Vidar Ulriksen statssekretær Nærings og Fiskeridepartementet foto Ogne
STATSSEKRETÆR: Vidar Ulriksen (Ap) har vore statssekretær Fiskeridepartementet i to omgangar, i 2005-2011 og frå etter Stortingsvalet i 2021 og fram til sist fredag. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Nervøsitet etter statssekretæravgang

Vidar Ulriksens jobb som statssekretær har mellom anna gått ut på å reise rundt og halde keisame innlegg. No er han ute. Mange ville heller høyrt eitt keisamt innlegg til.

26.11.2023

ANALYSE

Ulriksen sto på programmet til årsmøtet i Fiskebåt Vest i Loen komande fredag, 1. desember.

Tittelen på innlegget han skulle halde var som ofte før; Regjeringens nærings- og fiskeripolitikk.

Ingen venta seg noko spennande innhald, men heller nok ei stadfesting av at fiskeridepartementet arbeider vidare med ei ny stortingsmelding om korleis fiskekvotane skal fordelast mellom fiskarane - og at den enno ikkje er ferdig.

Så lenge kvotemeldinga ikkje er klar har Ulriksen rett og slett ikkje hatt anna val enn å halde nokså keisame innlegg på dei arrangementa der han har representert regjeringa.

Ulriksen frå Sogn og Fjordane er opphavleg fiskar og har vore statsekretær i Fiskeridepartementet i to omgangar, i 2005-2011 og frå etter Stortingsvalet i 2021 og fram til sist fredag.

No er det tidlegare lærar og undervisningsinspektør Even Tronstad Sagebakken frå Mandal som har overtatt statssekretærjobben.

Les pressemelding frå regjeringa her

I deler av bransjen er Ulriksen vore rekna som ein fagmann og garantist for at den komande kvotemeldinga blir eit kompromiss som kan få eit breitt politisk fleirtal bak seg, utan at det blir store endringar i korleis fiskekvotane blir fordelt.

Det same kan ikkje seiast om noverande fiskeriminister Cecilie Myrseth (Ap) frå Lavangen i Troms, som overtok etter partifellen Bjørnar Skjæran tidlegare i haust.

Her er eit to sitat frå eit intervju med Myrseth som avisa Nationen publiserte 20. august 2021, då ho var Arbeidarpartiet sin fiskeripolitiske talsperson:

"Vi i Ap mener vi må gjøre noe med fordelingen mellom flåtegruppene. Riksrevisjonen har allerede påpekt at stadig mer av ressursene samles på færre hender. De store har blitt større og altfor mye av kvotene er flyttet oppover i gruppene".

"Vi står klar til å lage en ny kvotemelding, der hovedlinjene allerede ligger klar: I sum refordeler vi kvotegrunnlaget, tar fiskekvoter fra de største fartøyene, sørger for at mer av fisken landes og bearbeides på kysten."

Tittel på intervjuet var også talande:

"Aps fiskeritopp varsler ny kurs: – Fiskekvoter skal refordeles. De minste skal få mer"

Kort forklart blir fiskekvotane fordelt ved at styresmaktene først avgjere kor mykje fisk som kan fiskast kvar år, basert på faglege råd. For nokre fiskeslag er det ei avgjerd Noreg tek åleine om kor stor kaka skal bli kvart år, men for dei fleste blir det fastsett gjennom avtalar og forhandlingar mellom fleire land.

I neste omgang blir den totale fiskekvotane fordelt mellom ulike grupper av fiskarar, noko til eigarane av dei minste båtane, noko til dei største, noko til dei som brukar eitt slag fiskereiskap noko til dei som brukar andre.

Denne fordelingsnøkkelen har vore relativt stabil i fleire år, og har også hatt rom for at større kvotar kan bli samla på færre fartøy.

Under dette systemet svingar kor mykje fiskarane får fiske med kor mykje fisk det er i havet. Det er ein risiko både fiskarar og finansinstitusjonar har erfaring i å takle.

Om det også blir endringar i korleis kvotane blir fordelt blir det verre, og spesielt om det blir frykt for at det stadig blir omkamp om fordelingsnøkkelen.

Fiskebåtar og fiskekvotar er dyre. Kor stor andelen av den totale fiskekvoten som følgjer med er eit viktig grunnlag for investeringsavgjerder.

Held Myrseth fast på det ho sa i 2021 no når ho er blitt fiskeriminister er grunnlaget for slike investeringar i fiskeflåten blitt meir usikkert, og spesielt for eigarane av dei største og dyraste båtane.

Publisert: 26.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 25.11.2023 17:15