Klart for skjebneveker for naeringslivet
KORONASTENGT: Ein av mange stengde butikkar på grunn av Covid-19. Mange vil ikkje tole ei langvarig nedstenging.
Analyser

Klart for skjebneveker for næringslivet

Har vi berre sett starten på noko endå verre, eller er det lysning i horisonten?

22.03.2020

KOMMENTAR:

Eigentleg er det Norge på sitt beste vi ser i desse dagar. Alle er med på ein nasjonal dugnad for å bremse eit virus som er dødeleg for eldre og farleg for menneske med andre sjukdomar.
Vi stenger grensene, går i karantene, jobbar heimanfrå og set det meste på pause i håp om at det verste skal gå over.
Politikarar som normalt er usamde om det meste, set all usemje på vent og i staden finn felles løysingar for å hjelpe skadeskotne bedrifter og enkeltpersonar. Det er nye krisepakkar nesten dagleg.
Det er eit samfunn i unntakstilstand vi ser, og dei som er fødde etter siste verdskrig har aldri sett maken.
Melodi Grand Prix vert avlyst, sommar-OL står i fare for å lide same skjebne, det er tomt på alle idrettsarenaer, Hurtigruten legg nesten alle skipa i opplag og hyttefolket får ikkje reise på hytta om hytta ligg i ein annan kommune, som ho gjerne gjer.
Hotell stenger, det same med restaurantar og klesbutikkar. Alle møter og konferansar vert avlyste. Treningsstudio, frisørsalongar og dei vanlege møteplassane er vekke. Skular og barnehagar er også stengde. Det vert problem å få inn og ut varer, og vi får ikkje lov å besøke våre eldre på alders- og sjukeheimane.
Og no fryktar mange at årets 17. mai vert ein nasjonaldag utan barnetog.
Mange er redde, og no kan vi sjå at det vert sendt varer på fiskestrengre inn gjennom kjøkenglasa til folk, situasjonar vi for få veker sidan trudde var umuleg å oppleve i Norge.
Mange av dei som vågar seg ut, har på seg hanskar eller maske, og det er desinfeksjonsmiddel over alt.
Oljeprisen stuper, det same med børs og kronekurs. Formuer forduftar, mange vert permitterte og det kjem ein straum av pessimistiske analyser. Ein går på at fire av ti småbedrifter vil gå dukken om dette varer over tid. I så fall vil det fort vere snakk om nærare 1.000 bedrifter på Nordvestlandet, ettersom her er det tett mellom dei små og mellomstore bedriftene.
Men krisa er global, og den internasjonale arbeidstakarorganisasjonen ILO spår at koronaviruset vil gi mellom 5,3 millionar (lavt anslag) og 24,7 millionar (høgt anslag) nye arbeidslause.
Til samanlikning auka arbeidsløysa med 22 millionar under finanskrisa.
ILO spår også at arbeidsinntektene totalt vil verte reduserte med mellom 860 milliardar og 3400 milliardar US dollar i løpet av 2020, og at andelen fattige i verda vil auke dramatisk.
Andre spår langvarig økonomisk resesjon, medan det også finst dei som trur på ein historisk kraftig rekyl. Ekspertane er ikkje samde, noko som gir ekstra uvisse.
For oss som følgjer næringslivet tett på Nordvestlandet veit at det er mange som vil slite med å klare seg om denne situasjonen vert langvarig.
Når store deler av landet stoppar opp, så forsvinn også inntektene. Og med eit næringsliv som i tillegg er svært eksportretta, vert det lite aktivitet når nesten alle grenser er stengde og folk er isolerte frå kvarandre.
Permitteringane i nordvest strøymer på i rekordtempo, og dei første konkursane har alt kome.
Dei fleste klarer nokre få veker. Få vil klare seg mange månader.
Midt oppe i ein slik situasjon er det ikkje så lett å finne lyspunkt. Men dei finst.
Det vert garantert diskusjon om effekten av tiltaka som er sette i verk, ikkje minst ein diskusjon om tiltaka som vart sette i verk stod i forhold til faren som viruset utgjorde, eller om det var tiltaka eller viruset som sådan som gjorde mest skade for næringslivet.
Det vert også garantert ein diskusjon om norsk sjølvforsyningsevne i ein krisesituasjon. Det ser ikkje bra ut når Norge så fort gjekk tom for smittevernutstyr, og bedrifter stoppa opp fordi ein mangla vitalt utstyr.
Og det bør også verte ein diskusjon om det er rett å bruke så mykje av norsk oljeformue for å bøte på skadeverknadene av denne pandemien, ein oljeformue som skulle gå til nye generasjonar når oljealderen var slutt.
