Milliardtap paa virus
DYRT: Virussjukdomar kostar oppdrettsnæringa nesten like mykje som arbeidet mot lakselus, viser studie gjort hos Norges Handelshøgskole,
Analyser

Milliardtap på virus

Virussjukdomar kan koste oppdrettsnæringa nesten like mykje som kampen for å halde parasitten lakselus i sjakk.

27.05.2018

ANALYSE

Torsdag og fredag komande veke samlar fiskehelse-analyseselskapet Patogen rundt 130 deltakarar til sin årlege konferanse i Ålesund, Pathos Forum.Ei masteroppgåve frå Norges Handelshøyskole (NHH) viser kva det handlar om, pengar. Mykje pengar.Det kostar å bekjempe sjukdomane hos oppdrettsfisken, men det kostar truleg mykje meir å la vere. Det har lagt grunnlagt for ein god vekst for selskap som for eksempel Patogen, som i fjor auka inntektene med 25 prosent og utvidar.Henrik Vandvik Vedeler, som har skrive oppgåva, kjem til konferansen og skal presentere si kartlegging av kva virussjukdomane kostar oppdrettarane. Hans anslag er at det i 2015 var snakk om ekstrakostnadar på mellom 3,9 og 4,6 milliardar kroner.Til samanlikning anslo forskingstiftinga Nofima at kostnadane med å bekjempe lakselus - ein liten krepseart som snyltar på fisken - Skilnaden er altså ikkje så stor, sjølv om det er lakselusproblemet som har fått mest omtale i media og størst politisk merksemd. Frå 1983 til i dag er det registrert 11207 artiklar i mediedatabasen Retriever, der lakselus er omtalt. Søkekombinasjonen virus (åleine og som del av ord) og laks gir berre 1237 treff.Vandvik Vedeler har basert seg på data knytt til tre virussjukdomar hos laksen; Pankreasjukdom (PD), Infeksiøs lakseanemi (ILA) og Kardiomyopatisyndrom (CMS).Oppgåva er begrensa til å sjå på kostnadane i Noreg, sidan det berre er Norge om har nok datamateriale til å kunne gjennomføre ein analyse av kostnadane. Analysen viser at PD kostar mest, mellom 2,4 og 2,8 milliardar kroner. Det første teiknet på PD er at fisken brått sluttar å ete. Sjuk fisk står gjerne tett i tett i vassoverflata, mot straumretninga. Det kan ta to-tre veker før den byrjar å døy, skriv Veterinærinstituttet om sjukdomen.Dei fleste land har ikkje restriksjonar på sal av fisk som har hatt PD, men om fisken ikkje har nådd slakteklar storleik blir det uansett eit betydleg tap for oppdrettarne. Kina har forbode import av PD-smitta laks. Dei første tilfella av sjukdomen blei påvist i Hordaland i 1989 og har sidan spreidd seg nordover langs kysten. Frå Nord-Trøndelag og nordover var regelen fram til å fjor total utslakting av all fisk i anlegget om det blei oppdaga PD-utbrot, Det finnes vaksiner, men effekten er usikker og medan vaksinering er vanleg frå Møre og Romsdal og sørover er det mindre vanleg frå Trøndelag og nordover.Dess før oppdrettarane kan oppdage at sjukdomsutbrot er på veg, dess tidlegare kan dei reagere med tiltak for å begrense skaden.Ein eigen del av konferansen, med tre foredrag, er sett av til å fortelje og diskutere korleis oppdrettsnæringa kan utnytte innsamla data til å analysere og oppdage at sjukdom er på veg. Både Norsk Regnesentral og Microsoft sender foredragshaldarar til konferansen.Det handlar om såkalla "big data", der blant anna moderne sensorteknologi og programvare gjer det råd å samle inn og analyser store datamengder på kort tid, og dermed oppdage mellom anna varsel om moglege sjukdomsutbrot mykje tidlegare enn det som var råd med meir manuelle metodar. Patogen sjølv investerte 17 millioner i forsking og utvikling i fjor. Cirka halvparten gjekk til investeringar i å gjere behandling av analyseresultata meir digital.

Publisert: 27.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59