Klimapolitikk under press
Kan EU sine planar om store kutt i CO2-utsleppa overleve ein rekordhøg straumpris?
ANALYSE
Den nedbørsfattige sommaren i Sør-Noreg og lange periodar med lite vind har redusert kraftmagasina i Norge og gjort at vindkraftproduksjon - for heile Europa - har vore liten.
Konsekvensen er at europearar har fyrt meir med gass og kol enn vanleg for å produsere den elektriske straumen dei vil ha. EU-landa importerer naturgass til 10 gongar så høg pris som dei gjorde våren 2020 og 50 prosent over førre pris-topp, i september 2018.
For lite vind og naturgass er magasinet "The Economist" si forklaring på at straumprisen skyt i veret og har nådd rekordhøgder i haust.
Europa må konkurrere om naturgassen med ein aukande etterspørsel frå Asia. Kol - som er eit alternativ til naturgass - er også blitt mykje dyrare, mellom anna på grunn av auka etterspørsel frå Kina.
Når kolet og gassen er dyrare blir også straumen det.
Med vår store vasskraftproduksjon står Noreg i ei særstilling i Europa, men fleire og større kraftkablar mellom Noreg og Europa knyter oss stadig tettare saman med den europeiske kraftmarknaden. Krafta går gjerne til den som betalar best.
På toppen av prisauken som er eit resultat av tilbod og etterspørsel i marknaden kjem auken i den politisk pålagde kostnaden EU og Storbritannia legg på CO2 utslepp.
Det gjer også straumen dyrare fordi kraftprodusentane sender rekninga vidare til forbrukarane. (Kolfyrte kraftverk slepp ut meir CO2 enn kraftverk på basert på naturgass, og har dermed høgare utsleppskostnadar enn naturgass. Det gjer kol mindre attraktivt, men løftar og naturgassprisen fordi kolkraft blir mindre konkurransedyktig.)
For europearar vil ein kald vinter, eventuelt med lite vind i tillegg toppen, bety enda dyrare straum.
Slike store og brå kostnadsauker utløyser gjerne politiske reaksjonar, og straumprisen er allereie blitt eit heitt tema i Europa.
Det er nok å minne om den omfattande uroa i Frankrike som blei utløyst i 2018, mellom anna på grunn av auka drivstoffavgifter. Folk tok på seg gule refleksvestar og deltok i store og mange demonstrasjonar.
No skaper høge straumprisar uvisse om korleis det skal gå med EU sin politikk for å få til ein kraftig reduksjon i CO2-utsleppa - mellom anna ved ytterelegare auke i kostnaden med å sleppe ut CO2 - for å redusere klimaeffekten.
Uro over eit folkeleg tilbakeslag for klimapolitikken var tydeleg i debatten om i EU-parlamentet om EU sine skjerpa klimatiltak denne veka, skriv nettavisa Politico.
I og med at Noreg har knytt seg så tett opp til klimapolitikken til EU kan debatten i EU om straumprisane få konsekvensar også for den norske politikken.
Også oljeprisen har stige jamt og trutt etter det første koronasjokket la seg og er tilbake på nivået før koronakrisa.
Det amerikanske energibyrået (EIA) spår at oljeproduksjonen verda vil passere 2019-nivået neste år, i 2022.
Under den årleg energikonferansen (tidlegare Oil & Offshore-konferansen) til meklarhuset Pareto tidlegare denne veka fortalde investor Tor Svelland til Dagens Næringsliv at han arbeider med å hente inn kapital til investeringsfondet han forvaltar, for å investere i mellom anna olje. I dag er fondet på 550 millionar kroner, før årsskiftet er målet å ha auka til 2,5 milliardar.
Svelland trur det blir knapt om energi og meiner det er underinvestert i fossile energikjelder.
"Det er ingen quick fix, det er ikke nok fornybar som kommer", seier Svelland til Dagens Næringsliv.
Publisert: 19.09.2021 06:00
Sist oppdatert: 25.09.2021 10:10