Dette er diskusjonar som må takast seinare, for det viktigaste på kort sikt er å stå samla bak tiltaka for å avgrense smitten og verne dei utsette.
Og så langt ser dei drastiske tiltaka ut til å fungere. Det er godt nytt. Kanskje kan ein no gradvis opne for ny aktivitet.
Det er heller ingen eksplosiv auke i nye smitta i Norge, noko som gjer at helsevesenet så langt klarer å ta unna og gi behandling til dei som vert alvorleg sjuke.
Og snart vert dei første sjuke friskmelde att, og mange av dei som har vore i karantene kan på nytt forlate heimen.
Og ser ein på der utbrotet starta, i Kina, så er der no nesten ikkje nye smittetilfelle, om ein skal stole på tala.
Men det er ingen grunn til å slappe av, før verda har ei vaksine, men aldri før har fleire jobba på spreng for å utvikle ei vaksine.
Mange nye vil verte smitta, pandemien vil vare lenge før den er heilt over, og ein av dei store testane vert kor lenge eit heilt samfunn klarer å vere samla om tiltaka, og ikkje minst kor lenge vi menneske klarer å leve i stor grad av isolasjon. Kor lenge vi klarer å vere åleine, men saman.
Og dei som trur at alt før eller seinare vil verte som før igjen, vil høgst truleg ta grundig feil. Covid 19 vil endre samfunnet og korleis vi lever, tenker og handlar.
Men samfunnet vil ha like stort behov for varer og tenester som før, og dette opnar nye mulegheiter for dei som klarer å omstille seg og tilpasse seg ein ny situasjon, og sjå nye mulegheiter i staden for å gå inn i depresjon og passivitet.
For næringslivet på Nordvestlandet er dette ei mulegheit, eit næringsliv som har vist seg å vere omstillingsdyktig. Vi har også produkt som verda treng.
Det er liten tvil om at Covid19 vil gi endå større fokus på miljø og berekraft, der mange av bedriftene på Nordvestlandet absolutt bør vere i førarsetet til å utvikle nye løysingar som heile kloden treng.
Og menneska vil på nytt reise og møtast. Reiselivsnæringa som først vart råka, vil på nytt kome tilbake. Men kanskje vil dette skje på nye måtar, der det vert meir fokus på kvalitet, og ikkje så mykje på kvantitet, og vi vil sjå færre av dei enorme cruiseskipa med 5.000 – 6.000 passasjerar etter dei skrekkhistoriene som har vore frå sjukdom om bord i fleire av desse skipa, og der ei rekkje skip har vorte nekta å legge til kai.
Sjølv om det for store deler av næringslivet no i stor grad handlar om å klamre seg fast og håpe dette ikkje vert så langvarig, ser ein stadige eksempel på kreative løysingar frå bedrifter på Nordvestlandet for å minimere skaden og å tilpasse seg ein ny kvardag. Dette er lovande for framtida.
Og så ser ein ei kampvilje over alt. Haldninga er at dette skal ikkje knekke oss. Vi skal kome tilbake. Det er gledeleg å sjå.
Og så skadar det slett ikkje at mange gjennom denne krisa har fått augene for kva norske fagfolk er laga av, som sjukepleiarar, yrkessjåførar, reinhaldarar, butikktilsette og mange andre som held hjula i gang. Mange av desse fortener heile norges takk.
Desse er ikkje av dei høgast løna i samfunnet, og er heller ikkje av dei som får mest fokus eller har høgast status, men denne krisa har vist oss kor viktige dei er.
Dette er også ein lærdom som vil vere nyttig å ta med seg når vi no skal vidare saman.
Nyleg kom søkartala for vidaregåande skule. Dei viser at fleire ungdomar søker seg til yrkesfag. Det er bra.
I Loen er det meste no stengt ned. I eit intervju med NETT NO seier hotelldirektør Richard Grov at dersom det er noko land som klarer å handtere ein slik situasjon, så er det Norge.
- Vi skal vere frykteleg glade for at vi bur i eit slikt land, sa Grov.
Det er også ein lærdom å byggje vidare på.
Alle kriser går i faser, gjerne ved at ein først undervurderer faren, til at ein i neste omgang får panikk når ein forstår alvoret. Deretter kjem handling med tiltak for å avgrense skadene, før ein tar lærdom og på nytt ser mulegheiter som den nye situasjonen gir.
Vi nærmar oss no denne siste fasen, og resultatet av den fasen vil vise kor sterkt næringslivet på Nordvestlandet står post Covid-19.
Dei neste vekene vil avgjere mykje.
Lukke til!

Publisert: 22.03.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59