Klimastrid kan gi mange vinnarar
SPENNANDE TIDER FOR LOBBYISTAR: I ein valkamp er det freistande å gjere alle til lags. Det er eit dilemma for statsminister Erna Solberg (biletet) i klimapolitikken, og truleg også for hennar største rivalar.
Analyser

Klimastrid kan gi mange vinnarar

Det ser ut til å bli tøffare for regjeringa å vinne stemmer på klimapolitikken. Det kan mange tene på.

24.01.2021
ANALYSEI løpet av 2020 gjekk vindkraft over frå å vere ei vinnarsak, til å bli ei sak der den politiske gevinsten for dei politiske partia i beste fall er tvilsam, i alle fall om det er snakk om å bygge vindturbinar på land. Den omstridde utbygginga av vindkraftanlegg på Haramsøya går sin gang takka vere vedtak og løyve som er gitt tidlegare. Men ingen politikarar har stått fram som entusiastiske tilhengarar av utbygginga, og denne veka sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn at vilkåra for å få byggje nye vindkraftanlegg skal strammast inn.No mobiliserer ordførarar mot klimaplanen til Regjeringa, fordi Regjeringa der kjem med framlegg om å auke avgifta for CO2-utslepp, frå 590 til 2000 kroner per tonn. Auken skal skje gradvis fram til 2030. Når vi kjem dit vil drivstoffkostnaden for fiskeflåten ha dobla seg, og ordførarane fryktar at arbeidsplassar går tapt fordi det ikkje vil vere råd for fiskebåtreiarane å kutte utsleppa raskt nok til å unngå kostnadssmellen.Denne veka stilte også Vestland fylkeskommune ultimatum til Regjeringa. Det handlar om hurtigbåtrutene i Sogn og Fjordane og mellom Sogn og Fjordane og Bergen, som fylket no legg ut på anbod. Fylket vil at staten skal ta ein større del av ekstrarekninga for å gå vekk frå å drive hurtigbåtane på diesel, og heller satser på batteri, hydrogen eller ein kombinasjon av batteri/hydrogen og fossilt drivstoff. Om ikkje kan fylkeskommunen avlyse krav om null- eller lågutslepp og heller halde fram med dieseldrivne hurtigbåtar. Fylkeskommunen har rekna seg fram til at hurtigbåtar utan eller med lite CO2-utslepp vil koste mellom 78 og 118 millionar kroner ekstra i året å drive samanlikna med i dag.Så lenge klimapolitikk berre var ord har det vore like lett og uforpliktande å slutte opp om den som å trykke likar på ei Facebook-gruppe.Når kostnadar og ulemper kjem på bordet viser det seg å vere annleis.Klimapolitikken, og først og fremst framlegga til korleis utslepp frå bruk av fossilt drivstoff skal reduserast, kan bli eit heitt tema i valkampen før stortingsvalet i september i år. Ordførar-engasjementet mot avgiftsauken Regjeringa vil pålegge mellom andre fiskeflåten omfattar ordførarar både frå regjeringspartia (H og Krf) og frå opposisjonen (Sp, Frp og Ap). Andre med kostnadsauke i vente vil neppe vere stille dei heller.Skillelinene i den politiske striden rundt korleis CO2-utslepp skal ned og produksjon av fornybar energi skal opp kan vise seg å gå gjennom fleire av partia - blant dei Arbeidarpartiet og Høgre - i staden for mellom partia.Det kan vere ein gunstig situasjon for mange partar. Om nokon trur statsminister og leiar for Høgre, Erna Solberg, vinn stemmer frå fiskarar ved å love å doble drivstoffkostnadane tek dei truleg feil. Om ho avlyser avgiftsauken vil ho misse stemmer frå dei som meiner avgiftsauken er heilt naudsynt. Det same dilemmaet har truleg også Ap-leiar Jonas Gahr Støre, og kanskje til ein viss grad også Sp-sjef Trygve Slagsvold Vedum. Men dersom dei samstundes med avgiftsauke lovar meir pengar på bordet for å utvikle og støtte bruk av hydrogen, ammoniakk eller batteri som erstatning for diesel, kan det hjelpe på. Alle som arbeider med ny teknologi- og nye energiformer bør hive seg frampå med gode forslag, for her kan det vere offentleg støtte å hente - og aller lettast vil det vere før valet.Solberg og Gahr Støre kan eventuelt også gi konkrete og bindande skatte- eller avgiftskutt som kompenserer for auka drivstoff-kostnadar. Det kan og hjelpe på veljaroppslutninga. Dei får ei avgift som stimulerer til overgang til andre energiformer utan CO2-utslepp, fiskarane slepp å sjå lønsemda falle og vil etterkvart få ein gevinst når diesel blir fasa ut.Regjeringa har også stengt døra for eit vanleg alternativ når vala er vansklege - å vente og sjå:"Kva Noreg og resten av verda gjer dei neste ti åra, blir avgjerande for om vi maktar å bremse dei menneskeskapte klimaendringane," Fram mot valet vil bedrifter, interesse- og bransjeorganisasjonar ha ein gylden sjanse til å utnytte dei stridsspørsmåla som Regjeringa sin klimaplan utløyser.

Publisert: 24.01.2021 06:00

Sist oppdatert: 09.03.2021 12:11