Arctic Bioscience tomt Foto Ogne
TEIKN PÅ EIT KOMANDE SKIFTE?: Arctic Bioscience hadde klargjort tomt for utviding og fabrikk i Hovdebygda, men prisauke, uvisse og usikre leveringstider gjorde at selskapet sette investeringa på vent. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Rekrutteringsproblem for meir enn kvar fjerde bedrift

Rekrutteringsutfordringane har blitt større og større, men prisauke og uvisse kan bli eit vendepunkt.

22.05.2022

ANALYSE

4700 ledige stillingar. 900 fleire enn for eitt år sida. 1300 fleire enn før koronapandemien i 2020.

Dette er dei viktigaste tala for Møre og Romsdal i Bedriftsundersøkelsen 2022, som er NAV si nasjonale og regionale måling av temperaturen i næringslivet.

Akkurat no er det heitt.

27 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal svarer at dei ventar å ha fleire tilsette om eitt år enn dei har i dag. Berre ni prosent ventar vere fleire.

Ikkje sidan 2008 svarar ein større andel av bedriftene at dei vil auke arbeidsstokken.

Les Bedriftsundersøkelsen 2022 for Møre og Romsdal her

28 prosent av dei nesten 700 bedriftene i Møre og Romsdal som er med i undersøkjinga svarar at dei i løpet av ein tremånadersperiode ikkje har lukkast i å få tak i folk med den kompetansen bedriftene vil ha. I Vestland fylke svarar 29 prosent av bedriften at dei ikkje har lukkast med rekrutteringa.

I alt er det snakk om 4700 ledige stillingar i Møre og Romsdal , etter Nav si vurdering. Det er den høgaste mangelen på arbeidskraft dei siste 10 åra.

"Vi opplever det som utfordrende å skaffe arbeidsgivere den kompetansen de etterspør. NAV prioriterer derfor nå både å øke kompetansen til de som ikke har arbeid, samt at vi jobber med å inkludere personer med ulike utfordringer inn i arbeidsmarkedet", skriv NAV Møre og Romsdal i rapporten for fylket.

Då NETT NO-redaksjonen for valde tema for NETT NO-magasinet 2021 - som kom ut i fjor haust - meinte vi at rekruttering ville bli noko mange ville vere opptatt av etter at koronapandemien ebba ut.

Les magasinet her

Vi fekk meir rett enn vi trudde. Arbeidsløysa i april i år var nede i 1,7 prosent i Møre og Romsdal, og NAV ventar ytterlegare nedgang.

Konkurransen om folk har allereie slått ut på lønnsutviklinga.

- I alle fall 50.000 kroner opp, seier Bente Ranum, leiar for Nordvestlandskontoret til rekruttering- og bemanningsselskapet Randstad om kva arbeidstakarar rundt 30 år no får tilbod om i lønsauke for å skifte jobb.

Det er gode grunnar til lønsauken som Ranum fortel om. Møre og Romsdal og Nordfjord-regionen er ikkje åleine om å ha mange i arbeid og mange arbeidsplassar å tilby.

Slik er det over heile landet, og flaumen av arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa er ikkje like kraftig som før.

På kort sikt håpar NAV at situasjonen skal betrast ved at folk som har hatt vanskar med å kome inn i arbeidsmarknaden no får det lettare. Svara i spørjeundersøkjinga gir grunn til optimisme.

«Er det aktuelt å gi personer med tilretteleggingsbehov og/eller hull i CV-en
jobbmulighet i din virksomhet», spør NAV. Ja, svarar 41 prosent av bedriftene.

Korleis bedriftene svarar varierer etter bransje, med finans og bergverksdrift med lågast ja-prosent (14 prosent). Ja-prosenten varierer også etter region, og stig dess lenger nord du kjem. Bedriftene på Søre Sunnmøre er dei minst viljuge (ca 30 prosent) og nordmøringar dei mest positive (i overkant av Nordmørs-bedriftene 50 prosent svarar ja.)

Sjølv om NAV sine forventningar blir innfridd vil bedriftene framleis ha utfordringar med å rekruttere, og spesielt til jobbar der formell utdanning og erfaring er eit krav.

Det er rett og slett underskot på arbeidskraft, og ingen kjappe løysingar. Slik vil det vere så lenge det er full fart i næringslivet.

Mangel på folk er no blitt ein brems for bedriftene.

Med utviklinga i arbeidsmarknaden som målestokk har vi lagt koronapandemien bak oss. Fleire er i jobb og færre er ledige i dag enn før pandemien.

Men pandemien forstyrra forsyningslinene og gjorde transport dyrare. Russlands krig mot Ukraina har forsterka den utviklinga, og medverka til ein prisauke vi ikkje har sett på lenge.

Regjeringa vil også bremse offentleg pengebruk for å unngå å sette ytterlegare fart i økonomien når næringslivet allereie har nok å gjere.

Konsekvensen av dette gjenstå å sjå, men det er verdt å minne om at Arctic Bioscience tidlegare i år utsette byggeplanane for ny fabrikk i Ørsta. Det var kombinasjonen av prisauke og manglande informasjons om prisar og leveringstider som var årsaka.

Dermed er eitt byggeprosjekt, med det fører med seg av arbeid og inntekter, ute av marknaden.

Det kan bli fleire.

Det får følgjer når varer blir dyrare og leveringar usikre og offentlege investeringar blir utsett.

Kan hende arbeidsmarknaden vil vere på sitt heitaste i sommar, og kjølne utover hausten.

Publisert: 22.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 03.06.2022 08:25