Nils Nordstrand forsvaret foto Marius 11
NYE SKIP TIL FORSVARET: Kommandørkaptein Nils Nordstrand meiner det mellom anna trengst nye kystvaktskip om fem år. Vard har nyleg levert kystvaktskip nummer tre - seks år etter det vart bestilt i 2018. Med andre ord er tida knapp for ei politisk avgjerd om nye skip til Forsvaret. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Når politikken kjem til kort

Dårleg planlegging er ein av grunnane til at staten bygger ferjer i Tyrkia. Det er om å gjere å ikkje gå i same fella når Sjøforsvaret skal ha nye skip.

Marius Rosbach
24.03.2024

ANALYSE:

På sitt beste fungerer politikken som eit verktøy som gjer at samfunnet tar fornuftige og rasjonelle val. På sitt verste legg den føringar som gjer at dei beste løysingane aldri blir vurdert.

Eitt eksempel er at det offentlege plasserer oppdrag om bygging av nye fartøy hos industrien her heime. Det har vore eit tverrpolitisk mål i ei årrekke. Likevel har ein rekke oppdrag med å bygge båtar for staten, hamna hos utanlandsk verftsindustri.

Det har vore peika på fleire moglegheiter for å unngå at ein endar opp slik. Å utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen, å krevje at norske lønn- og arbeidsvilkår blir følgt, eller å legge meir vekt på miljø og mindre vekt på pris, er mellom moglegheitene. Å planlegge betre er ein anna.

For nokre veker sidan blei det kjent at Fjord1 bestiller nye fire ferjer for å trafikkere Lavik-Oppedal-sambandet. Fartøya vil vere dei første i sitt slag i verda og skal på sikt segle heilt utan hjelp frå menneskehender. Det dreiar seg om nullutsleppsferjer og det skal etablerast eit kontrollsenter på land, for overvaking og moglegheit for fjernstyring av fartøya.

Ferjene vil truleg få betydeleg merksemd og vere eit utstillingsvindauge for moderne maritim teknologi. Men oppdraget med å bygge det nye ferjekonseptet gjekk til Tyrkia. Uansett om Hav Group er mellom nøkkelleverandørane, fall det fleire i den norske industrien tungt for brystet.

Ifølgje Fjord1-sjefen vart det ikkje ein gong gjort ei reell vurdering om å bygge i Norge denne gongen. Årsaka var enkelt og greitt at det ikkje var mogleg med den tida reiarlaget hadde fått til disposisjon frå oppdragsgivar Statens vegvesen. Sjølvsagt hadde prisen truleg sitt å seie, men med ei leveringstid på knapt halvanna år, var det ingen norske verft som hadde kapasitet til å bygge ein serie med fire ferjer, fortalde Fjord1-sjefen til NETT NO.

Ferjebygginga var tema under Ship Technology Days i Ulsteinvik. Medan nokre gleda seg over oppdraget Hav Group har fått med å utvikle teknologien om bord, var andre skuffa over at det ikkje var gjort meir for å sikre byggeoppdraget til den heimelege industrien.

På spørsmål om kvifor Statens vegvesen gav reiarlaget så kort tid på å levere ferjene, viste fagetaten sin representant på konferansen vidare til politikarane. Dei økonomiske rammene til vegvesenet var ikkje på plass, slik at det var mogleg å starte innkjøpsprosessen tidlegare.

Nokre veker seinare var den maritime bransjen samla på Finnøy til Ocean Summit i regi av Maritimt Forum. Innkjøp av skip til Sjøforsvaret stod øvst på dagsorden. Bodskapen frå kommandørkaptein Nils Nordstrand var tydeleg: Det hastar med å ta ei avgjerd for å unngå at det blir eit dyrt innkjøp reint samfunnsøkonomisk.

Ny forsvarsplan er venta å kome rett over påske, og då får vi nokre av svara på kva tempo regjeringa legg opp til. Ifølgje Nordstrand i Sjøforsvaret er behovet nye kystvaktskip i løpet av fem år, og deretter nye standardiserte fartøy.

Meldingane frå dei store aktørane i den maritime industrien på Nordvestlandet, var at det også for deira del hasta med ei avgjerd for at dei overhovudet skal vere i stand til å levere. Dei nemnte standardiserte fartøya er det ingen som veit nøyaktig korleis skal sjå ut. Det krev tid til design i tillegg til byggetida.

Ei gruppe maritime aktørar har bedt om midlar til eit pilotfartøy, men det meiner Forsvaret det ikkje er tid til.

Det er verdt å minne om å at det no er seks år sidan Forsvaret bestilte tre nye kystvaktskip under den dåverande Solberg-regjeringa. Vard har nyleg levert det siste av desse skipa som har gitt arbeid tilsvarande fleire tusen årsverk hos verfta og leverandørane. Med dagens uttalte behov om nye kystvaktskip om fem år frå no – seier det seg sjølv at tida allereie er knapp – og den politiske prosessen startar først om nokre veker.

Den førre kontrakten som Forsvaret inngjekk med Vard om å bygge tre nye kystvaktskip, har ironisk nok fungert som ein god motkonjunkturpolitikk. Men det var ikkje meint slik den gong skipa blei bestilt sommaren 2018. Det er berre nok eit eksempel på politikken sine avgrensingar i ei verd der endringar skjer raskare enn før – og behovet for langsiktig planlegging er større enn nokon gong.

Publisert: 24.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 24.03.2024 05:22

Mer om