Sofie Marhaug Aina m Hauge Cathrine Kristiseter Marti Foto Marius Rosbach 111
ULSTEINVIK: Stortingspolitikar i Raudt, Sofie Marhaug (f.v.), med fylkesleiar i partiet, Aina M. Hauge og konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group. Foto Marius Rosbach
Nytt

Ulstein-direktør positiv til Raudt-forslag

Kan ha betydeleg effekt i kampen om offentlege oppdrag, meiner konsernsjefen i Ulstein Group.

Marius Rosbach
28.08.2023

Raudt meiner å ha funne løysinga på korleis ei kan å sikre at norske verft får fleire av offentlege oppdrag. Forslaget går enkelt og greitt ut på at alle offentlege anbod skal ha minstekrav om å følgje norske lovkrav med tariffavtalar og FN sine berekraftsmål.

Måndag fekk konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group ei orientering om forslaget - og det fall i god jord. Ho meiner forslaget vil styrke verftet sin konkurransekraft.

– Det er klart at det vil vere eit fortrinn for oss. For våre utanlandske konkurrentar vil det vere eit hinder å forsere i tillegg til ein kostnad, som igjen styrkar vår posisjon, seier ho til NETT NO.

– Har ikkje dei same seriøsitetskrava
At staten på den eine sida stiller krav til norske løns- og arbeidsvilkår til heimleg industri, for i neste augneblink bestille båtar frå utanlandske verft, har vore ein tilbakevendande frustrasjon for verfta.

– Dei har ikkje dei same seriøsitetskrava som vi er pålagt her i Norge, seier Marti.

Ulstein-sjefen trur det kan ha betydeleg effekt å få inn ei slik presisering som Raudt etterlyser når anbodspapira for offentlege leveransar blir utforma.

– Mykje vil løyse seg sjølv om alle blir underlagt same lovar og forskrifter, seier ho.

Vil treffe heile industrien
Raudtleiar i Møre og Romsdal, Aina M. Hauge, er mellom dei som har jobba med forslaget, etter at ho fekk tips frå leiinga ved Green Yard Kleven.

– Å stille andre krav til leverandørane våre i utlandet, enn vi gjer til næringslivet vi har her i landet, synest eg er heilt meiningslaust, seier ho.

Hauge påpeiker at forslaget vil treffe langt vidare enn skipsindustrien.

– Det spelar ingen rolle om det er Ekornes sine møblar som skal leverast til offentlege institusjonar, eller kva som helst anna industri – om vi får til dette, så trur vi at norsk industri igjen vil vere konkurransedyktige på offentlege anbod, seier ho.

Positiv respons frå andre parti
Raudt vil også at anboda skal leverast på norsk, eller nynorsk for den saks skuld om det gjeld eit oppdrag frå ei nynorskkommune.

Fylkesleiaren er forbausa over at ikkje andre parti allereie har gått inn for det same, men fortel om positiv respons på forslaget frå alle ho har teke det opp med under valkampen.

Ho har difor tru på at det er mogleg å sikre eit fleirtal på nasjonalt hald.

Tek med forslaget vidare
Sofie Marhaug som er andre nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Storinget var måndag i Ulsteinvik for å møte Ulstein-sjef Cathrine Kristiseter Marti og ta med seg forslaget vidare frå lokallaget på ytre søre Sunnmøre.

– Fyndord som seriøst arbeidsliv, openheit, klima og slike ting kjem ofte i andre rekke når anbod forsvinn ut i Europa, og nokre gonger vidare til andre land, seier Marhaug.

– Og det offentlege er kanskje den viktigaste oppdragsgivaren og anboda er ofte store, legg ho til.

Verdiskaping og større industri
Offentlege oppdrag er ikkje nok til å sikre full sysselsetting i industrien her heime framover, men Ulstein-sjefen påpeiker at i tillegg til lokal verdiskaping, så er dei med å ein større industri her heime.

Marti peiker på at når norske reiarlag skal bygge nye ferjer, så skjer det på oppdrag frå staten.

– Då må vi sikre at reglane er gjennomgåande, slik at det er vanskeleg å plassere dei noko anna plass enn i Norge, seier ho.

Samde om skjerpa klimakrav
Konsernsjefen i Ulstein Group trekte fram klima som eitt av dei viktigaste områda å stille skjerpa krav på.

Raudt-politikar Marhaug er samd.

– Vi er til nøydd til å vekte klima mykje meir. Vi veit at produksjonsprosessen i Norge er meir klimavennleg, mellom anna fordi vi nyttar vasskraft i industrien, seier Marhaug.

Publisert: 28.08.2023 12:39

Sist oppdatert: 28.08.2023 15:17

Mer om