auka bodet på Vard-aksjane frå 0,24 til 0,25 singaporedollar pr. aksje og eig no 94,14 prosent av selskapet. Då bodet kom eigde Fincantieri 55,63 prosent.
Gjennom heile 2016 var Fincantieri-kursen nokså stabil, og var på det lågaste nivået den har hatt den siste femårsperioden. Fincantieri er børsnotert i Italia. Største eigar er Fintecna S.p.a, med 71,6 prosent av aksjane. Den italienske staten eig 82,8 prosent av Fintecna.

Rett før jul starta ei kursstigning i Fincantieri som varte til januar i år, med ein topp på 1,5 Euro pr. aksje. Etterpå har det svinga opp og ned, men altså på eit nivå rundt tre gangar over aksjeverdien då Vard-bodet kom for nesten to pr sidan.
I ettertid er det klar kva som var lurt, men kunne Vard fått ei tilsvarande verdistigning om Fincantieri ikkje hadde bode på alle aksjane?
Vard - det største skipsbyggingskonsernet på Nordvestlandet - var allereie i gang med ei omstilling frå å bygge skip til offshorereiarlag til å finne nye marknadar då bodet kom.
Etterpå er det blitt klarare at Vard også har lukkast med å finne kjøparar i dei nye marknadane selskapet har satsa på. Vard har vore den store vinnaren i konkurransen om nye oppdrag i år.

Det er likevel nokre skilnader som gjer at det ikkje utan vidare gå an å anta at Vard-kursen hadde gått til vers som Fincantieri-aksjen har gjort om ikkje Fincantieri-bodet hadde kome:
Fincantieri hadde nesten 50 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor, Vard hadde 8,6 milliardar.
Vard driv framleis med underskot medan Fincantieri går i pluss, viser halvårsrapportane til dei to selskapa.
Dessutan er det slik at Vard og Fincantieri auka samarbeidet etter at oljeprisfallet slo inn.
r
Fincantieri er mellom anna stor i cruisemarknaden, og det er ikkje sikkert Vard hadde fått ein tilsvarande innpass i den marknaden utan Fincantieri-alliansen.
Vard er i ferd med blir stroke frå børsnotering, og Fincantieri har i praksis fått den kontrollen som må til.
Kontrollen har og kinesiske Qumei Home Furnishing Group fått i Ekornes, det andre store selskapet på Nordvestlandet som ikkje lenger skal vere eit sjølvstending børsnotert selskap.
Men medan Fincantieri-aksjonærane har hatt ein opptur på børsen etter bodet oå Vard har det gått motsett veg for aksjekursen i Qumei Home Furnishing Group. Då selskapet la fram bodet sitt på Ekornes blei aksjane verdsette til 16,61 yuan på Shanghaibørsen.
Frå midten av juni har det gått nedover til 9,75 yuan pr. aksje. Det er den lågaste kursen sidan selskapet blei børsnotert i 2015.
Den ulike storleiken på Vard og Fincantieri gjer det at samanhengen mellom bodet på Vard og kursutvikling i Fincantieri ikkje treng å vere sterk.
Qumei Home Funishing Group og Ekornes er meir jamnstore, slik at årsakssamanahengen der kan vere sterkare, men Qumei er truleg og råka av ein generell nedgang i den kinesiske aksjemarknaden.
Qumai har tre store eigarar, Ruhai Zhao (33,15 prosent), Rubin Zhao (32,44 prosent) og Riuijhe Zhao (7,28 prosent) slik at andelen aksjar som er eigd av frittståande aksjonærar i selskapet er mindre i Qumei Home Furnishing Group er mindre i det kinesiske selskapet enn i det italienske.
Når Vard og Ekornes blir ein del av utanlandske selskap er det ei ulempe at informasjonen om utvikling i selskapa ikkje blir like tilgjengleg som i dag, og ikkje minst like hyppig tilgjengleg som den er når selskap legg fram kvartalsrapportar.
Men både Fincantieri og Qumei Home Furnishing Group legg fram delårsrapportar og i alle fall for Fincantieri sitt vedkomande detaljerte rapportar - på engelsk.
For den som vil følgje godt med på korleis det går i Qumei Home Furnishing Group er det ein fordel å lære seg kinesisk.

Publisert: 02.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59