Mot ny rekord i straumforbruket
TAFJORD: Auka etterspurnad etter energi har sendt straumprisane til nye høgder. Her frå Zakariasdammen i Tafjord. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ny pristopp for straum

Analytikar meiner rasjonering kan bli aktuelt.

16.09.2021

(NPK-NTB): Straumprisen i Sør-Noreg er torsdag på sitt høgaste hittil i år. Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight seier det kan bli rasjonering til våren.

Torsdag ligg snittprisen for straum i Sør-Noreg på 1,23 kroner kilowattimen utanom påslag, nettleige og avgifter, ifølgje straumbørsen Nord Pool.

Lilleholt i Volue Insight seier til E24 at prisrekorden ikkje kjem som noka stor overrasking.

Årsaka ein kombinasjon
Ifølgje Lilleholt er årsaka til dei høge prisane i Noreg ein kombinasjon av at tørt vêr og høge prisar i Europa. Dei høge prisane i Europa er på si side ein konsekvens av at produksjonskostnaden på kol- og gasskraftverka er høg.

Og dette er før forbrukssesongen for alvor kjem i gang. Oppvarming av hus har knapt vore nødvendig i Sør-Noreg til no, og i tillegg skal den norsk-britiske straumkabelen setjast i drift om to veker.

– Det som er forskjellen no i forhold til før, er at det er massivt høge prisar allereie i september. Med dei vassmagasinprognosane vi har, så må ein snakke om at her kan det bli rasjonering til våren, seier Lilleholt.

Trur ikkje på rasjonering
Partnar og kraftanalytikar Marius Holm Rennesund i Thema Consulting meiner at det framleis er relativt lågt sannsyn for at vi endar opp med rasjonering.

– Men det er klart vi må opp på høgare prisnivå for å få kraftimport, seier han til E24.

(©NPK)

Publisert: 16.09.2021 09:18

Sist oppdatert: 16.09.2021 09:35

Mer om