Analyser
Oppdrettsfesten skal fortsette
Aktørane i oppdrettsbransjen har hatt ei festveke i Trondheim. Festen vil halde fram lenge, trur professor.
20.08.2017
ANALYSEDet er så stor etterspørsel i så mange ulike marknadar og frå så mange aktørar at professor Øystein Myrland ved Handelshøgskolen i Tromsø ikkje ser nokon teikn til eit dramatisk prisfall på oppdrettslaksen.70 er det nye 30 sa han om lakseprisen på Nordea sitt tradisjonelle marknadseminar på Aqua Nord.Han brukar blant anna kva som skjedde då Russland stengte grensene for norsk laks som argument for å vise at det er eit solid grunnlag for å tru på på eit prisnivå på rundt 70 kroner pr. kilo snarare enn 30 kroner pr. kilo. Har Myrland rett er det glimrande, og ekstra glimrande for Nordvestlandet, der det er tett mellom leverandørane av varer og tenester til oppdrettsnæringa. Over 40 selskapet frå Nordvestlandet har stilt ut på messa.Ein heilt fersk ringverknadsanalyse av leverandørindustrien til havbruk og fiskeri som Sintef har utarbeida konkluderer med at det er snakk om 21.400 årsverk og ei verdiskaping (overskot i bedriften pluss løn til dei tilsette) på 24,5 milliardar kroner. Då er både den tala frå leverandørbedriftene sjølve og tala frå deira leverandører igjen rekna med.Det er havbruk som veg tyngst i reknestykket, både verdiskapinga og talet på sysselsette er omlag dobbel så stort får havbruksnæringa som frå fiskeri.Undersøkjinga måler årsverk i staden for arbeidsplassar mellom anna fordi mange av leverandørbedriften også leverer varer og tenester til andre bransjar enn fiskeri og oppdrett.Det kunne ein sjå mange døme på i Trondheim denne veka, det arbeidsbåtprodusentar som Maritime Partner i Ålesund og Mare Safety i Ulsteinvik begge har snudd seg mot oppdrettsnæringa fordi offshoremarknaden har klappa saman etter oljeprisfallet.70 kroner kiloen gir både investeringslyst og investeringsevne hos oppdrettarane.Ein liten krepseart - lakselusa - syter også for at verdien av den høge lakseprisen blir fordelt på mange. Den vesle parasitten festar seg på skinnet og snyltar på laksen. I verste fall blir det laga sår som gjer laksen meir utsett for dødlege sjukdomar. Med oppdrettsnæringa har lakslusa fått mange fleire vertar å snylte på, og har auke i antal. Den er og eit problem for vill laks og sjøaure, og er hovudårsaka til at styremaktene i fleire år har sett stopp for vidare vekst i oppdrettsnæringa.Vekstbremsen har vore med på å presse prisen opp i takt med auka etterspørsel, og oppdrettsfesten har fått eit ekstra løft takka vere gunstig valutakursutvikling.Vekstbremsen har mellom anna også ført til ei omlegging i retning av å la laksen veks opp i lukka anlegg før den blir sett i sjøen, slik at produksjonen kan auke utan at mengda fisk i sjøen aukar. Det betyr meir jobb til entreprenør- og utstyrsleverandørane. Leverandørbedriftene er sentrale for å for å få til vidare vekst i oppdrettsnæring, slik Sintef ser det.Vekstbremsen har og ført til ei rivande utvikling av utstyr for å få bukt med lakselusa, noko som mellom andre Optimar profiterer på med sitt avlusingsanlegg.Etterspørsel etter avlusing og andre fiskehelsetiltak har og gitt meir oppdrag til brønnbåtreiarane enn dei ville hatt om dei berre skulle drive med transport av levande fisk.Styresmaktene lokkar og med eigne utviklingskonsesjonar til dei som kjem med løysingar som reduserer eller fjernar lakseluseproblemet, noko som har utløyst nye investeringar.Lakselusa har og ført til eit nytt forvaltningsregime, der styresmaktene vil opne for vekst i område der lakselus- og fiskehelsesituasjonen tilseier at det er forsvarleg, medan den kan bli redusert der problema er for store.Pr. i dag ligg det an til at det blir opna for vekst i Nord-Noreg i haust, sa fiskeriminister Per Sandberg på Nordea-seminaret under Aqua Nor. Samla sett tilsvarar det ein produksjonsauke på 2,45 prosent på landsbasis. Konsesjonane blir lagt ut for sal, og kan gi 1,4 milliardar i inntekter, anslår han. 80 prosent av konsesjonsavgifta skal gå til kommunane.Lakselus er ei plage som kostar oppdrettarane dyrt, men som fordelingspolitisk tiltak er parasitten i alle fall vellukka. Og har professor Myrland rett vil oppdrettarane også ha råd til å bere kostnaden framover.
Publisert: 20.08.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59